Bergen internasjonale musikkfestival BIMF braka torsdag laus med tingingsverket «Grunn!», eit scenisk møte mellom norsk folkedans og amerikansk streetdance.

Bergen internasjonale musikkfestival, alias BIMF, blir arrangert for sjuande året i år. Base for festivalen har sidan starten vore Bergen internasjonale kultursenter, BIKS, i krysset Kong Oscars gate—Skostredet og eit steinkast frå Gimle, eigd av BUL Ervingen og høgborg for folkedansen i Vestlandets hovudstad.

På opninga torsdag sto ei heilt spesiell samling bergensungdommar på scena. Medlem frå BUL Ervingen og frå streetdancegruppa Flava Few har gått saman om forestillinga Grunn!, tingingsverket til BIMF i år.

Grunn! er eit integreringsprosjekt, fortel Borghild Opdahl i BUL Ervingen.

– Det har lengje vore ei utfordring å få barn og ungdom med minoritetsbakgrunn med på norsk tradisjonsdans. I dette prosjektet møter norske folkedansarar minoritetsungdom på begge sine premiss.

I heile vår har Silja Solvang frå BUL og Stig Paa og Liliana Palanca frå Flava Few halde felles dansekurs på Rotthaugen skule i Sandviken. Elevar frå dette kurset er med på scena denne kvelden, saman med dansarar frå BUL og Flava Few.

Ambisjonar for danse-Bergen

Tatiana Palanca, no om dagen best kjent som soul-artisten Miss Tati, har vore med i Flava Few sidan starten i 1999. Dansemiljøet i Bergen var tidlegare samla på BIKS, fortel ho, og ho vonar at Grunn! kan vere starten på ein ny vår for dansen på BIKS.

Når eg spør Palanca om dette er starten på eit meir varig samarbeid mellom streetdance- og folkedansmiljøa i Bergen, forklarer ho at Grunn! i første omgang er ei eingangshending, og at det er meininga at det skal vere det.

– Flava Few og BUL Ervingen er berarar av kvar sin sterke tradisjon, svært ulike kvarandre. I Grunn! syner vi at vi kan leike saman på ei scene og feire ulikskapane, og vi får synt fram at Bergen har dans å byde på. Vi er begge ambisiøse på vegner av dansen i Bergen og ønskjer å rekruttere fleire dansarar. Det blir dansa altfor lite i Bergen!

Det er vanskelig å ikkje merke seg at alle gutane på scena er streetdansarar, medan alle i BUL Ervingen er jenter. Opdahl påpeiker at dei har ein gutt i stallen, som diverre ikkje hadde mogelegheit til å vere med på dette prosjektet. Men ho innrømmer at det ikkje er lett å rekruttere hankjønn til folkedansen.

– Eg er instruktør for seniorane ved BUL, og vi har nett same kjønnsfordelinga her, sukkar ho.

Stig Paa, ein av veteranane i Flava Few, stikk hovudet inn og vil gjerne seie noko om formen på danseforestillinga.

– Det har ikkje mangla på «halling-battles» etter at Frikar gjorde suksess på scena med Alexander Rybak i Eurovisjonen. Det er konkurranseaspektet ved dansen ein har lagt vekt på, og eg er skeptisk til at dans blir sett som berre konkurranse. Det vi driv med her, er ikkje battling, det er leik. Vi improviserer, eksperimenterer og leiker oss. Ting er ikkje rett eller gale, og det er lov å falle, lov å gjere feil – på ei scene.

«Berre vi held kjeft og dansar, forsvinn problemet og kommunikasjonen i dansen flyt.»

Stig Paa i Flava Few

Språkforvirring inga hindring

Opdahl i BUL seier seg einig i at danseformen i Grunn! er positiv og inkluderande. Mange av dansarane var i utgangspunktet ikkje særleg lystne på å syne seg fram på ei scene.

– Dans skal vere moro og glede. Vi er alle blitt gode vener gjennom dette prosjektet, og eg trur formen er med på å forsterke venskapane våre, seier Paa.

Det har vore nokre utfordringar knytt til kommunikasjonen dansarane imellom, fordi dei nyttar ulike dansetermar, fortel Paa. Folkedansarane rullar og spring, medan streetdansarane held takten med åtte- og sekstendelar.

– Men berre vi held kjeft og dansar, forsvinn problemet og kommunikasjonen i dansen flyt, seier den erfarne breakdansaren.

Både Paa og Opdahl er glade for den tette profesjonelle oppfølginga dei har hatt. Koreografen Vegard Vårdal og dansepedagogen Eline Malvik har vore innom og gjeve råd heile vegen, særleg når premieredatoen har nærma seg.

– Det har vore ein ekstremt kreativ prosess, og ideane har vore mange og storslegne. Vårdal og Malvik har gjeve oss uvurderlege tilbakemeldingar på kva som har funka og ikkje funka på ei scene, slår Opsahl fast.

Mykje av musikken i Grunn! er ei blanding av innspelt dansbar musikk. Men i BUL-dansaranes solosett står deira faste hardingfelespelar Maria Toppe for musikken. På eit par av fellesnummera får ho selskap av trommeslagar Ivar Thormodsæter, som òg speler nokre solonummer for breakarane. Så har vi òg fått stadfesta at hardingfele og funky trommebeats går fint i lag – slik norsk folkedans og newyorksk streetdance gjer i Bergen.

Bergen internasjonale musikkfestival BIMF held fram til og med laurdag 26. oktober. Sjekk ut programmet på heimesida til festivalen.