Hjem > Bladet Folkemusikk > Siste nytt > Artikkel

Platemelding

Heilskapleg uttrykk

Eplemoya Songlag

Av og til minner dette om Tiriltunga, av og til om Kvitretten, men likevel lèt dette mest eplemøysk, skriv platemeldar Sigbjørn Apeland om Eplemøya Songlag si debutplate i denne platemeldinga frå bladet Folkemusikk


Artist: Eplemøya Songlag
Plate:  Eplemøya Songlag
Selskap: NORCD

Eplemøya Songlag er samansett av Liv Ulvik, som har bakgrunn frå folkemusikk, og jazzsongarane Wenche Losnegård og Anja Eline Skybakkmoen. Likevel er ikkje dette nokon typisk “jazz-møter-folkemusikk”-produksjon. Dei nyttar også teknikkar frå moderne korsong og får alt dette til å smelta saman til eit heile som stilistisk sett balanserer godt. Og det er desse tre stemmene som kling gjennom heile plata – ingen andre instrument. Av og til minner dette om Tiriltunga, av og til om Kvitretten, og ein og annan gong tek eg meg i å tenkja på Trio Bulgarka. Men likevel lèt dette mest eplemøysk. Dei har klart å finna sitt særpreg og held fast ved det gjennom heile plata.

Article imageDei fleste songane er tradisjonelle nordiske – ofte humoristiske – viser, men to melodiar og ein tekst er signert Liv Ulvik, som òg er kreditert for dei fleste arrangementa. Likevel er det fleire parti på plata som verkar meir improviserte.

Det er ikkje mange norske songlag som syng så reint som Eplemøya, og lydbiletet, som teknikar Eirik Grønner og produsent Vegar Vårdal skal ha æra for, er klårt og velbalansert. Sjølv likar eg Eplemøya best når songane vert framførte med enklare arrangement, som til dømes opningssporet “Møykjæringsvise”. Når songarane tek meir instrumentale roller, tykkjer eg ofte det kan verta noko påtrengjande. For mykje “jam-dååå”-ostinat og forserte synth-liknande innsmett fortel at songarane er flinke, men det er ikkje alltid like musikalsk gjevande. Imitasjon av “fest- og bakruslydar” i “Min pipa” er kanskje morosamt på konsert, men på plate er det mindre interessant.

Trass i innvendingar: Det fine med Eplemøya Songlag er eit heilskapleg uttrykk, der ein sjeldan tenkjer på om dette er folkemusikk eller jazz eller moderne korsong.

Sigbjørn Apeland

 

Platemeldinga stod på trykk i bladet Folkemusikk 02/2010


 


| Tips en venn | Skriv ut |