-
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10 -
Hallingdans på elefantryggen
fredag 18.05 - 10:23
Handlingsplan 2011 - 2015
Verdigrunnlag
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg står for eit mangfald av ulike sjangrar og lokale variantar. Desse har fått si form gjennom langvarig bruk og utgjer fullverdig kunst i sin eigen rett. Ei styrking, synleggjering og formidling av dei levande folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sentralt i FolkOrg sitt arbeid, men organisasjonen skal i tillegg fremje utvikling og nyskaping på tradisjonelt grunnlag.
FolkOrg vil sikre best moglege vilkår for lag, utøvarar og arrangørar. Dette er med på å sikre høgt kunstnarleg nivå, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane på området.
Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikkglede, danseglede, og framstå som ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon.
FolkOrg skal fremje føremålet og verdigrunnlaget sitt gjennom:
- kulturpolitisk arbeid
- informasjon
- arenautvikling
- arrangørutvikling
- lagsutvikling
- utøvarutvikling
- kompetansebygging og opplæring
- organisasjonsutvikling
Kulturpolitisk arbeid
FolkOrg skal ivareta og styrke medlemmane og aktørane sine interesser og rettar på feltet, og styrke folkemusikken og folkedansen sin plass i samfunnet.
- Samstemt! sine fire-års mål er oppnådd
- Arrangørstøtta hjå Norsk kulturråd er på 30 mill
- Musikarstøtta hjå Norsk kulturråd er på 20 mill
- KOMP, tilskotordninga for opplæringsmidlar, er auka til 6 mill
- Folkemusikk og -dans er synleg og anerkjend på kulturfeltet og i samfunnet elles
- Folkedansen har dei same vilkåra og status som folkemusikken.
- Støtta til opplæringstiltak innan folkemusikk og -dans er auka
- Støtta til sceniske framsyningar med folkemusikk og -dans som basis er auka
- Folkemusikkfeltet får kompensasjon for bruk av ikkje-verna, tradisjonell folkemusikk
- FolkOrg har etablert eit breitt nettverk av internasjonale samarbeidspartnarar, og er aktiv i det internasjonale arbeidet for folkemusikk- og dans
- Kulturskulane og Den Kulturelle Skulesekken i heile landet har tilbod innan folkemusikk og folkedans.
- Sette agenda og delta i det offentlege ordskiftet, og sette søkelys på aktuelle saker for sjangeren
- Stø opp om arbeidet innan forsking, arkiv og utdanning
- Samarbeide aktivt med andre aktørar og organisasjonar innanfor sjangeren, og på musikk-, danse- og kulturfeltet generelt
- Vere ein aktiv høringsinstans for aktuelle saker innan folkemusikk og -dans
- Starte arbeidet med utgreiing om opphavsrett for folkemusikken
- Følgje opp arbeidet med statusrapporten for folkedans, i samarbeid med Rff og NU
- Arbeide aktivt mot mellom anna departement og Norsk kulturskoleråd for å få folkemusikk og folkedans inn i kulturskulane og Den Kulturelle Skolesekken.
- Arbeida for å få stipend og prisar til folkedansen.
FolkOrg skal spreie kunnskap om og forståing for folkemusikken og folkedansen i Noreg, og arbeide for å auke omtale og bruk av folkemusikk og folkedans nasjonalt og internasjonalt.
- Organisasjonens informasjonskanalar og prosjekt er evaluert og tilpassa utviklinga innan informasjonsteknologi og tendensar og behov hjå brukarane
- Nettportalen www.folkemusikk.no sin posisjon som den viktigaste staden for informasjon om folkemusikk og -dans i Noreg er styrka, og talet på lesarar er auka til 5000 daglege brukarar
- Nettportalen www.folkmusic.no er den viktigaste engelskspråklege kjelda til informasjon om folkemusikk og -dans i Noreg, og talet på lesarar er auka med 60 %
- Organisasjonen har eit heilskapleg og historisk oversyn over aktivitet, aktørar, utøvarar og utgjevingar på feltet
- Bladet Folkemusikk er det leiande tidsskriftet innan folkemusikk og –dans i Noreg, og talet på abonnentar er auka til 2500
- Talet på abonnentar av bladet Folkemusikk frå nordiske land er auka med 50 %
- Talet på abonnentar av årbok for norsk folkemusikk er 500, og boka vert kjøpt inn på innkjøpsordninga
- Bladet Folkemusikk er evaluert
- Utføre ei brukarundersøking for bladet Folkemusikk, www.folkemusikk.no og Årboka
- Marknadsføre og profilere bladet Folkemusikk, folkemusikk.no og folkmusic.no nasjonalt og internasjonalt
- Starte arbeidet med å revidere utøvarkatalogen og etablere ein biografibase med sentrale nolevande og døde utøvarar innan folkemusikk og -dans
- Starte arbeidet med å digitalisere og formidle lagshistoria til LfS og NFD
- Arbeide for at Årbok for norsk folkemusikk har eit breitt geografisk fokus.
