Hjem > Artikkel

Plateslepp under Landskappleiken

Kring Skorve: Seljord før og no

kappeiklogo2011

"Kring Skorve - Seljordstrad før og no" er ein splitter ny dobbel-CD, der ei plate inneheld arkivopptak med avlidne utøvarar frå Seljord, medan den andre syner folkemusikkmiljøet i bygda i dag. Det eldste opptaket på plata er frå 1919, og dei siste frå 2011. Her kan du sjå nærare på utvalet av artistar.

Dobbelt-CDen "Kring Skorve" blir offisielt sleppt helga før Landskappleiken, under Seljorddagane og nattope i Seljord den 24.juni. Det offisielle sleppet skjer kl. 22.00 i Lomoddokki midt i Seljord sentrum, der det óg er mogleg å nfå med seg konsert med Valkyrien Allstars like etterpå.

Plata kjem ut på Etnisk Musikklubb, og inneheld historiske opptak med desse utøvarane: Torkjell Haugerud, Gunleik Smedal, Kjetil Flatin, Høye Kvåle, Høye Strand, Eilev Smedal, Jørgen Tjønnstaul, Torleiv Lykka, Lavrans Østtveiten, Tone Lie Mo, Eivind Mo, Einar Høydal, Anne Hoff, Signe Flatin Neset, Olav Bergland, Torbjørg Aas Gravalid, Gudmund Manheim, Gudmund Nordbø, Magne Manheim, Bjarne Herrefoss og Bjarne Øverbø.

I tilegg finn vi óg ei lang rekke opptak med aktuelle namn av i dag: Seljord spelemannslag, Leiv Neset, Kittil  Brekke, Einar Øverland, Einar Øverbø, Knut Loftsgarden, Ragnar Haugstøl, Roar Herrefoss, Kjell Hove, Ragnhild Knudsen, Hæge Manheim, Magne Herrefoss, Torunn Raftevold Rue, Randi Øverbø Hove, John Olav Lia, Sara Telnes Fjågesund, Ingebjørg Lognvik Reinholdt , Marie Tveiten, Rut Telnes Fjågesund, Svanhild Amdahl Telnes og Ungdomsgruppa i Seljord spelemannslag

I CD-nemnda har Johan Vaa, Knut Loftsgarden og Harald Manheim vore med, medan Hans Inge Hagen er grafisk designar. Utgjevinga har òg eit fyldig teksthefte med rikt biletmateriale.

Interesserte kan lese meir om utgjevinga på denne sida hos Folkemusikk.no. Heimesida til Landskappleiken 2011 finn du som vanleg her, medan utgjevar Etnisk Musikklubb har denne nettadressa.


 


(6) | Tips en venn | Skriv ut |