Kven er det som har sagt at det er mindre kunst å framføre musikk på slike instrument enn på strykeinstrument?

Etter finalespelet starta opp i 1999 var det lenge berre hardingfela og den vanleg fela som fekk det privilegium å få vera med i finalespel i beste sendetid laurdagskvelden. Finalespelet blei raskt ein publikumssuksess, og sjølv om underteikna har vore skeptisk til at ein på denne måten bind folk innomhus til seint på laurdagskvelden, noko som rammar det sosiale livet, tyder alt på at finalespelet har kome for å bli.

Over mange år var dette eit mønster, finalespelet var øyremerkt fele og hardingfele. Så kom dansen og kvedinga òg med i finalespelet. Noko var i ferd med å skje – og i år var altså turen komen til dei eldre instrumenta. Denne klassa har utvikla seg litt i det stille, men interessa har auka formidabelt over ein lang periode. Og no fekk dei altså vist seg fram òg på laurdagskvelden i beste ”prime time” – for ein fullsett sal. Så absolutt fortent! Og stemninga var ikkje mindre enn om det hadde vore fele eller hardingfele på scena.  Dei tre finalistane Ole Aastad Bråten, Tom Willy Rustad og Silje Hegg hadde eit godt grep om publikum alle tre. Kven er det som har sagt at det er mindre kunst å framføre musikk på slike instrument enn på strykeinstrument? Ein naken seljefløyte-tone kan nå inn til hjarta like mykje som ein fløymande hardingfeleslått, eller som ei gripande vise.

Fotograf: Bente Wallander
Tom Willy Rustad under finalen i eldre folkemusikkinstrument Landskappleiken 2014 på Geilo. Foto: Kjell Bitustøyl

"Finalen med dei eldre instrumenta var ei vitamininnsprøyting og ein statusheving for desse klassene."

Kjell Bitustøyl

Ei anna side ved nyordninga med at finalespelet varierer frå år til år, er det faktum at ikkje alle utøvarane er like begeistra for å måtte mobilisere to gonger i løpet av éin dag. Sjølv har eg opplevd at ein spelemann yter sitt ypparste og svir av alt krutet under den vanlege klassa. Då blir finalespelet berre ei rein gjennomkøyring og plasseringa deretter. Andre presterer det motsette, spelar ok og kjem seg til finalen og greier å ta ut det beste der. Slik favoriserer finalespelet etter mi meining ei spesielle type utøvarar, medan andre kjem dårlegare ut.  Og dét har vore mi viktigaste innvendig mot finalespelet i tillegg til tapet av sosial tumleplass og buskspel.

På Geilo snakka eg med fleire spelemenn som har delteke i finalespelet tidlegare, og sjølv om mange av dei naturleg nok synest det er moro å spela for eit såpass ”oppvarma” publikum som du fær på ein laurdagskveld, var det ingen som klaga på at det ikkje var finalespel i deira klasse i år.

Hardingfele klassa A, som eg kjenner best, har hatt ein lei tendens til å bli prega av gjengangarar i slåtteval. I så måte er hardingfele klasse B ei meir interessant oppleving, her er det meir variasjon i slåttevalet. Finalen med dei eldre instrumenta var såleis ei vitamininnsprøyting og sjølvsagt ein statusheving for desse klassene. Det er å håpe at denne nyordninga fortset, og ikkje berre på grunn av Kongepokalen. Så vil nok ein finale i durspel òg tvinge seg fram etter kvart, det er bra. Ein har høyrt innvendingar om at finalespelet har tradisjonelt (dvs. sidan 1999) vore øyremerkt fele og hardingfele, snakkar ein om tradisjon, er det i så fall ein svært ung tradisjon. Då kan ein kanskje heller seie at tradisjon handlar like mykje om folkemusikk som er i utvikling, og at frå og med 2014 blei finalespel med eldre instrument også ein tradisjon.

 

Kjell Bitustøyl