Frode Rolandsgard ønskjer debatt om opplæringa i kulturskulane kontra opplæringa som vart, og dels blir drive i regi av friviljuge lag og organisasjonar. Han lurer på om alt var betre før kulturskulane gjorde det store inntoget. Mi meining er at dette berre er eit nytt vers på ein gamal song.

Songen om dei fryktelege kulturskulane. Då eg byrja som kulturskulerektor i 2000 var det korpsrørsla som snakka om kulturskulane som ein avart av fanden sjølv. Kulturskulane stal elevane, og korpsa vart utarma. Samstundes var det vanskeleg å rekruttere lokale instruktørar til mange korps, i alle fall om ikkje korpset betalte bra for tenesta. Korps-Noreg gjekk inn i ein relativ lang depresjon, før dei no mange stader byrjar å sjå teikn på ei ny interesse for å spele i korps igjen. Kva gjekk gale for mange av desse korpsa, og kva held på å gå gale for mange spelemanns- og dansarlag i dag? Svaret med stor S finn ein vel knapt, men eg vil kome med eit par naudsynte spark slik at vi kanskje blir meir bevisste kva vi har, og kva vi kan stå i fare for å misse.

For det fyrste er kulturskulane ein opplæringsinstitusjon, medan folkemusikklaga og korpsa er sosiale møteplassar. Dette er to ulike fokus. Sett på spissen er kaffipausen i mange lag viktigare enn musikkutøvinga. Her blir verdsproblema løyst, og kaka smaka godt. Så lenge laga sat med ansvaret for opplæringa måtte dei også ha eit høgare fokus på rekruttering enn mange av dei har i dag. Eg er kanskje stygg no, men kva er fokuset no mange stader? ”Vi vil halde på med vårt,” no når vi slepp denne opplæringa. Så går det nokre år, og så lurer ein på kvifor det er så få som spelar, syng eller dansar i bygda eller byen. Svaret er at laget slutta å bry seg. Vi må som lagsmedlemmer aldri slutte å bry oss om rekrutteringa, særleg viss undervisninga er ”sett ut” til kulturskulen!

Jo Asgeir Lie, trekkspelar og tidlegare kulturskulerektor i Ål. (Foto: Terje Bjørnsen)

Debattinnlegget til Jo Asgeir Lie er eit tilsvar til Frode Rolandsgard sitt innlegg 10. april. Les Rolandsgard sitt innlegg her: Kulturskulen – eit problem for folkemusikken?

Eg vil også våge påstanden at det var folkemusikk-Noreg sjølv som banka på døra til kulturskulane – noko som også Frode Rolandsgard skriv. Eg kan berre snakke for eiga rekning, og eg hadde ingen intensjonar om at Ål kulturskule skulle kare til seg alt som skjedde av kulturell aktivitet i bygda. Snarare tvert om. Eg var også (håpar eg) tydeleg på at kulturskulen berre kunne utføre delar av heilskapen i opplæringstilbodet, den individuelle undervisninga, eller gruppeundervisninga der det høvde. Kulturskulen kan ikkje vere ein miljøskapar for folkemusikkmiljøet. Det må lagslivet ta seg av, men sjølvsagt med kulturskulen som ein aktiv medspelar, bidragsytar og samarbeidspartnar. Var det slik at børa med opplæringsansvaret vart teke av skuldrene, utan at ein felles strategi for tette relasjonar mellom kulturskulen og friviljug lagsliv vart etablert? Mange stader har det i alle fall blitt slik, dessverre. Det er sjølvsagt nærast motstridande å forvente profesjonelle strategiar av eit amatørlag, men her er det FolkOrg, NU og andre gode samanslutningar kan hjelpe til. For sjølv amatørmusikklivet blir profesjonalisert, om vi vil det eller ikkje. Det må vi ta konsekvensen av.

Det er eit felles ansvar om ein skal få folkemusikken og folkedansen til å bløme i åra som kjem. Kulturskulen og kulturskulelæraren må kjenne eit ansvar på å få elevane inn i det lokale laget. Samstundes må spelemannslaga våge å ta i mot! Vere opne og inkluderande. Det er den felles pausen, dei felles konsertane eller framsyningane som kan vere med å binde generasjonar saman. Og sikre rekrutteringa.

Så er det eit viktig punkt til slutt: Idealismen. Eg trur ikkje vi kjem utanom eldsjelene dersom ein skal få suksess. Dei som er limet. Der har dei fleste av oss noko å lære… På Ål har vi ein solskinshistorie innafor folkedansen, med opplegget som Martin Myhr har fått til. Utanfor kulturskulen, men eg vågar å påstå i nært samarbeid med kulturskulen. Det går an å få til gode samarbeid mellom friviljug lagsliv og kulturskulen, men det står og fell på at det er ei eldsjel der ute. Frode Rolandsgard ynskjer meir involvering av foreldra, og det er faktisk noko som fungerer fint innafor idrottsrørsla. Det er ingen som tek skade av å bli sett litt krav til, korkje unge eller vaksne.

Eg er ikkje så pessimist for utviklinga, snarare tvert i mot. Lat oss lære av dei erfaringane som korpsrørsla gjorde, og til og med våge å gjere nokre dristige vegval sjølve. Så trur eg faktisk at kulturskulane kan vere med å gjere folkemusikken og dansen endå sterkare i åra som kjem, med god hjelp av livskraftige folkemusikk- og dansarlag.