-
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10 -
Hallingdans på elefantryggen
fredag 18.05 - 10:23
Siste nytt > Artikkel
Statens stipend for eldre fortente kunstnarar
Hauk Buen blir æra
Kulturdepartementet har offentleggjort at spelemannen Hauk Buen frå Jondalen får Statens stipend for eldre, fortente kunstnarar.
Hauk Buen (født 1933 i Jondalen, Buskerud) er ein av landets fremste utøvarar på hardingfele.
Hauk har mellom anna lært av faren Anders Buen og Løndals-karane, og vidarefører tradisjonar etter Lars Fykerud og Knut Dahle.
Hauk Buen har vunne Landskappleiken fleire gongar, og har turnert Noreg og utlandet med utallige konsertar. Han har vore og er læremeister og mentor for mange av dagens fremste, unge spelemenn.
Hauk Buen har gjeve ut fleire ut CD-ar. For albumet Fykerud'n fikk han og bror Knut Spellemannprisen i 1992 i klassa for folkemusikk/gammaldans.
I 1991 vart Hauk Buen æresmedlem i Landslaget for Spelemenn, og i 2003 fikk han Kongens fortjenstmedalje i gull. Hauk Buen er også heidersmedlem i Norsk Folkemusikk- og Danselag.