- Landskappleiken og Landsfestivalen som tevling og arenaer er evaluert, slik at arrangementa og tevlingsforma er tilpassa utviklinga innan sjangeren og samtida
- Organisasjonen har kompetente arrangørar og drifta av arrangementa er godt innarbeidd
- Arrangementa er tilrettelagt for publikum og deltakarar og i alle aldersgrupper
- Arrangementa er attraktive og trekker til seg nytt publikum også utanfor sjangeren
- Landskappleiken sin posisjon som folkemusikken og -dansens hovudarena er styrka
- Talet på selde billettar på Landskappleiken er auka med 20 %
- Landsfestivalen i Gammaldansmusikk sin posisjon som hovudarena for runddansmusikk i Noreg er styrka
- Talet på selde billettar på Landsfestivalen er auka med 30 %
- Talet på lokal- og fylkeskappleikar andre lokale framføringsarenaer er auka
- Talet på arenaer og møteplassar for samværsdans i heile landet er auka
- Bransjetreffet Folkelarm er den leiande faglege møteplassen for bransjen innan folkemusikk og –dans i Norden, og samlar eit breitt utval delegatar frå heile musikkbransjen
- Folkelarm er den viktigaste eksportarenaen for norsk folkemusikk, og ein døropnar for oppdrag i utlandet
- Folkelarm er grundig evaluert i høve eigarskap, og arrangementet er tilpassa utviklinga innan musikkbransjen, og behov og ynskje frå utøvarar og arrangørar
- Folkelarmprisen er ei etablert og kjend prisutdeling på kulturfeltet
- Starte arbeidet med å etablere ein felles medie- og marknadsføringsplan for organisasjon sine arrangement og prosjekt
- Revidere og vidareutvikle arrangørhandboka for Landsfestivalen og Landsfestivalen
- Starte arbeidet med å utarbeide ei arrangørhandbok / rettleiing for arrangering av lokale kappleikar
- Vidareutvikle og betre kappleiksprogrammet til FolkOrg, slik at det vert brukarvenleg for arrangørar og utøvarar
- Oppfordre arrangørar til å legge til rette for samværsdans for alle aldrar.
- Rekruttere nye delegatar til Folkelarm
- Arbeide for å styrke prisen Årets folkemusikar, og få pengar inn i prisen.
- Legge til rette for scenisk folkedans gjennom eksisterande arrangement som Folkelarm.
FolkOrg skal stimulere til arrangering av konsertar og dans med folkemusikk og arbeide for at arrangørane har gode rammevilkår.
Langsiktige mål (4 år)
- Arrangørar er kjend med og oppdatert på aktuelle tilskotsordningar og faglege saker
- Talet på folkemusikkonsertar og dansearrangement er auka landet rundt
- Talet på søkarar frå folkemusikkfeltet på arrangørstøtteordninga har auka, og løyvingane til folkemusikkarrangørar er auka med 100 %
- Folkemusikk og -dans blir presentert på fleire, nye og eksisterande arenaer
- Kartlegge arrangørane innan folkemusikk og -dans, og bidra til å etablere nettverk av lokale scener
- Rådgjeving og kursing av arrangørar
- Dele ut prisen ”Årets folkemusikkarrangør”
FolkOrg skal stimulere til aktivitet i laga og arbeide for at lag og tradisjonsoverføring har gode rammevilkår.
