Forma kan somme tider skyggje for innhaldet i Folkemusikktimen, meiner Johan Vaa, folkedansar og tidlegare leiar av Landslaget for Spelemenn.

Johan Vaa (foto: Kjell Bitustøyl)

Folkemusikktimen høyrer eg på så sant eg er i nærleiken av ein radio. Det har eg gjort i meir enn 50 år, og eg har tenkt å halde fram. Jamt over likar eg det eg høyrer.

Men, der er ugras i redigeringa. Mogeleg er det «fikst» og «moderne» å leggje tale og musikk oppå kvarandre. Eg ser det som ein uting, øydeleggjande for lydinga på sjølve musikken – som vel er hovudsaka? Snørr og bartar kvar for seg!

Mengda verbalstoff er ein annan ting. «Spila meir og preike mindre», sa eg for nokre tiår sidan, då det for sume var viktigare kva ein spila, enn at ein spila. Seiemåten burdeheller ikkje vera framand for den som redigerer musikkprogram.

Så, kvaliteten på verbalstoffet: Ein minnest Rolf Myklebust, med konsise, innhaldsmetta kommentarar. Ikkje noko utanomsnakk! Kan hende er det greitt med litt «lausare snipp», men 8. februar blei det rispegale: Vaffelrøra til Ulf Arne Johannesen blei grundig drøfta. Litt seinare fann ein plass til mindre enn ein halv springar med han!

Kutting i slåttane: Nokre veker sidan talde eg til fem slåttar som blei kutta i same progammet. Spila heller ein mindre om det er tida som styrer – det me fær, vil me hava heilt og fullt!

8. februar fekk me òg fire ulike versjonar av balladen om Torstein Davidson. Berre for tvo av dei fekk me vita namnet på utøvaren.

Skjerp deg, Leiv, og drag dei du har med deg i øyra!

 

Les også Bård Skar i NRK Kultur sitt tilsvar til Johan Vaa: Om form og farge i Folkemusikktimen