Granvin er staden å vera denne helga. På planen står mellom anna konsert, kappleik , dans og presentasjon av eit heilt nytt hardingfelesentrum.

Ole Gjerde - Landsfestivalen 2013 - durspel senior - Foto - Mari Skeie Ljones

Kappleikshelga startar i kveld med ein stor konsert – Hardingfolk anno 2014. Her har arrangørane samla eit kobbel med dyktige folkemusikarar og -dansarar til ein festkveld i Trudvang i Granvin. Om ein vil få eit innblikk i stoda for folkemusikken i Hardanger anno 2014, er dette konserten å gå på.

På scena i kveld står mellom anna Ingeleiv Kjerland Kvammen, Eirik Mjelde, Marta Lindvik og Halldor Eidnes Folkedal, Hardanger Juniorspelemannslag, Hardanger Spelemannslag, Rannveig Helen Lægreid, Annlaug Børsheim, Polka med støyt, Hardingtausene,  Maria Folkedal, Trio Hardanger, Ole Gjerde og Folkelokk.

Laurdag er det klart for tevlingar og dans. I løpet av kvelden vert også Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele delt ut.

> Her kan du sjå kven som har meldt seg på kappleiken

 

Stiller ut modellar for nytt hardingfelesenter

Det har lenge vore snakk om å etablere eit hardingfelesenter i Hardanger. Arkitektstudentane Katarina Sæbø Dale og Lone Kjersheim har vore nysgjerrig på dette prosjektet, og fredag ettermiddag inviterer dei to studentane til presentasjon og utstillingsopning av deira diplomprosjekt frå Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo. Prosjektet har fått tittelen Tradera – Hardingfelesentrum i Granvin.

Gjennom illustrasjonar og modellar ønskjer dei å vise kva eit hardingfelesenter kan gjere for Granvin og Hardanger. Presentasjonen går føre seg i vestibylen på Granvin Skule før opningskonserten til Vestlandskappleiken 2014.

> Sjå Hardingfolk.no for oppdatert info