Olav Luksengård Mjelva og Erik Rydvall har gjort pionerarbeid med å kopla «nasjonalinstrumenta» hardingfele og nøkkelharpe.

I snart eitt år har klangen av isbrytarane eksistert i innspelt format, og vekt åtgaum hjå publikum og i pressa.

«Meininga med å spela musikk er møtet. Her møtest ulike karakterar i eit fantastisk resonansekteskap som ingen kunne tenkt seg for nokre år sidan», skriv ein jury. Han kåra plata til årets utgjeving under folkemusikkgallaen i Umeå i slutten av februar, den så langt siste utmerkinga i rekka.

Helga før sit Olav Luksengård Mjelva og Erik Rydvall på ein kafé i Rauland, der unge studentar strøymer til for å få signert den nyinnkjøpte plata.
– Eg synest de spelte så fint saman, det var så godt samspel, seier ein.

Éin fasit for det vellukka samarbeidet går fram av den formidlande måten dei to responderer på. Men sjølvsagt handlar mottakinga mest om det unike møtet mellom dei to «nasjonalinstrumenta» — hardingfela og nøkkelharpa.

TALANDE TITTEL

Låten Isbrytaren er skriven av den svenske fiskaren Byss-Calle, som ein gong på 1800-talet sat fast med skipet sitt i isen. Låten laga han for å skildra opplevinga av isen som endeleg brast. No er han tittelspor på duoen si første plate.

Slik er det pussig å høyra om ei hending rett før platesleppet, 2. april i fjor. Olav hadde reist opp til Umeå dagen før for å øva. På ettermiddagen drog han og Erik til Eriks bror ved havet, for å stå på skøyter. Det var ein vakker dag, med spegelblank is.

– Eg var litt bekymra, minnest Olav. – Eg hadde aldri gått på skøyter på havet før, og syntest at isen i alt dette blanke byrja bli faretruande tynn, med større sprekker her og der. «Nei, det er ingen fare», sa Erik.

Då konserten var over dagen etter, kom Eriks bror bort for å takka for konserten. «No er isen borte», sa han.

«Avstanden mellom instrumenta — mellom utøvarane — har vore lang»

GRENSEOVERSTIGANDE

Å gå på isen medfører ein risiko, og i alle nye prosjekt finst ei fallhøgde. Kanskje er det difor ein likar så godt å formidla det grenseoverstigande, det som ikkje før er gjort.

Når underteikna lyttar til plata, kjennest det ikkje så risikabelt. Kjensla som oppstår, er meir ei undring over at samarbeidet er uvanleg.

– Teoretisk sett er det rart at ein ikkje har kopla instrumenta, dei passar utmerka saman, seier Erik. – Nøkkelharpa har tradisjonelt ei c-stemming, og mange stemmer hardingfela i C. Men mykje handlar om at repertoaret er så ulikt.

– Hardingfelemusikken er del av ein solotradisjon som ofte er svært personleg, med mykje variasjon, og med små motiv. Repertoaret for nøkkelharpa liknar meir på musikken du har i flatfeleområda, som ofte byggjer på to eller tre vek på åtte taktar. I tillegg har ikkje hardingfela vore mykje i bruk i Aust-Noreg, og tradisjonsområda er og blir viktige i folkemusikken. Avstanden mellom instrumenta — mellom utøvarane — har vore lang, seier Olav.

I vår tid er samarbeid over store avstandar vanleg. Det kan synast rart om vegen mellom Noreg og Sverige har vore lenger enn den til andre kontinent?

– Ja, og der er ein nok attende ved spørsmålet om innsats. For meg har det teke uvanleg mykje tid å komma inn i dette. Eg har alltid vore interessert i hardingfelespel og drøymt om å læra meg det. Men eg trur at alle med sunn fornuft ville ha augo for kor mykje tid dette tar, seier Erik.

Han skundar seg å leggja til at det er eit lystorientert prosjekt.

– Eg kjende alt første gong me spela at dette ville bli spesielt. Ein kjenner gjerne instinktivt når ein trivst i klangen, og trur ein kan få fram noko ein sjølv kunne tenkt seg å lytta til.

– Klangen mellom instrumenta gjer det inspirerande å halda på. Dei to instrumenta fyller til saman eit mykje større spekter enn det ein får anten med to hardingfeler eller med to nøkkelharper, seier Olav.

– Noko av det spanande er korleis registeret til hardingfela strekkjer seg over nøkkelharpa sitt, og gjer det breiare, seier Erik.

– Nøkkelharpa er djupare i klangen. Samstundes har du understrengene i hardingfela. Dei gjer at klangen likevel har mykje til felles, seier Olav.

… – og dette kan ein understreka på ulike måtar, seier Erik.

 

VILLE TRADISJONEN

Samspelet er der i samtalen òg. Den eine legg vekt på at den andre får rom til å bidra. Kanskje er det eit fundament i samarbeidet, som starta for fire år sidan då Olav tenkte at koplinga kunne vera spanande, og kontakt Erik via MySpace. Dei to møttest etter kvart i Stockholm for å prøva nokre låtar.

