-
Sigrid Moldestad kåret til årets folkemusiker
torsdag 9.09 - 20:00 -
Riksscenen og Folkelarm åpner i dag!
torsdag 9.09 - 12:13 -
Fascinasjon for feit felelyd
onsdag 8.09 - 11:16 -
Setter fokus på konsertarrangørene
tirsdag 7.09 - 15:32 -
Riksscenen åpner dørene!
tirsdag 7.09 - 13:18
Nytt blad
Framtidas folkemusikkblad – nytt namn?
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg vil frå 2010 gje ut eit nytt folkemusikkblad, på tuftene av Spelemannsbladet og Kvinten. Bladet vil koma ut fem gonger i året med eit gjennomsnittleg sidetal på ikring 60 sider i kvart nummer. Det redaksjonelle innhaldet og det grafiske uttrykket er under planlegging, men ein av tinga som står att er namnet på bladet.
Ein skiftar ikkje namn annakvart år, og eit namneskifte no betyr eit nytt namn for mange år fram over. Difor vil vi svært gjerne høyre di meining om namn på bladet! Under finn de fire ulike alternativ til namn på det nye bladet, men hugs: avstemminga er berre rådgjevande.
Folkemusikk
Rett og slett. Meir tydeleg kan ein ikkje seie det, og det kling godt.
Folk
Gjev tydelege assosiasjonar om eit folkekulturelt blad, ikkje berre for innvigde folkemusikarar, men òg utanlandske og andre.
Spelemann
Spelemann er ei vidareføring av det noverande Spelemannsbladet.
Spelemannsbladet
Det noverande namnet er godt innarbeidd, både i miljøet og overfor andre medieaktørar. Namnet er ei solid merkevare. Berre Spelemannsbladet er Spelemannsbladet.
Om du har andre framlegg til navn for framtidas blad kan du sende dei til spelemannsbladet@folkemusikk.no, eller legge inn framlegget i kommentarfeltet under.
Nytt navn på Folkemusikkbladet
Keep the old name!
Navn
Viktig at danserne også føler at de er med.
Spelemannsbladet!
Nei, hald på Spelemannsbladet!! Det er eit godt namn!
ekskludert
Spelemannsbladet best!
Spelemannsbladet best uansett!
Kall meg gjerne en sur fitte...
Hm, hm!
Det nye bladnamnet.
Flisespikkeri
Folk er best!
Det er fengjande og nytenkjande.
Forslag: eit meir internasjonalt namn.
Eit meir internasjonaliserande og inkluderande namn etter mi smak.
Passar og fint i desse tider kor Frikar og Valkyrien Allstars osv briljerar rundt i verda.
Folkemusikkbladet
Spelemannsbladet er bra!
På tuftene av kva?
I innleiinga skriv ein at det skal skipast eit nytt blad „på tuftene av Spelemannsbladet og Kvinten”. Men det går ikkje mange linene før ein grunngjev namnealternativet «Spelemannsbladet» med at „det noverande namnet er godt innarbeidd, ...”.
Ein var ikkje lenge med å sleppe katten or sekkjen. Det er sjølvsagt tale om å leggje ned Kvinten til bate for Spelemannsbladet, slik NFD (på tvers av vedtektene) no blir lagd ned til bate for LfS.
Og namnet bør vera?
Elles: Har du nokon ide om kva bladet bør heite?
Knut
Det har eg inga meining om
„— Dette får dei ordne opp i som ville ha det slik.”
Ting må setjast på spissen for at dei skal synest – for at dei skal stikke opp over skoddehavet som ligg som eit slør kring heile saka.
Tradisjonsforum?
Vilje til forandring?
Når alt anna er reorganisert, kvifor i alle dagar tvihalde på eit så avlegs namn på tidsskriftet?
Namnet stammar frå tida før kveding og dans var så mykje som pauseinnslag på kappleik. Eit triveleg namn, ja, men ikkje særleg interessant utover den historiske samanhengen.
Nei, kall det no heller Folk eller noko vidare, meir abstrakt eller inkluderande. Skal me fyrst ha denne heilomvendinga får ein no vel jammen tole såpass!
Spelemannsbladet så klart!
Lykke til med namneval
beste helsing frå Jarnfrid
Er det så klart?
Nei, - namna bør ikkje "tilsløre" at det er altså snakk om ei samanslutning av to i utgangspunktet ulike organisasjonar og ditto tidsskrift.
Spelemannsbladet bør gå inn i historia saman med Landslaget for Spelemenn. Namnet har ikkje lenger nokon logisk samanheng korkje med namnet på organisasjonen eller kva folkemusikkmiljøet omfattar i dag. Det er eit namn som berre har historisk interesse for dei "innvidde".
(23) | Tips en venn | Skriv ut | Del på Facebook












