Framsyninga Anne Pedersdotter går no på DNS i Bergen, lydsett av eit stjernelag folkemusikarar.

Biletet: Daniel Sandén-Warg og Erlend Viken sit nøgde i musikarbua på DNS etter premieren på Anne Pedersdotter. 

Spente publikummarar fyllar salen på Store Scene ved Den Nationale Scene i Bergen. Dei leser i programmet, snakkar med sidemannen eller sit spente i si eiga verd. Det er klart for premiere på Anne Pedersdotter. Store scene har fått kulisser og dekor som tek oss tilbake til Bergen by på 1500-talet. Leif Stinnerbom har regien, og blant musikarar finn vi to av dei beste folkemusikarane i landet. Klokka slår for å varsle oss: No er det ikkje lenge igjen til det startar.

Turbulent reformasjonstid

Bergen på 1500-talet var ein delt by. Éin del av byen hadde teke til seg den nye protestantiske kyrkja, medan andre tviheldt på den romersk-katolske. Heile landet var i ei brytningstid. Med reformasjonen og renessansen kom nye idear – og tvil: Kva skulle ein tru på? Og kva med trolldom, fantes det verkeleg? Mange trudde det. Og det var verkeleg nok for dei 350 mennene og kvinnene som mellom 1550 og 1700 blei brent på bålet, skulda for hekseri og trolldom. På Nordnes i Bergen står eit steinmonument som minne om justismordet dei blei utsette for.

Tilbake til scena og Anne Pedersdotter. Anne er ei ung jente som giftar seg ung med den høgt respekterte presten Absalon Pederssøn Beyer. I 5 år går livet sin gong heilt til Martin, Absalons son frå eit tidlegare ekteskap, kjem tilbake frå studiar utanlands. Det oppstår eit trekantdrama mellom Anne, Martin og Absalon. Anne og Martin er omtrent på same alder, og det tek ikkje lang tid før det oppstår søt musikk.

Samstundes hender det alvorlege ting i Bergen by. Herlofs-Marte, ei gammal dame som kjende mora til Anne godt, blir skulda for hekseri og brent på bålet på Nordnes. Anne Pedersdotter blir skulda for å vere heks fleire gonger. I byen der øldrikk, hor og religionsstrid herskar, blir det lagt merke til kven du er saman med. Ein skal vere forsiktig med kva ein ynskjer seg og kva for val ein tek. Det ein ynskjer seg kan bli verkeleg, og få alvorlege konsekvensar.

(Saka held fram under biletet)

Reny Gaassand Folgerø i rolla som Anne Pedersdotter. (Foto: Odd Mehus)
Anne Pedersdotter
  • Historisk drama av Hans Wiers-Jenssen
  • Regissør: Leif Stinnerbom
  • Scenograf: Silje Sandodden Kise
  • Kostymedesigner: Inger Stinnerbom
  • Koreograf: Jimmy Meurling
  • Komponist: Magnus Stinnerbom
  • Musikk: Daniel Sandén-Warg, Erlend Viken, Stein Urheim og Jan Kåre Hystad
  • Anne Pedersdotter hadde urpremiere på Nationaltheatret i 1908
  • Spelast på Den Nationale Scene fram til 9. mai 2015

Sceneteppet går ned etter premieren på Anne Pedersdotter.

Folkemusikk inn i teateret

Gjennom heile stykket får vi servert fantastisk skodespel. Men kva hadde det vore utan musikken og koreografien som underbygger stemninga og kjenslene til ein kvar tid? Kapellmeister Daniel Sandén-Warg har med seg Erlend Viken, Stein Urheim og Jan Kåre Hystad. Dei lager store, mektige lydteppe til dei alvorlege hendingane, men også vare, flotte harmoniar til den søte romantiske dansen til Anne og Martin. Vi får servert alt frå reine klangar og lydkulisser til slåttar som gjentek seg gjennom heile stykket.

I tillegg til folkemusikken, er også folkedansen så vidt innom. Jimmy Meurling har koreografert inn dansesteg, dansetak og formasjonar som gir ein ekstra kraft til sceneuttrykket. Alt blir forsterka av nokre pols- og polskatrinn her og nokre figureringar der.

Anne Pedersdotter på Den Nationale Scene formidlar ei sterk historie på eit mektig vis. Eg satt fengsla frå fyrste tone på nykkelharpa til Daniel Sandén-Warg, og til det siste skriket då Anne vart brent på bålet. Hekseri og trolldom har mange frykta gjennom historia. Men forteljinga om denne heksa, Anne Pedersdotter, skulle eg gjerne ha sett fleire gonger!