Hjem > Heim >  > Artikkel

Ny organisasjon

Bli betre kjend med det nye styret!

Styret i den nye organisasjonen_collage

Kven sit i det nye styret, og kva mål har dei for den nye organisasjonen? Her kan du lese ein kort presentasjon av det nye styret.

På årsmøtet 22. november vart det vald nytt styre for den nyetablerte organisasjonen. Maria Høgetveit Berg vart vald som styreleiar, medan avtroppande leiarar Nils Øyvind Bergset og Åshild Vetrhus i LfS og NFD vart vald til nestleiarar. Med seg i styret har dei Aslak O. Brimi, Sigurd J. Heide, Solbjørg Tveiten og Tor Stallvik. Vararepresentantar er Torunn Raftevold Rue, Marte Frihetsli og Dag Hovda Sture. Her kjem ein kort presentasjon av kvar enkelt:
 

 

Styreleiar Maria Høgetveit Berg -

Maria Høgetveit Berg, styreleiar                   


Bustad:
Budd i Ål sidan 1973
Alder: 68

Bakgrunn:
Er utdanna lærar, har vore generalsekretær i AFS internasjonale ungdomsutvekslingsprogram 6 år, lærar i 15år og kultursjef i Ål i 20 år før eg gjekk av med pensjon 1. januar 2009. Har hatt ei rekkje verv i friviljuge kulturorganisasjonar, m.a. medlem i teaterrådet i Noregs Ungdomslag, leiar i Noregs Mållag, styremedlem i NFD og leiar for interrimstyret i Rikscenen.

Eg kom tidleg med i organisert folkemusikk bl.a i Telelaget og Laget for folkemusikk i Oslo på 60- og 70-talet. Har vore aktiv kvedar og dansar, samt domar både i vokal folkemusikk og dans på landskappleik.

Mål / ønske for den nye organisasjonen
Mitt mål for den nye organisasjonen er å konsolidere alle gode krefter.

Folkemusikkfavoritt:
Vanskeleg!! Men Kirsten Bråten Berg "Min kvedarlund" står seg godt.

(Foto: Eivind Kaasin)

 

Åshild Vetrhus, nestleiar


Bustad:
Oslo. Fødd og oppvaksen i Suldal.
Alder: 31

Bakgrunn:
Kvedar, mellom anna som solist og som medlem i gruppene Tindra og Salikatt. Inntil nyleg styreleiar i NFD.

Vann faktisk dans hardingfele klasse C med Suldalsspringar på Landskappleiken i Vågå i 1996. Suldalsspringaren var i stor grad årsak til at eg fann folkemusikken.

Mål / ønske for den nye organisasjonen:
Knyte sterkare band mellom yrkesutøvarar og grasrota, og bevisstgjere og nyttiggjere avhengighetsforholdet dei i mellom.

Folkemusikkfavoritt:
Opptak med Bertha Rafdal frå Sauda som syng "Man fandt jo dette Himmelsind".

 

(Foto: Knut Aastad Bråten)

 

Nils Øyvind Bergset, nestleiar


Bustad:
Oslo, men regner seg som halvt numedøl og halvt jostedøl i tradisjonsforstand
Alder: 36

Bakgrunn:
Jobber som rådgiver i Landbruks- og matdepartementet, og har tidligere vært leder i Landslaget for Spelemenn, varamedlem til styret i Riksscenen, leder av FolkemusikkSCENA Oslo, leder av Oslokappleiken, styremedlem i Laget for Folkemusikk

Speller trekkspell/durspell (først og fremst i Numedals- og Jostedalstradisjon) og danser bygdedanser fra Numedal på kappleik.

Mål / ønske for den nye organisasjonen:
Skape en sterk aktør til glede for alle medlemmer.

Folkemusikkfavoritt:
Plata ”Springar og halling” med Arne Olsen

(Foto: Knut Aastad Bråten)

 

 

Tor Stallvik, styremedlem


Bosted:
Vågå
Alder: 68

Bakgrunn:
Pensjonert lektor med norsk hovudfag, engelsk og historie. Har undervist på fleire skular, og vore rektor på mellom anna Fana Folkehøgskule og Klones vidaregåande skule.  Har vore med og skrive lærebøker i norsk for barneskulen og omsett lærebøker til nynorsk. Er arkivleiar ved Norddalsarkivet i Vågå.

Kom med i organisert folkedansarbeid på realskule og gymnas, i Bondeungdomslaget i Nidaros og Oslo. Har tidlegare vore leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans, og sat i styringsgruppa for Arnestad-rapporten. Har vore med og utvikla metodikk i danseopplæringa i alle folkedanssjangrar, og har halde dansekurs i inn og utland, i dei siste åra særleg i springleik.  Fekk RFF-prisen i 1997, og Norsk Folkemusikkfond sin pris i 2002. Er i dag leiar i Vågå spel- og dansarlag. 

Mål / ønske for den nye organisasjonen:
Finne vegar til å gjenskape dei lokale dansearenaene som samlar ung og gammal, utvikle korpset av danseinstruktørar, utvikle dansesamarbeidet med barnehage og skule.

Folkemusikkfavoritt:
Favorittdansen har følgt mine geografiske reiser: Først polsen, så fanaspringaren og no springleiken.Det "villaste" eg har vore med på er å halde sving-kurs i Chicago!

 (Foto: Privat)

 

Solbjørg Tveiten, styremedlem


Bosted:
Tørvikbygd i Kvam (Hardanger).
Alder: 31

Bakgrunn:
Eg har vakse opp med pappa sitt felespel, og vart tidleg introdusert for dansen. Etterkvart byrja eg med vokal folkemusikk og har fordjupa meg i den vokale folkemusikken frå Hardanger. Eg har vore aktiv i organisasjonsarbeid m.a. som leiar i Hordaland Folkemusikklag og gjennom styret i Norsk Kvedarforum. Er i dag frilans musikar og songpedagog.

Mål / ønske for den nye organisasjonen:
Ei synleg, slagkraftig organisasjon som utøvar proffesjonalitet i alle ledd, og på det viset er med på å stryke både lagsaktiviteten og tilhøva for yrkesutøvarane. JA til meir kveding, spel og dans!!!

Folkemusikkfavoritt:
Det er mange favorittar, men om eg skal nemne ein må eg seie "Min kvedarlund" med Kirsten Bråten Berg. Det er ein klassikar som eg stadig kjem attende til. Ein fantastisk perle!

(Foto: Oddleiv Apneseth)

 

Aslak O. Brimi, styremedlem


Bustad:
Lillestrøm
Alder: 26

Bakgrunn:
Studert ved NTNU i Trondheim, og arbeider nå som kjemi- og mattelærar ved Mailand vgs på.Lørenskog. Har eitt år frå akademiet på Rauland. Eit fantastisk år.

Vakse opp i ein folkemusikkfamilie, fekk felemusikken inn heile oppveksten. Både far, bestefar, søster og syskenbarn spelte fele. Aktiv i Lom spel- og dansarlag dei siste ti åra, samt vore aktiv i studentspelemannslaget Snaustrinda, samt Team GløsTøs i trondheimstida. Er med i Gudbrandsdølenes spelemannslag i Oslo. Gjeve ut ei soloplate, ei duoplate (m/Erlend Viken), og vore med på fleire lagspelplater.

Mål / ønske for den nye organisasjonen:
Mitt hovudynskje er at vi klarer å få til ein organisasjon som både meistrar å arbeide for spelemennene og dansarane ute i lokallaga, og på same tid er ein organisasjon der yrkesutøvande kan føle seg heime. Rekrutteringa klarar seg ikkje utan store profilar, og profilane kjem ikkje utan rekruttering.

Folkemusikkfavoritt:
Mi absolutte favorittplate er ”Bäsk” frå 1999, med den svenske trioen Hans Kennemark, Sten Källman og Jonas Simonson. Fantastiske musikarar med fantastisk musikk!

(Foto: Asbjørn Myrhaug)

 

Sigurd Johan Heide, styremedlem 

Bosted: Oslo
Alder: 30

Bakgrunn:
Danser, pedagog og Masterstudent i koreograf. Ansett ved Rff-sentret, og har jobbet som prosjektleder i Bygda dansar (Snu nordvest og Lea de) siden 2004 til dd.

Mål/ønskje for den nye organisasjonen:
Arbeide for en kvalitetsheving og statusheving på folkedansen i Norge.

Folkemusikkfavoritt:
"Møte" med Solveig Hårdnes og Martin Myhr. Favorittslått: Aslak Aslaksen - leken.
 

 

 

Torunn Raftevold Rue, 1. vara

Bustad: Flatdal, Seljord Kommune
Alder: 45

Bakgrunn:
Utdanna sivilagronom frå NLH ÅS (no UMB), har arbeidd som jordbrukssjef i Kviteseid kommune sidan 1994, inkludert Nissedal kommune sidan 2004. Har vore styremedlem i Kulturlandskapssenteret i Telemark sidan 2006, og medlem i Torkjell Haugeruds minnefond sidan 2002. Er i dag styreleiar i Seljord spelemannslag.

Vaks opp i Hornindal og fekk opplæring på fele og hardingfele på Hornindal skule og i Hornindal spelemannslag. Har i skuletid og studietid vore innom Eid spelemannslag, Spelemannslaget Leik på Hamar, Indre Sunnfjord spelemannslag og Spelemannslaget Flatlusa.  Spelte meg opp i kl A på hardingfele i 1990 og vanleg fele i 1984. Medlem i Honndalstausene sidan starten i 1983 og i trioen Glima.  Har vore musikalsk leiar i Seljord spelemannslag sidan 1997.

Mål/ønskje for den nye organisasjonen:
Styrke rekrutteringa og lagsarbeidet innan folkemusikken og -dansen!

Folkemusikkfavoritt:
LP-plata frå 1971 "Slåttar frå Nordfjord med Krokens kvartett" der felespelar Erling Kroken frå Hornindal verkeleg kjem fram. Dette blir ein i godt humør av!

  (Foto: Privat)

 

Marte Frihetsli, 2. vara


Bosted:
Trondheim, men kommer opprinnelig fra Dividalen i Målselv kommune
Alder: 26

Bakgrunn:
Utdannet faglærer i praktiske og estetiske fag ved Høgskolen i Tromsø. Har jobbet som prosjektleder UNG ved Festspillene i Nord-Norge i to år Jobber nå med Bygda dansar i Buskerud ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim.

Har vært engasjert i styret til festivalen Kalottspel i mange år. Er aktiv medlem i Sinnsykt Bra Alternativ (SBA), og var med å starte opp og drive folkemusikkpøbben i Tromsø.

Mål/ønskje for den nye organisasjonen:
Styrke den lokale aktiviteten og synliggjøre dansen!

Folkemusikkfavoritt:
På denne tiden av året er Juledrøm med Majorstuen en av favorittene. Nydelig juleplate!

(Foto: Privat)

 

Dag Hovda Sture, 3. vara

Bustad: Stavanger
Alder: 54
Yrke:

Bakgrunn:
Jobbar som attføringskonsulent. Har vore aktiv dansar og spelemann sia 1973.

Mål for den nye organisasjonen:
Samla innsats sentralt - stort mangfald lokalt.

Folkemusikkfavoritt:
Ungakoneslåtten (Knut Hamre, Landskappleiken i Oslo 1981)


 

(1) | Tips en venn | Skriv ut |