-
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10 -
Hallingdans på elefantryggen
fredag 18.05 - 10:23
Granli, Jan Beitohaugen
Jan Beitohaugen Granli er ein populær og mykje nytta dansespelemann, både på festar og kappleikar. Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder har vore Trygve Bolstad, Tore Bolstad, Magnus Dahleng, Harald Røine og Olav Jørgen Hegge. Han har studert folkemusikk ved Høgskolen i Telemark, og tatt spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Spelemanns- og kvedarskulen ved denne institusjonen danna gruppa Helekins følgje (2002 – 2004). Han er kvalifisert for eliteklassa i hardingfele, klasse A, på Landskappleiken, og har vunne denne tre gonger. I 2004 fekk han og Kongepokalen for prestasjonen. Han har vunne Fanitulltevlinga på Den Norske Folkemusikkveka på Ål to gonger. I 2005 hadde han showcasekonsert under Folkelarm. No jobbar han som frilans musikar og lærar i musikkskulen i Valdres.
Diskografi
Lite nemmar (Ta:lik, 2003)
Priser
Nominert til spellemannpris for plata Lite nemmar (2003)
Musikkvideoen Kristofferrengja blei kåra til årets beste kortfilm under Zoomin festivalen (2003)
Øyvind Berghs minnepris (2005)
Røinebogen (2006)
Presse/Kringkasting
Folkemusikktimen på NRK P2
Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling









