Spellemannprisen 2009
Olav Luksengård Mjelva vann
Foto | Ingrid Eide
Olav Luksengård Mjelva vann spellemannprisen 2009 i kategorien folkemusikk for plata Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal, som vart gjeven ut på Etnisk musikklubb.
Forfatter: Frode Rolandsgard
Publisert: 7. mars 2010
Olav Luksengård Mjelva vart dermed årets spelemann, medan Alexander Rybak fekk den mindre ettertrakta Årets spellemann.
Gjermund Larsen var nominert i klassa barneplater, og både Åsmund Nordstoga og Helene Bøksle var nominert i kategorien viser. Ingen av desse nådde opp.
I år vart kategorien folkemusikk ikkje delt ut i den direktesendte TV-sendinga, men publikum fekk sjå eit tv-innslag med mange felespelarar, der mellom anna Knut Buen, Marie Forr Klåpbakken, Julie Alapnes og Valkyrien Allstars var med.