Audun Stokke Hole (34) er ny redaktør for Folkemusikk og Folkemusikk.no.

Audun Stokke Hole er nytilsett redaktør for bladet Folkemusikk og folkemusikk.no

Audun Stokke Hole kjem frå Asker, men er busett på Bjølsen. Han har bakgrunn frå studiar i mellom anna lingvistikk, bibliotekfag og skjønnlitterær skriving. På fritida har han formidla verds- og folkemusikk både som journalist og platesnurrar, og har tidlegare arbeidd både i platebutikk og som bokbussjåfør.

Etter å ha budd nærmare heile sitt vaksne liv i Bergen, flytta han heim til Austlandet i fjor. No er han redaktør i Bibliotekforum, medlemsbladet til Norsk bibliotekforening. Frå 1. desember tek han over bladet Folkemusikk og den nye nettsida Folkemusikk.no for fullt. Han skildrar seg sjølv som ein musikknerd flaska opp på hardingfelemusikk og gamaldans.

Kvifor ville du bli redaktør for bladet Folkemusikk og Folkemusikk.no?

– Å vere redaktør er den kjekkaste jobben som finst, og den norske folkemusikken er den musikken som står hjartet mitt nærast. Det å få vere med på å starte opp ei nettavis gjer jobben ekstra kjekk.

– Folkemusikk er eit viktig kulturtidsskrift i Noreg, og det er ei stor ære for meg å ha fått jobben med å drive det. Eg gler meg veldig til å setje i gang, fortel han.

Bladet Folkemusikk har i dag omlag 2000 abonnentar, og er det einaste folkemusikkbladet i landet. Bladet er også eit av landets lengstlevande musikktidsskrift med sine 73 år. No er bladet og nettstaden folkemusikk.no slått saman til å vere ein felles redaksjon.

 

«Folk kjem til å merke at eg er enormt nyfiken,
og at eg veldig lett blir entusiastisk.»

Audun Stokke Hole

– Korleis ser du på å ta over eit slikt blad? 

– Eg går inn i jobben med ærefrykt, misjonsiver og stor nyfikne. Eg gler meg til å grave meg ned i gamle årgangar av Folkemusikk, Spelemannsbladet og Kvinten, og til å lese hyllemeter med folkemusikklitteratur. Eg gler meg til å møte dei glimrande skribentane og fotografane som er med og lagar bladet, og til å oppdage nye skrivetalent.

– Men mest av alt gler eg meg til å reise rundt i Noreg og møte alle dei som held gamle tradisjonar i live og skapar nye, på små og store festivalar og kappleikar, og i kvardagen.

– Det var fantastisk inspirerande å vere på Folkelarm førre helg, høyre timevis med unik musikk og treffe mange fine folk. No gler eg meg til å reise ut av Oslo og treffe folk i alle hjørne av landet.

– Ettersom eg kjem til å lage bladet frå hovudstaden, ser eg det som ekstra viktig å få reist mykje. Dei færraste i folkemusikk-Noreg veit kven eg er, og det er mi oppgåve å gjere noko med det.

– Korleis vil lesarane merke at du kjem inn som redaktør? 

– Folk kjem til å merke at eg er enormt nyfiken, og at eg veldig lett blir entusiastisk. Eg elskar musikk og eg elskar å danse. Eg har ein kjærleik til feltet som lesarane skal kunne merke.

 

«Dei færraste i folkemusikk-Noreg veit kven eg er,
og det er mi oppgåve å gjere noko med det»

Audun Stokke Hole

Kva er dine visjonar for det nye bladet og den nye folkemusikken?

– Folkemusikk er det einaste bladet for folkemusikk- og folkedansfeltet i Noreg. Dette inneber at bladet må famne over tre sentrale felt: grasrota, det profesjonelle feltet og forskinga.

– Dei framtidige musikarane og dansarane held nett no på i leikarringar, spelemannslag og kulturskular, der dei får opplæring av meir eller mindre lønna ekspertar og tradisjonsberarar. Norske folkemusikkartistar lagar banebrytande musikk og gjer seg stadig synlegare både heime og ute i verda. Veldig mange av musikarane har formell musikkutdanning, noko som er unikt både historisk og i verdssamanheng. Og på universiteta våre blir det forska på historie og praksis, essensiell kunnskap for å få den fulle forståinga av musikken og dansen.

– Alt dette høyrer heime i bladet Folkemusikk, det skal skildrast, problematiserast og diskuterast. Bladet skal famne breitt både i stil og tematikk.

– I tillegg vil eg òg inkludere noko stoff om folkemusikk i andre land. Ikkje fordi den er betre eller meir interessant enn den norske, men fordi musikk- og dansepraksisar har så mykje til felles overalt. Eg kom sjølv tilbake til den norske folkemusikken etter at eg hadde runda jordkloden musikalsk, og dette er ein sentral del av erfaringa eg tek med meg inn i jobben.

Er det spesielle saker du ønskjer å trekke fram eller setje fokus på? 

– Det er fantastisk at det kjem ut så mange bra folkemusikkalbum som det gjer, og det er ein sjølvfølgje at Folkemusikk – og ikkje minst folkemusikk.no på nett – er oppdatert på det som kjem ut.

– Men når det er sagt, så brenn eg for kulturhistoria og for eit auka medvit kring denne. Eg er opptatt av alt folkemusikken har representert gjennom århundra – som det sentrale i liva til folk, som djevelen sitt våpen for å lure menneska inn på vegen til helvete, som byggjestein når elitane konstruerte nasjonen Noreg på 1800-tallet, og som musikksuvenir på vegkroer og bensinstasjonar landet rundt.

– All polemikken og alle diskursane kring folkekultur er noko av det mest spennande eg veit. Diskusjonar kring musikk har det med å ta fyr, fordi det alltid er kjensler knytt til både framføring og lytting. Folkemusikk skal ha plass til desse kjenslene. Ikkje minst gir det nye nettmagasinet folkemusikk.no det mogleg å få debattar i sanntid, noko eg vil leggje til rette for og gjere mykje for å få til. Eit levande musikkmiljø treng slike.

Audun Stokke Hole starta som redaktør i 50 % frå 1. oktober, og startar i full stilling frå og med 1. desember