Hjem > FolkOrg > Siste nytt > Artikkel

Magnar Sundt (1955 -2010)

Foto - Knut Aastad Bråten

Foto - Knut Aastad Bråten

Mangeårig dagleg leiar i LfS, og no tilsett i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg, Magnar Sundt, døydde brått og uventa heime den 27. januar.


Magnar Sundt

Den kaldaste og vakraste vinteren i manns minne. Vinter var den årstida Magnar Sundt sette mest pris på. Vi trur at dette var den siste opplevinga hans; ein skitur - eit krafttak - i gnistrande snø, før han sovna inn i heimen sin. Magnar Sundt døydde onsdag 27.januar, knapt femtifem år gammal. Ein bauta i norsk folkemusikkmiljø er borte.Den eine dagen i full vigør med planlegging av årets store folkemusikkfestivalar. Den neste dagen borte. Vi står fattigare att.

Magnar Sundt var Landslaget for Spelemenn sin administrasjon personleg frå 1984 og fram til samanslutninga med Norsk Folkemusikk- og Danselag i fjor, med unntak av 4 år i Krødsherad kommune. Han bygde opp administrasjonen frå 1 stilling til dei 9 som vi no har i ein samla Folkemusikk og folkedansorganisasjon. Han jobba saman med andre musikk- og kulturorganisasjonar og deltok i nordisk samarbeid. Organisasjonen utvikla seg til ein viktig kulturpolitisk aktør i Magnar Sundt si tid.

Han var mannen som aldri framheva seg sjølv, men som alltid var der for oss – med kunnskapen, kompetansen og tryggleiken sin. Dansar var han, med pols i Brekkentradisjon - og felespelar, i Østerdølenes spelemannslag. Men først og fremst var han for oss mannen med sikker kunnskap om tradisjonen, organisasjonen; folkemusikksoga og heile folkemusikk-Noreg. Han la ned ein enorm innsats i jobben sin. Han var ein markert leiar, sjølv om han ikkje var den som likte å stikke seg fram. Magnar Sundt var ærleg mot seg sjølv og andre. Han hadde sin sikre, stillfarne stil. Han var ein sann ven. Han kom alltid med gode og gjennomtenkte råd.

Arbeidsplassen til Magnar Sundt står tom. Der brenn eit ljos, der er kvite blomar – og på oppslagstavla heng Olav H. Hauge sitt dikt «Kvardag». Minna om Magnar Sundt skal vere med oss i kvardag, og i fest - i takksemd for alt han var for oss. Tankane våre går til nær familie og vener. «Dei store stormane har du attum deg. Då spurde du ikkje kvi du var til, kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk, du berre var i stormen, var i elden.»


Nils Øyvind Bergset
Randi Skeie

 

Gravferd og minnestund


Gravferda blir fra Brekken kirke på Røros torsdag 11. februar kl. 11.00 med minnesamvær i Feragen samfunnshus etter gravferda.

Det vert óg ei minnestund på Riksscenen i Oslo tirsdag 9. februar kl. 18.00.


 

    Takk for støtte og oppmuntring!
    Takk for støtte og gode råd under oppstarten med Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. Du ga meg pågangsmot i en vanskelig tid, og din oppmuntring i forhold til å opprette prisen var av stor betydning.
    Takk!
    Helsing Solgunn Flaktveit



    Kjære Magnar
    Så er gravferda di over - Til og med snøfillene ville vise deg den siste ære, dei dala så vakkert ned når vi følgde deg dei siste metrane til kvilestaden din.
    Det er så uendeleg tomt etter deg her på kontoret, og eg saknar deg så. Du var den kunnskapsrike og solide som vi så sårt trong i den prosessen vi er i no.
    Takk Magnar, for alle gode samtalar, og for all hjelp og støtte gjennom mange år.

    Helsing Jorun



    Magnar til minne
    I hjartet og i songen
    gjøymd er smilet
    ditt frå aller siste gongen
    vi spurde deg til råds

    Fred over minnet,
    ei siste helsing frå Norsk kvedarforum
    v. leiar



    De varmeste tanker...
    ...går til familie, kollegaer og venner. Magnar har vært en markant og flott representant for folkemusikken i alle år. Han vil bli savnet.

    Hilsen alle oss i Norsk Rockforbund (Line, Mariann, Guro, John Olav, Lars, Gry og Monica)



    Takk, Magnar
    Takk for at du var ein god ven, kollega og inspirator. Din stillferdige innsats har gjort meir enn mange anar for folkemusikken. Vi nynnar stille ein Brekken-pols til ditt minne. Farvel.


