Spelemannen Lars Fykerud flaug høgt og fall djupt. Per Anders Buen Garnås og Hallgrim Berg formidlar arven etter telemarkingen som blei superstjerne i Amerika.

Lars Fykerud døydde drygt førti år gamal i 1902, etter ein eventyrleg suksess som spelemann. I åra 1890—1898 turnerte han i USA, der han skal ha tent opp mot 4000 dollar på ein kveld – svarande til ein million norske 2014-kroner. Då Fykerud blei gravlagt i Bø, kom to tusen menneske i gravferda.

Det er langt frå Fykeruds elleville Amerika-konsertar til den intime framsyninga «Lars Fykeruds triumf og tragedie», som Hallgrim Berg og Per Anders Buen Garnås reiser rundt med i desse dagar. I helga var dei på Osafestivalen på Voss, og på laurdag kan Oslo-publikummet oppleve dei på Riksscenen. Buen Garnås er tydeleg i slaget når han speler Fykerud-slåttane.

– Det er alltid lange motiv hos Fykerud. Myllarguten og dei eldre spelemennene spelte kortare tema, medan Fykerud spelte mykje meir ope. Eg vil ikkje nett kalle det improvisasjon, men det finst mange mogelege løysingar i kvar slått. Noko blir ulikt kvar gong ein speler ein Fykerud-slått – ein blir aldri lei av å spele dei.

Buen Garnås er tydeleg merkt av musikken og stemninga. Han har sett seg i sofaen på Tre Brør Pub på Voss etter framføringa. Konstant kjem det folk bort og vil seie kor fantastisk dei tykte spelet hans var i dag.

– Fykerud-spelet er viktig i Buen-familien. Onkel Hauk skjemtar med at han lærte å seie «Fykerud» før han sa «mamma» og «pappa». Fykerud var frå Sauherad, men treivst best i Bø – pietismen var ikkje like sterk der. Mange storgardsfolk i Bø spelte fele, og Fykerud har sett djupe spor.

Fykerud var ei rockestjerne for si tid, og ein kontroversiell figur i samtida. Buen Garnås fortel at det har vore to sterke leirar i Bø – Fykerud-leiren og Myllargut-leiren.

– Mange var misunnelege på Fykerud. Han var alltid midtpunkt, vann damer og publikum, og spelte betre enn dei fleste. Eg har sjølv hatt læremeistrar som mislikte Fykerud og spelet hans. Det er berre sunt å bli oppdratt litt, så kan ein velje sjølv kva ein vil seinare.

«Noko blir ulikt kvar gong ein speler ein Fykerud-slått.»

Per Anders Buen Garnås

Skreddarsydd for TV-drama

– Som han Per Anders spelte i dag! Det var ikkje éin dauslått! Det er krevjande materiale, og Per Anders får fram karakteren i kvar slått.

Hallgrim Berg er òg merkt av framsyninga, nokre timar etter at dei stod på scena saman. Berg fortel livshistoria til Fykerud i episodar innimellom spelet til Buen Garnås.

– Det viktigaste vi vil formidle med framsyninga, er soloslåttespelet på hardingfela. Det reine, nakne og reelle slåttespelet, utan at det blir gøymt bort eller kompa fram. Slik får vi fram dei klanglege føresetnadene til instrumentet. Vi heidrar òg dei mange telemarksspelemennene som har jubileum i år – Olav O. Flåto, Hølje Wårstulen, Gjermund Haugen og fleire andre.

Fykerud var ein entertainer av dei sjeldne. Mellom shownummera hans var «Influenza», der han naus og hosta mellom bogestroka, og «Partistriden», der han simulerte ein politisk debatt med lydeffektar på fela. Han fletta òg inn element frå folkeviser og frå populærmusikken i si eiga tid. Meiner Berg at dette er noko spelemenn i dag kan lære av?

– Eg hugsar at eg høyrde ein pols frå 1950-talet som bygde på Tennessee waltz, den var flott. Eg høyrde òg ei finsk gruppe som spelte ein vellukka medley av All of me og The sunny side of the street… Men dette er nydelege melodiar, melodistoffet i populærmusikken i dag er så dårleg! slår Berg fast.

– Rocken og popen i dag har ikkje ein gong tre eller fire ulike vek, berre noko som rullar og går. Om en med grunnlag i slåttespelet klarar å flette inn populærmusikkstoff, så… Knut Buen sa ein gong at den som skal leve av musikken, må agere både prest og apekatt.

Tida er overmogen for ein skikkelig Fykerud-biografi, meiner Berg – mange spelemenn av mindre format har fått ein slik. Og kanskje fortener stoffet noko enno meir moderne.

– Her er det stoff nok til ein saftig TV-serie i tre episodar! I 2002 blei det laga eit teaterstykke til Folkemusikkveka på Ål. Eg merker at interessa stig for dette stoffet. Men nokon andre enn meg må lage denne TV-serien, seier Berg til slutt.

«Lars Fykeruds triumf og tragedie» blir synt på Ibsenteateret i Skien tysdag 28. oktober kl 19.30, på Ål kulturhus torsdag 30. oktober kl 19.30 og på Riksscenen i Oslo søndag 1. november kl 15.