Hjem > Artikkel

Nytt blad

Framtidas folkemusikkblad – nytt namn?

Spelemannsbladet

Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg vil frå 2010 gje ut eit nytt folkemusikkblad og vurderar nytt namn.
Fire moglege namn er på blokka, og her kan du stemme over alternativa.

Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg vil frå 2010 gje ut eit nytt folkemusikkblad, på tuftene av Spelemannsbladet og Kvinten. Bladet vil koma ut fem gonger i året med eit gjennomsnittleg sidetal på ikring 60 sider i kvart nummer. Det redaksjonelle innhaldet og det grafiske uttrykket er under planlegging, men ein av tinga som står att er namnet på bladet.

Ein skiftar ikkje namn annakvart år, og eit namneskifte no betyr eit nytt namn for mange år fram over. Difor vil vi svært gjerne høyre di meining om namn på bladet! Under finn de fire ulike alternativ til namn på det nye bladet, men hugs: avstemminga er berre rådgjevande.
 

Folkemusikk
Rett og slett. Meir tydeleg kan ein ikkje seie det, og det kling godt.

Folk
Gjev tydelege assosiasjonar om eit folkekulturelt blad, ikkje berre for innvigde folkemusikarar, men òg utanlandske og andre.

Spelemann
Spelemann er ei vidareføring av det noverande Spelemannsbladet.

Spelemannsbladet
Det noverande namnet er godt innarbeidd, både i miljøet og overfor andre medieaktørar. Namnet er ei solid merkevare. Berre Spelemannsbladet er Spelemannsbladet.

 

Om du har andre framlegg til navn for framtidas blad kan du sende dei til spelemannsbladet@folkemusikk.no, eller legge inn framlegget i kommentarfeltet under.

 

NAMN PÅ FRAMTIDAS FOLKEMUSIKKBLAD
 Folkemusikk
 Folk
 Spelemann
 Spelemannsbladet

Posting




CATCHA - are you human?
(23) | Tips en venn | Skriv ut |