Kursa gjev nærleik mellom utøvar og publikum. Det internasjonale gjev ei fin spaning til det lokale. Men kvar er kvinnene?

Det går trått med minibussen dei siste bakkane opp til Raulandsakademiet. Og den første kvelden er det så vidt eg ikkje endar opp i eit sushilag. Det er tomt i fellesområda, og dei to eg møter, veit ikkje om nokon festival. Ei dame peikar i retning eitt av husa i tunet. Opplegget er nok der nede, seier ho sikkert.

Det er der eg får middagsinvitasjonen — gjestfridomen er det ikkje noko å seia på — men eg får også forklart det som står i lita skrift: at kaffibaren slett ikkje er på akademiet, men i Rauland sentrum. Opp bakken, til høgre inn på gangvegen, til venstre forbi ein bensinstasjon, «og så er du framme, hugs refleks!».

Det er ein vakker kveld, og turen til kaffibaren i stille snølandskap og grå himmel er i seg sjølv ei oppleving. Likeins stemninga i baren der folk openbart kjenner kvarandre, somme har køyrt langt for å møtast. Det er få kjende andlet, men likevel enkelt å setja seg ned.

Liv og lære

Han kan synast noko intern, festivalen som starta i 2008, etter at nokre av lærarane – Bodil Akselvoll, Ånon Egeland og Frode Nyvold – drodla fram ideen på heimveg frå den årlege studieturen til Ungarn.
– Me ville laga ein festival som omhandla både folkemusikk og folkekunst, med internasjonal profil, alt i tråd med korleis studiet her er bygd opp, seier Akselvoll, som også leiar institutt for folkekultur ved Høgskolen i Telemark.

Og vert ein først fanga, vil ein gjerne attende. På veg til festivalen sit eg ved sida av ein turist som har kome hit frå England år etter år. Når eg sidan møter henne i kantina, blir ho den perfekte guide, og peikar ut ein etter ein: kven dei er, og kva dei er gode på.

Kantina er viktig som sosialt dreiepunkt for festivalen. Men studentane er sjølve navet. Festivalen byggjer på prinsippet om samanhengen mellom liv og lære: Her er fleire kurs enn konsertar, noko som gjer festivalen unik for underteikna, det er lenge sidan eg har komme så tett innpå og bakpå i folkemusikken.

«Kursa gjev også ein nærleik mellom utøvar og publikum»

Forsterking av rytmen

– Sjølv om fingrane tek eit dobbelgrep, er det ikkje sikkert at ein spelar det. Det ligg der meir som ein klang i fela, seier Siri Dyvik.

Kring henne sit sju–åtte studentar og vaksne og lærer. Diskusjonen går i valsetypar. Korleis dei trampar til nett denne danseforma, og om andre særpreg i hardangertradisjonen, til dømes er han lite ornamentert. Dyvik instruerer deltakarane i ein litt luftig bogebruk, her trengst ikkje dobbeltstrøk heile tida, det er vel så mykje einstrengsspel.

– Og så må ein ikkje øydeleggja danserytmen med ornamenteringa, det er heller slik at ornamenteringa er ei forsterking av rytmen.

At kurshaldarar og utøvarar på konsertane er dei same, er eit viktig trekk ved festivalen. Lærarkollegiet fungerer kollektivt som kunstnarleg leiing, og malen er slik: Ein ynskjer å henta fram tidlegare studentar, «for at dei ikkje skal gløyma Rauland, og for at me ikkje skal gløyma dei», som Akselvoll seier.

I tillegg skal det vera internasjonalt. Høgskolen i Telemark har samarbeid med både nordiske, baltiske og austeuropeiske institusjonar. Nytt av året er samarbeidet med Irland og Skottland, noko som også viser att i festivalen.

Felekurs med Siri Dyvik

«No høyrest me ut som gretne gamle gubbar»

Gretne gubbar?

Det er den irske trioen CRAN nøgd med. Sjølve høvet til å turnera vert eit stadig meir skatta privilegium, seier dei, i eit musikkfelt som er i vekst, men som like mykje er utfordra.

– Den irske musikken har blitt eit produkt som tiltrekkjer seg forretningsfolk, og med dei kjem forenkling og utvatning av uttrykket. Det kjennest paradoksalt sidan musikken tilhøyrer folket, og ikkje er korkje einsretta eller glatt, seier Ronan Browne.
– Og dels på grunn av denne kommersielle suksessen har turnétilboda vorte færre, det er mange musikarar, også internasjonalt, som har teke opp den irske tradisjonen og beherskar han sjølve.

– Men no høyrest me ut som gretne gamle gubbar, seier kollega Sean Corcoran.

Han vil attende til det kurset som er grunntone i festivalen.

– Det er ikkje så ofte at festivalane har kurs, men det er essensielt, synest eg. Kurset er ei forlenging av å sitja kring eit kaffibord og snakka saman. Publikum får komma djupare inn i materialet, og kan kjenna seg meir att i konserten, seier han.

Dagens dont er ei historieforteljing med grove hopp frå utvekslingar mellom det norske og det irske folket i vikingtida, fram til dagens arbeidssituasjon i Irland. Dessutan har dei lært kursdeltakarane ei irsk omsetjing av den skotsk-gaeliske songen «Hé Mantú». Resultatet finn du på YouTube.

