Foreldra og folkemusikklaga må bli meir delaktige i kulturskulane sine opplegg for folkemusikk og folkedans, meiner Frode Rolandsgard, valdris og sjef for plateselskapet Ta:lik.

Frode Rolandsgard. Foto: Knut Aastad Bråten

Les også:

På 90-talet hadde folkemusikklaga i Valdres rundt 500 medlemmer i Landslaget for spelemenn. I dag har vi i underkant av 300. Kva skuldast denne nedgangen? Er det mindre interesse for folkemusikk og folkedans, mindre mediefokus, dårlegare drifta lokallag, for høge medlemsprisar?

Årsakene er nok blanda.

Ein mogleg grunn er at det kostar å vera medlem i FolkOrg. Sentralleddet tek 250,-, dernest kjem fylkeskontingent og lokallagskontingent. Til saman gjerne 400–500,- Som aktiv utøvar er dette sjølvsagt ikkje noko problem, men for tante Olga som er positiv til aktivitet i bygda, men ikkje sjølv er aktiv dansar eller spelemann, er FolkOrg framand og medlemsprisen for høg.

FolkOrg treng difor eit system for støtte- eller familiemedlemskap, der Olga kan betale 100,- for å vera støttemedlem for aktiviteten i Vestre Slidre folkemusikk- og dansarlag.

Men dette er berre ein del av grunnen til at det går nedover.

Det er paradoks at utbygginga av kulturskuletilbodet innanfor folkemusikk og folkedans har gått parallelt med ei nedbygging av den frivillige aktiviteten i laga i Valdres. Kommunane i Valdres har teke over meir og meir av undervisninga av born og unge, og laga har blitt mindre og mindre aktive.

Hovudtesen min er at denne offentlege overtakinga – som vi sjølve var med å kjempe fram – har ført til at foreldra til desse ungane i mykje mindre grad blir gjort ansvarleg og dragne med i aktiviteten i lokallaga. I dag får ungane undervisning av betalte lærarar i kulturskulen, gjerne i den ordinære skuletida. Foreldra er lite involverte, utover å køyre dei til eit par konsertar og samlingar i året. Rekrutteringa er like god som på 90-talet, men omlandet rundt ungane er i stor grad borte.

Før måtte foreldra sjølve i stor grad organisere undervisninga gjennom lokallaget og gjennom konsertar for ungane. Dette førte gjerne med seg at dei sjølve vart interesserte, laga springarkurs og slik sjølve vart ein aktiv del av folkemusikkmiljøet.

Kva skal vi gjera? Legge ned kulturskulen? Ta tilbake undervisninga? Nei, det er nok litt drastisk. Men eg trur at spel- og dansarlaga i Valdres, og kanskje andre plassar, må bli flinkare til å involvere seg i ungane og undervisninga. Dei må ta kontakt med kulturskulelæraren og seia at dei vil arrangere fellessamlingar, konsertar og turar for ungdommane. Og her må foreldra involverast mest mogleg. Valdres folkemusikklag har kome så smått i gang med dette dei siste 3–4 åra, men har framleis att å utvikle dette samarbeidet vidare.

Har du ungar som driv med idrett møter du ein annan røyndom – som idrettsforelder blir du berre sett opp på vakt når idrettslaget skal arrangere noko. Kan du ikkje, må du byte. Og dette syns foreldra er heilt ok. Dei vil gjera ein innsats for ungane sine. Innanfor folkemusikken, i alle fall her i Valdres, har vi ikkje hatt tradisjon for slik tvangsutskriving, men det er truleg framtida. Ansvarleggjering av foreldra innanfor kulturskulen, basert på at vi som frivillig lag driftar eit ekstra tilbod for ungane deira, er vegen å gå.

Så nei, takla rett er ikkje kulturskulen problemet, men ein del av den framtidige løysinga. Halleluja!

Køyr debatt.