Hjem > Artikkel

For 52. gong

Jørn Hilme-stemnet 2012

0_1675557

Sundag 22. juli brakar det laus med det for mange kjende og kjære Jørn Hilme-stemnet i Valdres. Blant artistane som kjem finn vi mellom anna Anders Erik Røine, Elias Akselsen, Stian Carstensen, Silje Onstad Hålien, Per Anders Buen Garnås og Jan Beitohaugen Granli. Det er klart for ei veke full av gode konsertar, forestillinger, kurs og moro for store og små.

Det er eit flott og rikt program som venter dei besøkande til veka. Både konsertar, forestillinger, debatter, utstillinger, kurs, kappleik og mykje anna moro. Fullt program finn du her.

Den same dagen som fjellrockarane på Eidsbugarden pakkar ned teltet går startskotet for det tradisjonsrike folkemusikkstemnet på Fagernes. I år skal dei to festivalane samarbeide om både turar, kurs og konsertar. Med på laget er også det lokale plateselskapet ta:lik. Stemnet innleies sundag 22. juli med konserten «Stavkyrkjesongar - St. Thomas og klukkelåtten». Den tek utgangspunkt i ein gamal middelaldersk sekvens frå 1173, og har fått nytt liv i regi av Anders Røine, Elisabeth Vatn, Terje Isungset og Berit Opheim Versto.

Trass i at Sol av Isfolket ikkje vert sett opp på Valdres Folkemuseum til sumaren, vil dei som kjem til Valdres denne veka allikevel få gleda av å oppleve Isfolket si verd. Jørn Hilme-stemnet ynskjer alle velkommen til Tengels Folk den 24.juli - årets solfallskonsert på Jaslangen!

Stian Carstensen, frontfigur i bandet Farmers Market, har hausta strålande kritikkar for albumet Slav To the Rhythm, med terningkast 6 i fleire medium, mellom anna i VG og Dagbladet. Han kjem ikkje åleine til Valdres denne gongen, men har med seg den kjende tatermusikaren Elias Akselsen. Saman held dei to kyrkjekonsertar: 25. juli i Tingnes kyrkje på Fagernes, og 26. juli i Hedalen stavkyrkje, i Hedalen.

Torsdag 26.juli kan du mellom anna få med deg avslutningsframsyninga til Danseru' på Jørn Hilme-stemnet. Framsyninga "Liti Kjersti" er eit moderne folkemusikalsk syngespel om ei ung jente sin stille kamp mot indre uro og sakn.

Fredag 27.juli kan du få med deg forestillinga Stille, der du mellom anna møter Jan Beitohaugen Granli og Per Anders Buen Garnås. Dei vil i lag med fotograf Ingvild Skeie Ljones og dansar Silje Onstad Hålien ta deg med på ei sjeldan reise gjennom fargar, tonar og stemningar.

Om laurdagen er det igjen klart for kappleik. Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet er av dei største i landet. Hit kjem dansarar og spelemenn for å tevle om gjæve premiar, heider og ære. På Hilme-stemnet har du òg moglegheit til å få med deg utekappleik på museet med lagdans, lokk, bukkehorn, lur og tambur og ikkje minst den populære godkartevlinga i Fagernes sentrum. Her blir kvart år den sprekaste av alle spreke godkarar kåra etter harde konkurransar i meir eller mindre kjende karstykke.

Om kveldane brakar det laus med dans og musikk i kvar krok på Valdres Folkemuseum.Til drivande godt spel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane både fredag og laurdag med m.a. gamaldansgruppa Hått.

Samstundes med Hilme-stemnet arrangeres det òg eit eige ungdomsarrangement - Strunkeveko. Strunkeveko er eit vekeskurs der undgdom mellom 11 og 24 år som er interessert i folkemusikk og –dans kan treffe nye og gamle venner og lære frå dei beste folkemusikarane i Noreg. Kurset går føre seg på Valdres Folkehøgskule på Leira i veke 30 kvart år. Strunkeveko har etter kvart vakse seg stor, og er no det største sommarkurset i sin sjanger i Noreg. I overkant av 110 ungdommar samlast desse dagane, og saman med dei om lag 40 deltakarane på ministrunken er kring 150 barn og unge innom for å lære meir om folkemusikk og folkedans denne veka. 

Jørn Hilme-stemnet vart for første gong arrangert i 1960, på Valdres Folkemuseum. Namnet har det frå meisterspelemannen Jørn Hilme, som kom frå Ulnes og var viktig for slåttetradisjonen i Valdres og nærområda.

Stemnet har alltid vore ein kombinasjon av kappleik, konsertar, teater og dans. På Jørn Hilme-stemnet er tradisjonsvidareføringa like viktig som kulturopplevingane, og festivalen er slik sett sentral for å utvikle folkemusikken. Jørn Hilme-stemnet har vorte kjend som den store og intime folkemusikkfestivalen, og hadde om lag 8400 besøkande i fjor.

Meir om programmet og festivalen finn du her!

Meir om Strunkeveko finn du her!

Facebook-sida til Hilme-stemnet finn du her!


 






| Tips en venn | Skriv ut |