Med albumet Ventetid fører Hekla Stålstrenga sin eigen musikalske arv vidare på aller beste vis.

Heilt sidan Hekla Stålstrenga vart etablert i 2005, har det akustiske folkrockbandet frå Troms gjort ting på sin eigen måte. Med initiativtakarane Ragnhild Furebotten og Tore Bruvoll i spissen, har dei  alltid hatt teften for den gode melodien. Den nordnorske folkemusikken har heile tida logge i botnen i låtane deira, men gruppa har etter kvart skapt sin heilt eigen sjanger. Med Ventetid held dei fast på denne tradisjonen.

Det har gått nokre år sidan Hekla Stålstrenga gav ut sitt førre album med nye låtar. Etter Dyrandé  i 2013 har dei gitt ut eit livealbum og hatt mange andre gjeremål. Ventetida fram mot det nye albumet har vore med på å styrke Hekla Stålstrenga musikalsk, ikkje minst når det gjeld det tekstlege. For i tillegg til at Hekla Stålstrenga generelt har blitt eit mykje betre band, er det tekstuniverset som har utvikla seg mest i dei ti åra gruppa har eksistert. Slektskapen med visesjangeren har vorte tydelegare.

Det kan vere ein sjanse å ta å låne tekstar frå så mange andre diktarar, sjølv om dei er nokon av dei beste lyrikarane vi har. Her finn vi tekstar av kjente folk som Halvdan Sivertsen, Jon Fosse, Tove Ditlefsen, Inger Hagerup og Ola Bremnes. Formidlinga kan bli framand, men det er tydeleg at Hekla Stålstrenga har funne fram til tekstar som gruppa kan stå inne for. Det er tekstar som tar for seg allmennmenneskelege spørsmål, som mellom anna tilhøvet mellom barn og vaksne. Låtane «Vingeslag» og  «Barnesong» er gode døme på det: Tekstane på albumet er Hekla.

Hekla Stålstrenga: Ventetid
  • Talik, 2016
  • 13 spor, 45 minutt
  • Produsent: Are Bredal Simonsen

Eit høgdepunkt blant mange på Ventetid er låten «Min elsk». Originalteksten er av Robert Burns, men Ragnhild Furebotten står bak både attdiktinga og melodien. Her kjem alt det beste med Hekla Stålstrenga fram: Tidlause folkeviseelement, melodien trygt forankra i folkemusikken, og rom til at kvar enkelt bandmedlem får spela på sine beste musikalske kvalitetar. Og nettopp her finn vi den største styrken i Hekla Stålstrenga.

For på Ventetid tør gjengen i Hekla Stålstrenga å ta det heilt ned. Dei stoler på dei einskilde musikalske kvalitetane hos medlemmane i gruppa. Her er alle solistar, samstundes som ingen står i vegen for kvarandre. Vokalist Anne Nymo Trulsen formidlar tekstar på ein sterkare måte enn før, felespelar Ragnhild Furebotten og gitarist Tore Bruvoll vekslar frå det leikne til det inderlege gjennom heile albumet.

Det er òg fascinerande å høyre samspelet mellom desse tre og Trond-Viggo Solås på kontrabass og Ole Jakob Larsen på trommar. Dei to er både akkompagnement og solistar på ein gong. Ein finn rett og slett ikkje band som er meir samkøyrde enn Hekla Stålstrenga. Og når alle fem bandmedlemmar er så gode songarar, får låtane ein ekstra dimensjon med imponerande koring. Det høyrer vi mellom anna på låtane «Akk o ve» og ikkje minst ekstrasporet «Barnesong Coda». Observante lyttarar bør elles merke seg den vakre koringa til Trond Viggo Solås på feleinstrumentalen «Stille vals».

Hekla Stålstrenga vart kåra til årets folkemusikarar under Folkelarm 2014, og det er gjerne den sjangeren dei blir assosiert med. Det er ikkje så unaturleg: Den nordnorske polsen har danna utgangspunkt for fleire av låtane dei har laga. På Ventetid kjem dette mest tydeleg fram på tittelsporet, ein instrumentallåt med felespelar Furebotten i spissen.

Folkeviseelementet som i låten «Min elsk» er eit anna kjenneteikn som knyt dei opp imot folkemusikken. Likevel er det ikkje så viktig kva for bjølle ein heng på Hekla-katten. Kor dei hentar inspirasjonen er ein ting; resultatet blir tross alt det viktigaste. Og det som gjer Hekla Stålstrenga så interessant, er at dei gjer ting på sin eigen måte: Dei lager musikk som vi kjenner igjen, som er interessant og aktuell. Albumet Ventetid er heldigvis alt dette – Heilt Hekla.