Silje Onstad Hålien tek eit oppgjer med halling-hatten i den fyrste soloframsyninga si som dansar.

I oktober har framsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr» premiere på Riksscenen. Det blir fyrste gong folkedansaren frå Valdres står heilt aleine på ei dansescene.

– Eg gler meg veldig til å gå inn i dette, seier Onstad Hålien til Folkemusikk.

– Eg har gått og bore på ei soloframsyning nokså lenge – men det er fyrst nå eg set henne ut i livet.

Dansaren og koreografen skal samarbeide med den svenske dramaturgen og regissøren Susanne Marko om framsyninga.

– I tillegg skal eg ha med meg musikaren Anders Löfberg, som kjem til å spela på cello, på ulike feler og jobbe perkussivt, men det blir altså meg som einaste dansar.

– Litt skummelt?

– Det er både sårbart og skummelt, og veldig spennande, seier Onstad Hålien.

Silje Onstad Hålien tek på seg hattane sine i soloframsyninga «101 hattar å sparke før eg døyr». Foto: Ingvil Skeie Ljones

Rösten kvävs i klänningen. Hennes ögon
följer gladiatorn. Och sedan står hon
på arenan själv. Är hon fri? En guldram
gastkramar tavlan.

Den svenske nobelprisvinnaren Tomas Tranströmers ord dannar utgangspunktet for framsyninga til Silje Onstad Hålien. Dette diktet, og ein gamal kjepphest – eller kjepphatt.

– Litt av bakgrunnen for både tittelen og sjølve framsyninga er at da eg byrja som hallingdansar, var det så veldig mykje krav om og forventningar til hattespark. Den aller fyrste gongen eg skulle lære halling, gjekk læraren i veg og henta hatten det fyrste han gjorde. Eg spurde: «Men kva med denne turen, eller denne?» Svaret var at eg godt kunne varme opp med dei turane, men det var hattesparket som var det viktige!

Men nett som hatten i hallingen berre er ein del av dansen, er hattane berre ein del av framsyninga til Silje Onstad Hålien. Framsyninga handlar om ei kvinne og hennar relasjon til seg sjølv. Kven er ho? Moder jord? Hore? Skugge? Madonna? Hysterika? Orm? Forførarinne? Lolita? Bitch? Kor mange hattar forsøker ho å bera før ho ikkje maktar meir? Kor mange roller, kor mange hattar må ho prøve, undersøke, leva opp til, sparke ned innan ho veit kven ho er og kan akseptere alle sine sider og lyster?

– Eg fekk eit bilete for meg av dei forventningsfulle hattane som kanskje aldri blir sparka ned. Så gjekk tankane vidare til det å ha for mange hattar på seg – ha for mange roller samtidig – det kan bli vanskeleg å skilja, seier Onstad Hålien.

«Den aller fyrste gongen eg skulle lære halling, gjekk læraren i veg og henta hatten det fyrste han gjorde.»

Silje Onstad Hålien

Men ved å kle seg i dei ulike hattane kan ein også utfordre seg sjølv, og ikkje minst få vist andre sider av seg sjølv.

– Eg har jobba som dansar i sju år no, og opplever at det ofte blir slik at ein viser eit visst spekter av seg sjølv og sine sider. For min del endar eg gjerne opp med å gestalte/tolke det kraftfulle, intense, energiske i mange roller.

Også dette landskapet – inspirert av psykiateren Jungs arketypar – ønskjer Onstad Hålien å utforske i den nye framsyninga.

– I denne framsyninga ynskjer eg å utvide spekteret og gå inn i nye og ukjente rom – heile tida med folkemusikken og folkedansen som rammer, seier Onstad Hålien, som eigentleg er utdanna moderne dansar.

– Så eg har med meg det spekteret også. Men alt eg gjer, er veldig prega av folkemusikken og -dansen, avsluttar ho.

«101 hattar å sparke før eg døyr» har premiere på Riksscenen 30. oktober.