    Takk
    Magnar skal ha takk for at han var med og satte norsk folkemusikk i et større perspektiv og var med å styrke norsk folkemusikks posisjon utenfor Norges grenser. Hilsen oss i Music Export Norway


    Takk, Magnar…..
    .... for mye nyttig og hyggelig samvær, og ikke minst mange gode samtaler - ikke bare om musikk og organisasjonsarbeid, men også om fiske, friluftsliv, fotball, Trøndelag, unger og annet som bidrar til å berike livet.


    Takk, Magnar
    Det er med djup sorg vi tek imot døyarordet til Magnar. Du var ein god ven, og du hadde ei stille kraft i deg. Vi som går utdanningsvegen i folkemusikk har mykje å takke for. Frå elevar og lærarar på Landslina i folkemusikk, Vinstra vidaregåande skule.


    Vi kommer att sakna Magnar
    Magnar var en vän och entusiast för nordiskt samarbete. Vi som träffat honom i de nordiska sammanhangen kommer att minnas Magnar för konstruktivt och osjälviskt bygge av samspelet mellan organisationer, spelmän och arrangemang. Vi sörjer med er som förlorat en stark och framåtblickande kraft i norsk folkmusikmiljö.

    Lars Farago
    Riksförbundet för Folkmusik och Dans, RFoD i Sverige och Nordisk folkmusikkommitté



    Takk for din alltid gode hjelp,Magnar.
    Det var ikke få ganger vi hev oss på telefonen og ringte deg Magnar, og du svarte like tålmodig og behjelpelig hvær gang. Det er ikke lett og skjønne hvem som skal fylle din plass i andre enden av røret. Takk for godt samarbeide gjennom mange år.

    Småjondølens Dansarlag V/Tora Rua Dokken



    Nordiskt samarbete
    Tack för allt samarbete och inspiration till oss inom den Svenska Spelmansrörelsen.
    I det Nordiska samarbetet och i arbetet för en "Handlingsplan för Folkmusik o Dans" i Sverige, var du en viktig medarbetare som delade med dig av din kunskap och erfarenhet till oss.



    Vi vil sende varme tanker
    Skrevet av Kine (Kin-eil AT online DOT no) [9.02 17:23]
    Jeg og mine to gutter vil sende noen varme tanker til i kveld da det skal være en fin minnestund over Magnar, jeg har to små gutter som ikke kommer til å glemme naboen som aldri ble sint om det kom en ball eller ti susende over hekken, og som alltid hadde tid til å prate litt. Dette er trist, vi har mistet vår gode nabo. Vil også sende varme tanker til Magnars nærmeste kollegaer. Hilsen Harald, Oddbjørn og Kine.


    Takk for den store innsatsen din Magnar
    Det er eit stort tap for folkemusikk-og folkedans-Noreg at vi skulle miste deg, Magnar. Våre tankar går no til dei næraste, og vi vil takke for den store innsatsen du har gjort. Vi kjem alle til å sakne deg.

    Erling Flem
    Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, Volda



    I takksemd..
    ..for mange år med godt samarbeid i LfS-styret, for triveleg lag og gode opplevingar.
    "Stundom møter vi menneske som hentar fram det beste i oss - som aukar varmen i våre liv. Menneske som vi ber i oss etterpå med takksemd."

    Takk for at me - så langt frå Røros - fekk ei fin minnestund i Oslo i går kveld.



    Ei siste helsing.
    med takk for god hjelp og rettleiing. Din kunnskap, kompetanse og genuine interesse for å hjelpe oss, i mange ulike saker, er noko me vil hugse lenge.

    Takk skal du ha!

    Helsing Osterøy Spel- og Dansarlag,
    Hilde Midtbø
    Leiar



    Helsing.
    Magnar var kultursekretær i Hemnes kommune i starten på 1980-talet, og han sette seg då godt inn i folkemusikktradisjonen på Helgeland. Eg traff han fleire gånger då på det som no er arbeidplassen min, Rana Museum. Eg kan minnes at han var veldig ivrig på at ein måtte kunne sin eigen tradisjon før ein kunne starte opp med alt anna. Det rådet har eg fulgt i alle åt etter. Dette var trist.


    Magnar Sundt til minne
    Magnar Sundt arbeidde ved Landslaget for Spelemenn mest heile tida frå han gjekk på Kulturstudiet i Bø på slutten av 70-talet. Hans stemme har vore den vi dagleg har truffe på ved å vende seg til LFS- oppigjennom mange, mange år - ved sidan av Jorun Hagen si.

    Alltid like orienterande og roleg - og han var til god hjelp
    om det var om søknader, eller ei eller anna sak det gjaldt. Han la ikkje skjul på kva han meinte i dei ulike sakene som har vore oppe til debatt. Eg vil alltid minnast han som sannferdig, klar og ein eg kunne stole på. Eg samnar Magnar. Mi inderlegaste medkjensle i sorga til dykk nærmaste
    Venleg hesing Agnes Buen Garnås



(17) | Tips en venn | Skriv ut |