Ei kiste med gamle skrifter på Osterøy har resultert i ei ny plate med toradarspel.

Då Kristoffer Kleiveland kunne fylle eit valfritt emne på Ole Bull Akademiet med det han ville, tenkte han at det var ein god moglegheit til å bli kjend med spelemenn frå heimstaden Osterøy. Nils Brakvatne var spelemannen han til slutt bestemte seg for å konsentrere seg om.

– Hovudårsaka til at det blei han, var at eg fekk Jon Jelmert som lærar. Han tok meg med til Oddvar Brakvatne, grandnevøen til Nils. Oddvar hadde ei kiste med notar etter Nils, og nedteikningar – av både tankar og brev, seier Kleiveland.

Han skjønte då at det var dette han måtte fordjupe seg i, fortel han. Konsekvensen av all lesinga og skrivinga er altså plata som no er sleppt. Ho heiter «Fotefar», etter fotefara til Brakvatne som Kleiveland har gått i dei siste åra.

Kristoffer Kleiveland har overført hardingfelestoff til toradar på si nye plate.

«Det er veldig gøy når ein 13-åring vil lære ein lydarslått framfor ein vals.»

Kristoffer Kleiveland

Slåttane får ny funksjon

Nils Brakvatne var hardingfelespelemann. Sjølv spelar Kleiveland toradar, og han vil ikkje at det skal høyrast ut som noko anna. Difor har han vald ut slåttar der han ikkje treng å gå på akkord med instrumentet sitt. Dei store slåttane frå Vestlandet har han styrt unna i første omgang. Men reisa han har lagt ut på i fotefara til Brakvatne, er for å bli kjend med tradisjonen, rytmikken og musikken. For Kleiveland er det òg eit poeng at slåttane ikkje skal vere for sære og vanskelege å spele på toradar, slik at andre som spelar toradar òg kan ha nytte av slåttane.

Kleiveland har erfart at nokre slåttar har skifta karakter når han har tatt dei frå hardingfele til toradar.

– Ein god danseslått på hardingfele er kanskje ikkje like god på toradar. Men kva eigenskap kan han få då? Kanskje kan han vere god å lytte til, seier Kleiveland. Han held fram:

– Spelet skal vere matnyttig, uansett om det er til dans eller konsert. Og ingen skal tenke at «det hadde vore betre om dette blei spelt på hardingfele».

Lever vidare hos elevane

«Fotefar» blei spelt inn i januar i år, hos Tor Magne Hallibakken på Nesbyen i Hallingdal. Plata kjem ut på plateselskapet Kvarts, og Ingunn Stræte Lie er produsent.

– Ingunn var gull verdt i studio. Når ein sit og speler blir ein fort innovervend, så det er godt å ha nokon som ser at me får gjort jobben. Og berre det å ha ei venleg stemme som seier at «no har me opptaket», gjer mykje, fortel Kleiveland.

Albumet til Kleiveland inneheld ti låtar, der han spelar i alle format frå solo til kvartett. Musikarane som er med på innspelinga er Maria Skjeldrum Toppe på hardingfele, Andreas Kollvangsnes på toradar og Steinar Strand Hansen på gitar. Ein hamborgar og ein reinlender har fått plass på plata, men elles er det bygdedans som gjeld.

For tida går Kleiveland tredje året på Ole Bull Akademiet. I tillegg underviser han i toradarspel på Voss. Han har i overkant av 30 elevar, unge som gamle, og er allereie godt i gang med å lære bort fleire av slåttane etter Nils Brakvatne. Og musikken har slått an.

– Det er veldig gøy når ein 13-åring vil lære ein lydarslått framfor ein vals, slår Kleiveland fast.

Kristoffer Kleiveland og dei andre musikarane sleppte plata på Storefjelltreffen 1. mai. No arbeider dei seg vidare vestover frå Golsfjellet, med konsert fredag på Blømingsfestivalen i Kinsarvik. Og 31. mai blir det plateslepp på heimebane, på Osterøy Museum.