-
Annbjørg Lien med nytt album og turné
onsdag 8.02 - 11:28 -
Fra De Mollstemte Skoger
onsdag 8.02 - 13:38 -
Fleire tusen ungdomar skal danse med Frikar
onsdag 8.02 - 10:26 -
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43
LANDSKAPPLEIKEN
Fureprisen til Ingebjørg Harman Bratland
- Dette er utruleg moro! Dei andre nominerte held eit svært høgt nivå, så det er ei stor ære å vinne denne prisen, seier Bratland.
![]() |
| Foto | Eivind Kaasin |
Den unge kvedaren frå Vinje har allereie merka seg ut med stemma si. Under NM i folkemusikk på Geilo i fjor vann ho vokal klassa A, og ho har også merka seg sterkt ut i den royale krets. No er ho klar for nye utfordringar, og er ikkje i tvil om kva prispengane skal gå til.
- Eg jobbar med ei ny plateutgjeving, og pengane skal brukast til å finansiere denne.
Som ein del av prisen får vinnaren også ein eigen konsert under bransjetreffet Folkelarm som går av stabelen 9. - 12. september på Riksscenen i Oslo.
I tillegg til hovedprisen på 50 000,- vart det også delt ut fleire pengepremiar på kvar 10 000,- til utøvarar i c-klassene. Desse premiane gjekk til: Marie Tveiten frå Seljord (hardingfele), Sjur Borge frå Gol (durspel) og Hans P. Kjorstad frå Harpefoss (fele).
Om Fureprisen
Fureprisen går til ein deltakar på Landskappleiken under 25 år uansett klasse , og er på 50 000,-. Prisen er gjeven av Furestiftinga, ei stifting etter forretningsmannen Knut Fure og kona. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk. Prisane skal delast ut på Landskappleiken også dei fire neste åra.
Finalistane til Fureprisen
| Marie Tveiten |
![]() |
| Sivert Holmen |
![]() |
| Margit Myhr |
![]() |
| Jørgen Nyrønning |
![]() |













