-
Til lukke med nasjonaldagen!
torsdag 17.05 - 08:49 -
Snart klart for Folkemusikkveka i Ål
onsdag 16.05 - 12:03 -
Bjarne Øverbø er med
onsdag 16.05 - 10:20 -
Påmeldingsfristen til Landskappleiken er utsett til 20.mai!
mandag 14.05 - 15:08 -
Festkonsert for Sven Nyhus
torsdag 3.05 - 10:30
Gamaltnymalt
Gamaltnymalt tilhøyrer den kommersielle motvekta til den såkalte ”Bergensbølgja” i norsk musikk. Trioen øver på Arne Bjørndal Samling i Bergen, eit steinkast frå den mørke rock-klubben Garage.
Mørkt, rått og mystisk er ord ein også kan bruke om denne sjeldne trioen sin musikk. Tre framståande instrumentalistar fører hardingfelemusikken over i ein ny dimensjon.
Det kling kraftig frå deira fem-strengs hardingfeler. I seg sjølv ein unik tilvekst i instrumenhistoria for hardingfela i Norge.
Trioen brukar lang tid på å kle tradisjonelle slåttar og komposisjonar med dei rette fargane. På leit etter klangane som ventar ein stad mellom understrengjer og overstrengjer fører trioen slåttane inn i eit forsterka landskap. Dei løftar tradisjonane for instrumentet som individualistisk framføringsmedium (solo-spel) inn i noko heilt nytt. Sterk stryketrio-musikk oppstår.
Diskografi
GamaltNymalt (NORCD, 2005) (Spelemannsprisen 2006)









