Ved eit slumpetreff fann dommarpanelet på Notodden opp ei ny og interessant ordning for kappleiksdømming.

På ein kappleik på Notodden i februar, i samband med hardingfelehelga til Norsk Hardingfelesenter, blei ei ny dømmeordning prøvd ut. Det vanlege på kappleikar i dag er å spele to slåttar som begge er poenggrunnlag. På Notodden lét dei kvar dommar vurdere kva dei syntest var dei to beste slåttane, og desse la grunnlaget for poenggjevinga.

– Dette er litt som i skihoppkonkurransar, der ein stryk den lågaste og høgaste poengsummen. På denne måten unngår ein at ein bom i ein slått øydelegg heile resultatet. Det var òg vanleg med fleire slåttar enn to på kappleikane i Bø på seint 1800-tal, fortel arrangør Torgeir Straand om grunngjevinga for denne ordninga.

Erland Tveiti var dommar under kappleiken. Han fortel at dommarane var litt usamde om kva dei beste slåttane var når det gjaldt eit par av deltakarane, men at det stort sett var semje om ”teljande” slåttar.

–Eg fekk inntrykk av at dette var behageleg for utøvarane, og det var interessant for oss dommarane. I praksis, når du dømmer, så er det jo heilskapsinntrykket du vurderer. Det var litt vanskeleg å ikkje la den dårlegaste slåtten telje med i heilskapsinntrykket – ein gløymer han jo ikkje. Ofte er det førsteslåtten som er vrien å spele, då kan nervane lett spele utøvaren eit puss.

Tveiti ser for seg at denne ordninga vil bli brukt i framtidige kappleikar. Men det var eit slumpetreff at dei kom opp med metoden, fortel han.

– Det var få påmelde til kappleiken, og vi diskuterte ulike måtar å hale ut tida og få kappleiken til å vare ei stund. Vi hadde ein idédugnad i forkant av kappleiken, og ordninga vi enda opp med var Torgeir Straand sin idé.

Lars Erik Øygarden deltok i kappleiken, og er òg veldig nøgd med måten dei dømde deltakarane.

– Det gir mogelegheita til å prøve seg litt – både ”seife” og ta sjansar. Det er ikkje full krise viss det går dårleg med ein slått. Eg fekk noko av ein ro over meg når eg spelte. Det legg òg litt meir ansvar over på dommarane. Til vanleg kan ein i kappleikar bli trekt i poeng for uoriginalt eller keisamt slåtteval. På Notodden var det opp til dommarane å vurdere kva for slått ein spelte dårlegast. Om ein dommar då meiner at ein slått er særleg uoriginal, og spelet elles er bra, så vil det vere logisk for dommaren å ikkje la denne slåtten telje med.

Øygarden syntest òg han rakk å spele seg varm på scena med tre slåttar, noko ein sjeldan klarer når ein berre får spele to. Han er samd med dommar Tveiti i at første slåtten kan vere ei utfordring.

– Det er kanskje ikkje noko for Landskappleiken, dette. Med 20—30 utøvarar vil ein nok halde på litt vel lengje på denne måten – sjølv om det som utøvar var svært kjekt å få spele seg ordentleg varm. Men på ein liten kappleik som den på Notodden, var denne ordninga heilt ideell, seier Øygarden til slutt.

Meir om hardingfelehelga på Notodden kan du lese her på folkemusikk.no og på fela.no, Norsk Hardingfelesenter si heimeside.

Lars Erik Øygarden, her på folkemusikkpub i Valle i Setesdal, syntest dømmeordninga på Notodden gav ro i spelet og opna rom for eksperimentering. (Foto: Henrik Kamphus)

Korrigering

I denne teksten sto det opprinneleg at Erland Tveiti seier: «Ofte er det sisteslåtten som er vrien å spele». Dette var misoppfatta av journalisten – Tveiti og Lars Erik Øygarden er samde om at førsteslåtten ofte er den mest krevjande for ein kappleiksdeltakar. Dette er no retta.