Gunnlaug Lien Myhr har samla seks hundre songar frå Hallingdal mellom to permar.

Det er snart to veker sidan Gunnlaug Lien Myhr lanserte livsverket sitt «Folkesong i Hallingdal» på Fryd scene på Ål. Imponerande 600 lokale folketonar frå dei seks kommunane i Hallingdal har Gunnlaug leita fram frå arkiv, kjelder og det som kunne ha vore gløymselen.

Mange årsverk er lagt ned i arbeidet, som for det meste har vorte utført på idealistisk basis. Me tok ein prat med Lien Myhr om det storslegne prosjektet hennar.

– Kva har vore motivasjonen din?

– Motivasjonen min har vore å lyfta fram folkesongtradisjonen i Hallingdal og å gjera den lettare tilgjengeleg. Då eg starta som kvedar i tenåra, var det mykje enklare å læra seg ein felelått og å dansa springar enn å læra seg ein folkesong. Det er difor viktig for meg å få kunnskapen om songmaterialet ut til lokalmiljøet, slik at det ikkje berre ligg nedstøva i mine eigne arkiv.

Gunnlaug har også registrert at det er ei auka interesse for folkesong i Hallingdal, noko som ho ser på som veldig gledeleg.

– Korleis har responsen vore?

– Responsen har vore bra. Det har vore mange som viser interesse for boka, både lokalt og frå andre kantar av landet.

– Etter store prosjekt kan det vera vanleg å kjenna seg litt tom. Til dømes så får eg som oftast ein mild form for depresjon når eg er ferdig med store eksamenar. Korleis har det vore med deg etter at du vart ferdig?

– Jo, hehe, det er greitt å vera ferdig. Det har vore eit stort arbeid! Når eg var midt i det, var eg veldig tent og synest det var kjempemoro. Men det er jo alltid ei eiga tilfredstillelse å fullføra. Og eg håpar verkeleg det kjem til nytte!

Gunnlaug Lien Myhr har nett gjeve ut ei bok med 600 folkesongar frå Hallingdal. Boka vart sleppt på Fryd Scene i Ål 3. september. (Foto: Torunn Akersveen Lied, Hallingdølen)

– Har du nokre nye prosjekt på gang?

– Eg har lyst å bruka tid på å formidla songane frå boka. Presentera stoffet gjennom kursverksemd og konsertføredrag – få det i bruk!

­– Kvar får ein kjøpt boka?

– Boka kan du førebels kjøpa i bokhandlane i Hallingdal, gjennom avisa Hallingdølen, på Ole Bull Akademiet og ved direkte kontakt med meg.

«Då eg starta som kvedar i tenåra, var det mykje enklare å læra seg ein felelått og å dansa springar enn å læra seg ein folkesong.»

Gunnlaug Lien Myhr
Ulf-Arne Johannessen ser ikkje bort ifrå at det kan bli «Folkesong i Hallingdal minutt for minutt» på Folkemusikkveka i Ål 2016. (Foto: Byron Wiley, Nordic Fiddles and Feet)

– Dei siste åra har sakte-tv verkeleg slått an. Til dømes har salmeboka vorte sunge frå perm til perm. Kan det vera aktuelt med «Folkesong i Hallingdal minutt for minutt», gjerne som eit samarbeid med Folkemusikkveka?

– Hehe, ja, det ville i så fall ha teke mange dagar. Eg er nok litt redd for at det ville ha vorte ein for stor dose for alle, iallfall for meg sjølv dersom det var eg som skulle framføra alle songane sjølv.

Me tok like godt spørsmålet vidare til festivalsjef for Folkemusikkveka, Ulf Arne Johannessen. Han viser seg å vera ein mann med sans for sakte-tv og salmar.

– «Folkesong i Hallingdal minutt for minutt» – det må jo vera midt i blinken for Folkemusikkveka i Ål?

– Ja, dette er ein glimrande idè! Eg sat jo sjølv og koste meg framfor tv-en då dei song gjennom salmeboka, og det hadde vore stas om me hadde klart å gjera noko liknande med denne boka, seier festivalsjefen.