Langsiktige mål (4 år)
- Alle lokal- og områdelag er kjend med og oppdatert på aktuelle tilskotsordningar og faglege saker
- Talet på søkarar frå folkemusikkfeltet til aktuelle tilskotsordningar er auka og løyvingar til folkemusikkfeltet frå tilskotsordningane er auka med 25 %
- Lokal- og områdelaga i organisasjonen har eigne heimesider
- Det gode arbeidet til laga i organisasjonen er gjort synleg
- Talet på kulturskular og lokallag som samarbeider om opplæring i folkemusikk og –dans er auka
- Kommunikasjonsflyten mellom FolkOrg, områdelag og lokallag er god
- Lokallaga har gode møteplassar for tradisjonsoverføring
- Rådgjeving og kursing av laga
- Starte arbeidet med å utarbeide ei søkarhandbok for laga
- Starte arbeidet med å utarbeide ei rettleiing for samarbeidsmodellar mellom kulturskule og lokale lag
- Gje tilbod om, og opprette heimesider for laga
- Utarbeide rutiner som sikrar jamn kontakt og dialog med lokal- og områdelaga
- Dele ut prisen ”Årets lokallag”
FolkOrg skal stimulere til aktivitet og arbeide for at utøvarane har gode rammevilkår.
Langsiktige mål (4 år)
- Utøvarar innan folkemusikk og –dans er kjend med og oppdatert på aktuelle tilskotsordningar og faglege saker
- Utøvarar folkemusikk og –dans er kjend med relevante aktørar og samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt
- Organisasjonen har eit breitt kontaktnettverk av relevant bransjeaktørar nasjonalt og internasjonalt, som kjem utøvarane til gode
- Lanseringsprogrammet Intro-folk er attraktivt for unge utøvarar og talet på påmeldte artistar er auka med 100 %
- Rådgjeving og kursing av utøvarar
- Starte arbeidet med å utarbeide ei database over arrangørar og andre relevante aktørar i Noreg og Europa
- Delta på internasjonale bransjetreff og vere til stades på relevante nasjonale arrangement
- Arbeide for å etablere eit lanseringsprogram for utvalde eksportklare artistar i samarbeid med Riksscenen og Førdefestivalen
- Utarbeide oppfølgingsprogram for Folkelarmartistane
Kompetansebygging og opplæring
FolkOrg skal fremje rekruttering og opplæring innan folkemusikk og –dans, og styrke det faglege arbeidet med folkemusikk- og folkedanstradisjonane.
Langsiktige mål (4 år)
- Medlemmer og andre interesserte er informert om og har kjennskap til utdannings- og kurstilboda på feltet
- Auka deltaking på nasjonale og internasjonale kurs og arrangement
- Feltet har eit breitt utval av kompetente kappleiksdomarar innan både folkemusikk og –dans
- Musikklærar er kjend med folkemusikk og –dans, og har tilgang til tilpassa undervisningsopplegg
- Marknadsføre og informere om sommarkurs, samt andre aktuelle kurs, seminar og utdanningstilbod
- Arrangere ei felles kurshelg for lokallag, instruktørar, pedagogar, dommarar, utøvarar og arrangørar.
- Arbeide for at lærarar i grunnskule og kulturskule har tilgang til gode undervisningsressursar i folkemusikk og folkedans.
- Utarbeide tiltak for kompetanseheving av pedagogar innan folkedans.
- Fordele FriFond-midlar
FolkOrg skal ha attraktive medlemstilbod og vere ein fagleg sterk og kunnskapsrik organisasjonen.
- Talet på medlemmar er auka med 25 %
- Medlemssystemet (styreweb) er teke i bruk av alle lokallag, og er ein naturlig arbeidsreiskap i kommunikasjonen med laga sine medlemmer
- Styra sentralt, regionalt og lokalt er kompetente på styre- og organisasjonsarbeid
- Kunnskapen og rutiner som ligg i administrasjonen er dokumentert, slik at nye medarbeidarar enkelt kan ta over ansvaret
- Organisasjonen har ein hovudsponsor
- Utarbeide ein vervekampanje av nye medlemmer
- Formidle og vidareutvikle medlemstilboda
- Etablere og drifte eit effektivt medlemssystem (styreweb), med oppdatert kontaktinformasjon på medlemmer og lokallag
- Legge til rette for opplæring i bruk av medlemssystemet (styreweb)
- Opplæring og kursing av tillitsvalde lokalt og sentralt
- Starte arbeidet med å etablere rutinehandbok og årshjul for administrasjonen