– Det er kjekt å læra vekk når studentane held høg kvalitet, seier Browne. Han fortel at dei ved høve som dette uansett forsøker å finna «enkle» songar, slike som har ein forsongar og eit refreng, ein fast rytme og som gjer det logisk at mange syng i lag.

Frå kurset i irsk song

Kvar er kvinnene?

Medan me lærer «Hé Mantú», møter eg Jenny Halmkvist og Elin Moberg. Som høvesvis noverande og tidlegare student ved høgskulen representerer dei kjernebrukargruppa — etter journalistens augnemål. Dei trur festivalen er svært viktig nettopp for studentane.

– For dei av studentane som gjerne vil halda på med musikk, er det viktig å treffa nokon som har det som levebrød, og sjå kva det profesjonelle livet kan innebera, seier Halmkvist.

– Kursa gjev også ein nærleik mellom utøvar og publikum, noko som er viktig ettersom folkemusikkmiljøet blir stadig meir profesjonalisert, seier Moberg. – Nærleiken påverkar korleis ein lyttar.

Når eg bed dei trekkja fram noko særskilt frå festivalen, ser dei attende til det første året, då Five Men in a Boat hadde songkurs i grotta: akustikken, dei franske melodiane, akkordbygginga.
– Alt gjorde slikt eit inntrykk, og under konserten song dei som hadde vore på kurset, med på songane. Det er eit fantastisk minne, melodiane hugsar eg framleis, seier Moberg.

Dette året har konserten med Mjelva og Rydvall vore eit høgdepunkt. Timing, dynamikk og verbal kommunikasjon er stikkord dei drar fram.

Men ein ting ynskjer dei annleis neste år:

– Det burde vera fleire kvinnelege artistar, seier Halmkvist. – Programmet her er ikkje akkurat balansert, og det er synd, synest eg. Det sender nokre signal til studentane, som her i stor grad er kvinner. Det triste er at ingen reagerer heller, for det er så normalt. Men dette bør ein tenka på, understrekar ho.

«Det burde vera fleire kvinnelege artistar»

Vinterkappleik
Startliste, kappleik

Den andre verda

Kva så med handverksdelen av kurset? Det blir opplevd litt pussig at kursdeltakarane lever så isolerte liv — når kursa på papiret er plasserte så tett under eitt.

Halmkvist og Moberg trur at den einaste måten å opna for større smitte mellom dei to felta er å korta kursa ned.

– Eg trur ikkje du vil sjå nokon musikar på handverkskursa så lenge ein må binda seg til å delta der i tre dagar. Då er dette det einaste ein får med seg, seier Halmkvist.

Karin Lund har reist frå Stockholm for å delta på strikkeseminar, og får ikkje med seg så mykje av det som elles føregår. Men for henne er det heller ikkje poenget.

– Eg arbeider på ein skule med handverk som fag, og møter stort sett likesinna her på kurset. Me er ein skikkeleg nerdete gjeng, som verkeleg vil fordjupa oss i emnet. For meg er dette, som kurset òg heiter, ei draumehelg, seier Lund.
– Skulle eg ønskt meg noko annleis, var det heller litt meir praktisk informasjon. Eg som er her for første gong, har fleire gonger vore litt i villreie om det grunnleggjande — kvar skal eg, kva tid er det mat, slike ting, seier ho.

Musikken er flyktig

Denne innvendinga forstår Bodil Akselvoll.

– Me kan bli betre til å planlegga! Festivalen er eit overskotsfenomen, basert på frivillig innsats frå lærarkollegium og studentar, spelemannslaget Falkeriset og andre eldsjeler, som til dømes Richard Burgess. Han er ein som drar ting i gang og har vore her i mange år. Eg trur det er opp mot 50 menneske som bidrar.

Når det gjeld kursa, er ho ikkje sikker på om dei skal trø nærare kvarandre.

– Musikken er flyktig, og ein får oppleva og læra noko konkret i løpet av to timar. Det er ikkje tilfellet med handverket — der treng ein tida, seier ho.

– Me leika eit år med ideen om ein snøfestival på tunet, der ein kunne tenkt forming saman med musikken. Det vart for dyrt. Men kanskje får me det til eit anna år?

Ung kappleiksdeltakar i svevet
Durspel

Forteljargåva

Det siste eg opplever før retur, er Hallvard Bjørgum si forteljargåve. Salen humrar seg gjennom lanseringa av Førnesbrunen Vol. 2, der historier om det dramatiske livet til Jørgen Tjønnstaul er utgangspunktet. Her finst humor og motgang, tap av familie, hardt arbeid, eit hus som brenn — di verre lagnad, di varmare og meir leiken blir replikken.

Så er det tid for biltur på glatta ned bakkane som knapt er brøytt, det er kvardag for innbyggjarane i Rauland og framandkost for mange av oss andre. Men så, kort etter Vinje og austover er me attende i normalen: i regnet.

Kjem eg igjen til festivalen? Ja, gjerne. Men fortrinnsvis om kvinnene får større plass!