19. årgang

Årboka er på veg!

aarbokomslag-02

Årbok for norsk folkemusikk gjekk i trykken i går, og om eit par veker ligg ho klar her på kontoret til FolkOrg. Alle hustandsmedlemmer i FolkOrg vil få tilbod om å motta boka, og andre interesserte vil etterkvart finne informasjon på desse sidene om kvar de kan kjøpe ho.

Denne Årboka er første utgåve som når ut til FolkOrgs medlemmer. Tidlegare vart Årboka gjeven ut av Norsk Folkemusikk- og Danselag, men etter samanslåinga med Landslaget for Spelemenn vart det vedteke for i år å halde fram med å sende boka til alle medlemmer. Vi vonar at både gamle og nye lesarar finn spennande og interessant lesestoff i denne utgåva!

I år er utøving – konsertering – eit gjennomgåande tema i Årboka, og vi kan love interessante artiklar om store scenepersonlegdomar som har prega generasjonane etter seg. Dessutan får vi eit nært møte med tre godt vaksne folkemusikarar som sjølve skriv om opplevingar på scena og i møte med læremeistrar.

Av innhaldet elles kan vi nemne artikkelen ”Eg trur ikkje eng`lenn i himmelen syng finar` hell Lars spølå" – eit portrett om spelemannslegenda Lars Fykerud av Knut Buen. Vidare skriv Håkon Asheim om Ole Bull og folkemusikkkulturen, medan Magne Myhren går grundig til verks om hardingfeleslåttar i Hallingdal. Han prøver mellom anna å finna ut kor mange slike låttar som har vore nytta til dansemusikk/bruksmusikk i dalen opp til vår tid.

Eit større fokus er det også blitt på skapande prosessar. Her har Ida Habbestad intervjua Gjermund Larsen, Unni Boksasp , Annbjørg Lien, Ånon Egeland, Arne Moslåtten og Tom Willy Rustad.

Som nemnd vil alle husstandsmedlemmer i FolkOrg få tilbod om å motta boka, enten på det komande årsmøtet, på Landskappleiken eller Landsfestivalen. Eller de kan ta kontakt med administrasjonen i FolkOrg og be om at vi sender boka til dykk. Vi kjem attende med meir informasjon om dette, når boka er vel i hus.

Frå Årboka 2010

Det er Anne Hytta som er redaktør for Årboka 2010. Ei større oversikt over tidlegare utgåver finn du på denne sida hos FolkOrg.

 


 


(4) | Tips en venn | Skriv ut |