Hjem > Artikkel

Bladet Folkemusikk

Helge Westbye: Mr. Folkemusikk

Helge Westbye, 2010 (Foto: Laila Meyrick, Velour.no)

Helge Westbye, 2010 (Foto: Laila Meyrick, Velour.no)

Ikkje alle har vel høyrt om han, men nesten alle har lytta til mange av platene han har gjeve ut. Bak norske musikarar står det ein energisk platedirektør, som no er 60 år. Med ein eineståande produksjon i norsk samanheng.

Dei siste 27 åra har Helge Westbye vore direktør for Grappa, der 1500–2000 album er produserte. I året han fyller 60, kan han ikkje skuldast for å ha sakka tempoet. Me finn han på kontoret etter ordinær arbeidstid, men lite tyder på at han har tenkt seg heim med det fyrste.

– Og eg som starta selskapet av di eg ville ha betre tid, smiler han, og fortel historia om korleis han bestemde seg for å slutta i Polydor, der han hadde kontor i Hamburg og intense arbeidsdagar.

– Eg opplevde eit stadig sterkare ynske om å kontrollera min eigen dag, eg ville bestemma over tida mi sjølv. Og bestemma sjølv, det fekk eg. Men det med tida – det var ei feilvurdering, seier han lattermildt.

Men Grappa vart òg stifta på grunn av ivrige artistar som såg behovet for eit alternativ til dei internasjonale selskapa. Utøvarane sin vilje var viktig og er ei medverkande årsak, hevdar Westbye, til at Grappa framleis held det gåande, trass i tider som er langt tøffare enn ved oppstarten på 80-talet.

– Ein levde nok i ei lukkeleg boble. Det var pengar i systemet, marginane var større, ein kunne eksperimentera og ta sjansar. Artistane og butikkane har etter kvart ein større del av fortenesta. Det er for så vidt naturleg, men det er meir nervøst for selskapa – altfor nervøst. Utfordringar den gongen var moglege å løysa, utfordringane i dag kan kjennast uløyselege. Me har ikkje vore inne i noko liknande før.

– På kva tidspunkt forsto de at dette var vanskeleg?

Article image

– Personleg byrja eg å ropa varsku for ti år sidan. Då at me hadde nådd ein topp, og eg tenkte det ville bli umogleg å driva vidare i same formatet. Ein burde alt då ha byrja å omstrukturera. Grappa valde å halda fram med eit stort tal utgjevingar. Økonomisk var det ei feilvurdering, men ikkje nødvendigvis kunstnarleg sett.

Westbye talar pessimistisk om framtida, men lèt tilsynelatande ikkje dei dystre utsiktene gå inn på seg.

– Eg har sjølvsagt stilt meg spørsmålet om det er grunn til å halda fram. Men eg kjem til at artistane driv meg, med oppkomet sitt av idear og pågangsmot. Ikkje minst er eg inspirert av dei tilsette her, energien som finst ikring meg. Oppturane me har hatt, er knytt til dette. Me har fått ros og prisar, me har laga flotte plater, og eg har arbeidd med flotte menneske.

Grappa husar ei rekkje selskap, både klassisk, samtids-, barne- og folkemusikk er å finna i katalogen. På midten av 90-talet kjøpte dei opp det folkemusikalske merkenamnet Heilo, men Westbye forklarer at han arbeidde med folkemusikk før dette.

– Eigentleg var det Lillebjørn Nilsen som nemnde at eg burde sjå nærare på folkemusikk. Han kom stadig attende til det, og eg byrja så smått med utgjevingar. Parallelt hadde eg kontakt med Hallvard Kvåle, som starta og dreiv Heilo. Han var mellom dei fyrste som populariserte folkemusikken. Han hadde til dømes Slinkombas-plata som var banebrytande i si tid. Då han selde selskapet sitt til oss, vart det endå meir folkemusikk. Eg har hatt stor glede av det.

Helge Westbye

  • Født 1950
  • Starta Grappa i 1983. Har vore direktør for selskapet sidan.
  • Fekk saman med Grappa Bjellesauprisen i 1997 frå FONO innanfor både breie og smale musikksjangrar.

Intervjuet er henta frå Bladet Folkemusikk, nr. 05 / 2010.  Andre og siste del kan du lese her.




| Tips en venn | Skriv ut |