-
Første runde med raske midler
torsdag 11.03 - 18:52 -
Kontrollert
torsdag 11.03 - 09:27 -
Nytt styre i Norsk Kvedarforum
onsdag 10.03 - 11:51 -
Ny støtteordning hos RFF
onsdag 10.03 - 10:29 -
Five Men in a Boat
tirsdag 9.03 - 10:52
Kappleik
Kappleik er den vanlege nemninga på ei tevling innanfor norsk folkemusikk og dans. Kappleikane fungerer som møteplass, vurderingsarena og utvekslingsarena for spelemenn, dansarar og andre folkemusikarar.
Den fyrste organiserte kappleiken vart halde i Bø i 1888, og det var stort sett spelemenn frå Telemark som deltok. Vinnar av kappleiken var Lars Fykerud. Frå då av har det knapt vore eit år utan ein eller fleire kappleikar, bortsett frå kanskje under andre verdskrigen. Med tida kom Landskappleiken til å bli den største og mest sentrale av desse tevlingane.
Dei fleste kappleikane er årlege til faste tider. Det er stort sett dei lokale spelemannslaga som står for gjennomføringa, og eit lag tildelast årleg gjennomføring av landskappleiken, som er eit stort organisatorisk løft.
Det er FolkOrg som eig kappleikssystemet og som fastset reglementet for kappleikane.
Påmelding og resultat
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen har utvikla eit eige datasystem for kappleikar. Påmelding og resultat vil du såleis kunne finne her: http://www.paamelding.folkemusikk.no og http://www.resultat.folkemusikk.no
Dersom du har spørsmål om det nye kappleikssystemet eller ønskjer å opprette eit nytt arrangement i systemet, kan du kontakte oss på info@folkemusikk.no eller tlf. 2200 5620
Landskappleiken og Landsfestivalen i gamaldansmusikk er dei største kappleikane. Du kan besøke nettsidene deira her: www.landskappleiken.no og www.landsfestivalen.no. I 2009 er desse to arrangementa slått saman til eit FolkemusikkNM: www.folkemusikknm.no
På desse sidene finn du praktisk informasjon om gjennomføring av kappleikar. I venstre menyen finn du t.d. link til resultat, dommarskjema, føresegner m.v.



