Hardingfelespel på ambassadørnivå.

Gro Marie Svidal: Eilov
  • Lærdal Musikkproduksjon, 2016
  • 16 spor, 45 minutt
  • Produsentar: Therese Birkelund Ulvo & Klas Anders Haglund

Vårt nasjonalinstrument burde til ei kvar tid ha ein offisiell ambassadør til å representere instrumentet, norsk folkemusikk og slåttespel – heime og ute. Dette burde vera ei heidersstilling til ein person som kan spela glitrande og lytefritt, og elles vera representativ i eitt og alt, både ved større og mindre markeringar der norsk tone og særpreg kan setja farge på aktivitetane.

Det er særleg bruk for ein spjutspiss for norsk folkemusikk internasjonalt, ein øyre- og augevekkjar ved ymse konsertar, konferansar, kunstutstillingar, marknadsframstøyt som industri- og reiselivs- og gastronomimesser, forskingstreff, jubileum, statsbesøk osv.

Ei slik verdiskapande «utnemning» måtte hengje høgt, og betalast som ein framståande kunstnar eller som ein halvpasseleg fotballspelar. Virkeperioden ville måtte vera minst tre eller fem år. Tittelen kan vera «norsk riksspelemann» eller «Norwegian Royal Fiddler» – eller noko liknande.

Skulle ei slik ordning bli aktuell, ville Gro Marie Svidal vera ein av dei fremste kandidatane.

Dette er tankar som slær inn i meg når eg høyrer på hennar nye CD.

Tittelen på plata er Eilov. Eg trudde fyrst det var ei munnleg jølstraform for «I love». Men Eilov er eit gamalt nordisk namn nytta både om gut og jente. Tydinga er «eineståande» og «etterkomar» eller «arving».

Her står Gro Marie Svidal fram, mo blett åleine, med ei skinande samling hardingfeleslåttar ho har arva og finslipt, med uttrykt vyrdnad og takksemd til kjeldene sine.

Er framføringane  for «snille» og for «perfekte?» Blir det heile litt «glatt?» Kanskje, men spelet er gullande reint, variert og vakkert – musikk som truleg er «forståeleg» same kvar enn i verda han blir framført.

Dette er lytefritt representasjonsspel på høgt nivå, og med bruk av ei fele som er så skir at ho blenkjer over heile registeret.

Repertoaret er sikre klassikarar som «Gjelsviken», «Håstadbøen», «Bjølleslåtten» og «Storeslåtten», men òg ein spanande og rytmisk svevande «Jølstring», eit par spreke Eikås-slåttar, lyriske innslag som «Folketone» og «Stillelåt», og ikkje minst ei særs uttrykksfull framføring av «Sumarkveld i Jotunheimen».

Plata er delikat og originalt utstyrt. Omslag og hefte gjev klar meirverdi samanlikna med strøyming frå nettet. Laup og kaup!

Det einaste eg kan innvende mot dette produktet, er den bittevesle skrifta og val av font og farge som er nytta i tekstheftet. Det er så smått at folk må bruke aukeglas. Sjølv måtte eg kjøpe nye brillu til over 12. 000 kr., så dette er den dyraste plata eg no har i heile huset.