Hjem > Artikkel

Ivar Schjølberg

Framlegg til vedtektsendringer

Foto: Bjørn Solli

Foto: Bjørn Solli

Ivar Schjølberg frå Vågå har sendt inn framlegg til endra vedtekter for FolkOrg. Her kan du lese forslaga - og samanlikne med dei noverande vedtektene. Forslaget frå Schjølberg inneber m.a. at styret går ned frå 7 til 5 personar, og at yrkesutøvarane ikkje skal ha ein spesiell stilling i styret.

VEDTEKTSFORSLAG FRÅ IVAR SCHJØLBERG

Namn: Folkemusikklaget? Norsk folkemusikkforbund? Noregs folkemusikklag?

Forslag til nye vedtekter:

§ 1
Folkemusikklaget er ein landsomfattande organisasjon. Han skal arbeide for å dyrke, styrke og fremje dei norske tradisjonane innan song, spel og dans.

§ 2
Dei som stør føremålet til organisasjonen, kan bli medlemmer.

§3
Medlemmene i organisasjonen står tilslutta gjennom lokale lag. Medlemskap kan teiknast sentralt der det ikkje finst lokallag. Organisasjonar og institusjonar kan også bli tekne opp som medlemmer. Der det ligg til rette, skal lokallaga organisere seg i områdelag.

§4
Medlemmene arbeider primært for føremålet i sine lokale lag, men også områdelaga og organisasjonen sentralt kan gjera tiltak som gagnar føremålet. Medlemmene kan også danne interessegrupper på tvers av organisasjonsstrukturen for i arbeide med spesialinteresser innan føremålet.

§ 5
Organisasjonen skal stå tilslutta Norsk musikkråd.

§ 6
Årsmøtet i Folkemusikklaget er det høgste organet i organisasjonen. Det skal haldast kvart år innan utgangen av april. Omframt årsmøte skal haldast når styret finn det nødvendig, eller når ein tredel av edlemslaga krev det. Reglane for slikt møte er som for vanleg årsmøte.

§ 7
Til å arbeide for føremålet vel årsmøtet eit styre. Styret skal arbeide med oppgåver i samsvar med lovene, føremål og årsmøtevedtak. Styret kan også tilsetje folk til å ta seg av ulike oppgåver, der ein av dei tilsette er kontorleiar. Styret godkjenner medlemskap, lover for lokallag og områdelag, førebur årsmøtesaker og tek avgjerd i alle saker som ikkje er tillagt årsmotet.

Styreleiaren teiknar organisasjonen. Styret kan delegere prokura. Styreleiaren, nestleiaren og kontorleiaren utgjer eit arbeidsutval. Styret er vedtaksført når 4 medlemmer eller varafolk er til stades. Styret fører vedtaksprotokoll. Kontorleiaren er sekretær for styret og arbeidsutvalet.

§ 8
Styret fastset tid og stad for årsmøtet og informerer om dette seinast 6 månader før årsmøtet finn stad. Innkalling og sakspapir skal sendast ut seinast 3 veker før møtet. Medlemmer eller lag som vil ha saker opp på årsmøtet, sender desse til styret innan utgangen av februar.

§ 9
Følgjande representantar utgjer årsmøtet:

  • lokale lag. Kvart lag har rett til ein utsending om laget har mindre enn 50 medlemmer, to
  • utsendingar opp til 100 medlemmer og tre utsendingar over 100 medlemmer.
  • områdelag, ein utsending kvar.
  • organisasjonar eller institusjonar, ein utsending kvar.
  • Styret og vararepresentant, om det er fråfall i styret.
  • Alle medlemmene og dei tilsette har talerett på årsmøtet.
  • Styret har ikkje stemmerett på handsaming av årsmelding, rekneskap og val av revisor.

§ 10
Årsmøtet handsamar

  • årsmelding
  • rekneskap
  • prinsipprogram og arbeidsprogram
  • budsjett
  • fastsetjing av medlemspengar
  • oppnemning av revisor
  • innkomne saker
  • val av tillitsfolk

Alle saker unnateke val følgjer kalenderåret. Årsmøtet fører vedtaksprotokoll.
 

§ 11
Val av tillitsfolk.

  • Årsmøtet vel eit styre på 5 personar. Styreleiaren blir vald for eitt år, dei andre i styret for to år, slik at to av styremedlemmene star på val kvart år. Styret vel nestleiaren.
  • Årsmøtet vel ei tilsynsnemnd på tre medlemmer. Tilsynsnemnda ser til at styrevedtaka ligg innafor lover, budsjett og arbeids- og prinsipprogram. Ho rapporterer til årsmøtet. Ein medlem er på val kvart år.
  • Årsmøtet vel ei valnemnd på tre personar, slik at ein i valnemnda er på val kvart år.

§ 12
Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for lagsføremålet. Heidersmedlem skal ha synleg prov på æra og gå fritt på alle tilstellingar skipa til av Folkemusikklaget.

§ 13
Årsmøtet kan endre lovene med to tredels fleirtal. Årsmøtet kan handsame berre saker som ligg føre i sakspapira.

§ 14
Eit årsmøte kan med to tredels fleirtal avgjera at laget skal leggjast ned. Det same årsmøtet avgjer korleis eventuelle eigedelar skal disponerast.

Desse forslaga til endringer vert ei eiga sak under årsmøtet i FolkOrg til helga. Her kan du lese vedtektene i FolkOrg slik dei er utforma i dag. I den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk kan du lese ein større orientering frå Ivar Schjølberg, der han skriv om bakgrunnen for dette framlegget.


 





  • Mange gode tankar, men.......
    Det er flott at Ivar Schølberg syner engasjement. Ein del av tankane er eg samd i, og støttar fullt ut Frode Rolandsgard sine kommentarar. Men elles har dei gjeldande vedtektene etter mi meining betre formuleringar i ein del av prargrafane enn det endringsframlegget som ligg føre. Det var no voldsomt å kome med framlegg om heilt nye vedtekter. Det burde vel vore nok med endringsframlegg på utvalde paragrafar. Eg for min del har flytta inn i "sakristiet" og passar på saueflokken, så nokon Oslo-tur på årsmøte var lite aktuelt for meg. Som lokallagsleiar skulle eg gjerne vore der, men vår utsending frå Fjelljom fekk det rådet å stemmme imot endringsframlegget sidan det nødvendigvis må takast opp i si heilskaplege form. Frå årsmøtet i Bergen minnest eg og forslagstillaren si steile haldniung til justering av teksten i sine framlegg, og dermed vert det nok svært vanskeleg å vinne fram. Men eg vonar at punkt som både føremålsparagrafen, styret sin storleik og yrkesutøvarane sin plass i styret kan kome opp som eigne endringsframlegg til seinare årsmøte, gjerne som gjennomdrøfta framlegg frå styret etter oppmoding frå årsmøtet. Vi kan arbeide godt etter vedtektene slik dei er, men det kan vere god indremedisisin med debatt og justeringar. Lukke til med årsmøtet!
    Med helsing frå sauebonden, spelemannen og dansaren på Sølvberg.



  • Debatt må til
    Eg syns det blir litt mykje å skulle endre alle vedtektene til FolkOrg i ein jafs. Det er mykje bra i dei eksisterande vedtektene.
    Men det er nokre område eg meiner vi bør diskutere vidare.

    FOR STORT STYRE?
    Er styret for stort, og bør vi gå inn for å redusere styret til 5 personar i staden for 7, slik Ivar Schjølberg gjer framlegg om? Signal eg har fått tyder på at det i dag er AU (leiar + to nestleiarar) som tek dei fleste avgjerda, og at styret kjem som ein sandpåstrøar i ettertid.

    I same slengen bør ein fjerne at styret har stemmerett på årsmøtet. Styret står ansvarleg ovanfor årsmøtet, og skal arbeide fram dei planane årsmøtet legg. Dei skal ikkje vera med å bestemme. No blir det om lag som om Regjeringa skulle hatt stemmerett på Stortinget. Dette er ein uting, og gjer at styret har stor stemmevekt t.d. i vedtektsendringar, val osv.

    UDEMOKRATISK?
    Eit kjernepunkt for Schjølberg har vore at det er udemokratisk at yrkesutøvarane har representantar i styret. Eg ser det ikkje heilt slik, fordi eg meiner det er mange organisasjonar med særrepresentasjon i sine organ. LO, Stortinget, dei fleste politiske parti m.v. er døme på demokratiske organ der ein ønskjer å ta omsyn til spesielle grupper ved å gje dei sterkare representasjon. Representasjonen er dessutan resultat av eit kompromiss mellom LfS og NFS då dei slo seg saman. Dette bør vi i utgangspunktet respektere.
    Likevel synest eg det blir vanskeleg å forsvare to yrkesutøvarrepresentantar i styret, særleg viss styret blir redusert til 5. Eg har prøvd å få yrkesutøvarar på banen med kvifor dei meiner det er viktig å vera direkte representert i styret. Til no har dette vore lite vellukka. Med mindre nokon snart tek bladet frå munnen og argumenterer godt for seg, stiller eg meg difor open for å diskutere om ein skal redusere til ein yrkesutøvar eller om ein berre skal søkje å få brei representasjon i styret.

    FOLKEMUSIKK I NOREG
    Eg synst det er pussig at FolkOrg i dag har eit føremål om å arbeide for (all) folkemusikk i Noreg, utan å ha noko klart mandat frå dei gruppene ein ønskjer å inkludere. Innvandrarmusikarane har eigne organisasjonar, slik som Samspill og Du store verden, og også den samiske musikken har sine organisasjonar. Då meiner eg det blir litt gale at FolkOrg seier at dei skal ta ansvar for denne musikken, særleg når alle som kan lesa ser at det FolkOrg i realiteten gjer, er å ta ansvar for den tradisjonelle norske folkemusikken og dansen. Eg meiner difor at det burde stå at vi skal arbeide for norsk folkemusikk- og dans, men gjerne også at vi har som føremål å samarbeide tett med andre tradisjonsmusikkmiljø i Noreg.

    INSTITUSJONAR:
    Det er elles veldig positivt at Ivar Schjølberg opnar for at institusjonar kan vera direkte medlem i FolkOrg. Dei eksisterande vedtektene legg opp til at institusjonane må organisere seg som faglag, og skal møte med felles stemme på årsmøtet. Dette er tungrodd og skapar ekstra byråkrati. Det er betre at dei få institusjonane vi har i Noreg som arbeider med folkemusikk- og dans får melde seg direkte inn.




(2) | Tips en venn | Skriv ut |