Men både ideen, og at det var akkurat desse to som møttest, var litt tilfeldig. På same måte er det litt tilfeldig at begge peila seg inn mot musikarverksemda, eller for den del valde instrumenta dei gjorde. Begge har spelt andre instrument, noko som igjen har påverka estetiske val og spelemåtar.

– Det at ein kunne leva av å spela, hadde eg ikkje tenkt så mykje på. Det var først eit par år etter eg gjekk her på Rauland, eg forstod at utøvinga var noko eg kunne ha som profesjon, seier Olav.

Samtidig veit dei tydeleg kva dei vil. Til dømes var det openbart at prosjektet skulle handla om å gjera tradisjonsmusikk. Særleg var dette artig for Erik, som har arbeidd mest med nyare musikk.

No fortel han om musikken til namnebror Eric Sahlström, Sveriges store tradisjonsberar, som skulle fylt 100 år i 2012, og som saman med August Bohlin bygde ein kromatisk versjon av nøkkelharpa. Denne verka revolusjonerande på heile bruksområdet, også på populariteten til instrumentet.

– I tillegg var Sahlström ein fantastisk spelemann mest heile livet, og ein dugande låtskrivar. Legg ein dette saman, forstår ein kor betydningsfull han var. Instrumentet hadde låg popularitet, men med han fekk det verkeleg ein renessanse, seier Erik.

«Norske folkemusikarar står meir med lua i handa»

MED LUA I HANDA

Eit norsk-svensk samarbeid inviterer til å sjå etter skilnader. Repertoaret, til dømes, har gjeve ulike prosessar.

– Når begge har lært seg melodien i den norske låtten, har me komme ganske langt med den, seier Olav. – Då handlar resten om å sjå kva små delar ein skal leggja til.

– Dei svenske låtane ligg meir til rettes for å bli arrangert, seier Erik. – Derfor har me arbeidd mest i lag om desse, medan eg har hatt tid åleine på det norske repertoaret.

Også mottakinga har vore ulik. Svenske medium har generelt vore meir på enn dei norske.

– Å gje ut ei plate i to land gjev på eit vis dobbel merksemd, med dobbelt så stort publikum og dobbelt så mange konsertar, seier Olav. – Men mediemerksemda har vore mindre i Noreg, og når eg har snakka med folk om dette, har somme påpeikt at norske folkemusikarar står meir med lua i handa. I nabolandet vårt er ein kanskje flinkare til å seia at ein eksisterer, medan mange av oss her heime blir glade berre me får lov til å halda på. Eg kjenner meg litt att i det. I dette prosjektet er nok Erik den flinkaste til å få ting ut.

– Ser de andre kulturskilnader i samarbeidet?

– Det ligg jo gjerne betre til rettes for musikarar i Noreg, med fleire støtteordningar og betre betalte jobbar, svarer Olav.

– Eg har ikkje så mykje å samanlikna med, seier Erik. – Men mange i Sverige snakkar om at det er tøffare no, at det er hardare konkurranse når fleire skal leva av musikken. Eg er såpass ny i dette at eg ikkje har det perspektivet. For meg er det fantastisk at det kan vera mogleg å vera musikar.

– Konkurranseaspektet ser ein i Noreg òg, seier Olav. – Det var lettare å stikka seg fram før, til dømes for 50 år sidan, men då var det også færre sjansar. Ein hadde ikkje kulturhusa og ikkje dei same støtteordningane.

«Det er hårfine grenser når me arrangerer»

DET USPELTE

Lenger kjem me ikkje i søkinga etter svar på slike store spørsmål, og samtalen vrir seg i retning av det å arrangera. Når dei snakkar om sjølve utarbeidinga, kjem eg til å tenkja på ein svensk kunstnar eg ein gong møtte. Han la stor energi i å måla kister – innvendig, men på utstillingane lukka han dei att.

Ideen her er ikkje heilt parallell. Men i utøvarane sine eigne karakteristikkar, og sidan i mi eiga lytting, tenkjer eg at noko av det som gjer at musikken rører lyttaren, finst i dette som ikkje kjem til yta.

– Det er hårfine grenser når me arrangerer, seier Olav. – Musikken skal høyrast genuin ut, me ynskjer å tilføra noko nytt. Dette skal ikkje vera eit arkivprosjekt, men eit levande møte.

– Me vil lytta musikken fram. Ein må finna respekt både for musikken og si eiga musisering, setja preget sitt på musikken og samtidig ikkje plassera seg sjølv i fokus, seier Erik.

– Då gjeld det å halda noko tilbake, trur Olav. – Ein bør ikkje bruka alle ideane ein får, men la folk merka at ein har meir å gå på.

Kanskje er det også denne tankegangen som gjer at neste plateprosjekt ikkje handlar om å søka det genuine, nye, men krinsar om same idé som før.

– Det er rart, medgjev Erik. – Ein kunne tenkt seg at me var oppsette på å komma med noko heilt nytt, no som ideen er prøvd i denne forma. Men eg er ganske sikker på at me ikkje er ferdige med dette.