Hjem > Utøvarkatalog > Alle > Artikkel

Fugl

fugl

Produksjon med Agnes Buen Garnås og Ruth Wilhelmine Meyer
Agnes Buen Garnås og Ruth Wilhelmine Meyer byr på ei sanseleg forteljarstund i tekstilkunst, lydar, song og soge. Saman med tekstilkunstnaren Nina Thormodsæther Haugen har dei satt i scene dette programmet til Klangfuglfestivalen 2002 (Norges Kulturråds kunstprosjekt for barn i alder 0-3 år).
Agnes kved (syng) og fortel, Ruth Wilhelmine fortel, og lagar ulike stemningar med si instrumentelle bruk av stemma. Båe imiterer.

Kvedaren Agnes Buen Garnås har om lag 25 år konsert-, kurs- og seminarverksemd bak seg, samstundes som ho er ein av våre viktigaste læremeistrar innan kveding. (Sjå elles Agnes sitt eige oppslag i katalogen).

Ruth Wilhelmine Meyer er songar og songpedagog og arbeider mest med eksperimentelt stemmeutrykk. Ho held konsertar og kurs i inn- og utland.
Siste CD: Akku 2001, trio med etno-eksperimentell musikk basert på stemmetradisjonar frå Nordkalotten. Ho er også med på Agnes sin jubileumsplate i samband med 200års jubileet for M.B.Landstad.

| Tips en venn | Skriv ut |