På landsmøtet i FolkOrg i slutten av månaden skal det drøftast om ein skal innføre familie- og støttemedlemskap i organisasjonen. FolkOrg-styret vil rå landsmøtet til å la vere. Eitt av argumenta imot er at ein er redd for at det skal bety tapte inntekter. Det er eit godt argument, FolkOrg treng jo pengane. Men til kva?

Fagernes, april 2014. Det er årsmøte i FolkOrg. Nokre titals delegatar er på plass, og det er god stemning. Årsmøtelyden har meiska seg med den overdrivne hotellunsjen, og brorparten har gjort eit solid innhogg i baren kvelden før. Mens dei sit der og prøver å fordøye både det eine og det andre inntaket, blir årsmeldinga lagt fram. I glansa form får dei lesa om FolkOrgs bragder gjennom året, og det er ikkje måte på kor bra det står til. Rekneskapen blir lagd fram. Organisasjonen har gått med eit lite underskott, men det er ikkje rart med tanke på all den flotte aktiviteten som FolkOrg har stått for det året, tenkjer folk. Stemnelyden klappar nøgd for dei flotte tiltaka FolkOrg har mot den vondsinna regjeringspolitikken, før det neste punktet overrumplar forsamlinga.

Folkelarm 2013 – dette banebrytande arrangementet som skal berge folkemusikken vekk frå sveitte bunadar og meiningslause førestillingar om at det går an å tevle i musikk og dans, samtidig som ein skal få resten av landet til å forstå at folkemusikk er kult om ein berre får lagt på nokre instrument folk ikkje har høyrt om før og sett det inn i ein verdsmusikalsk kontekst – har gått med nærmare ein halv million i underskot. Dette blir nemnd som ei av forklaringane på at FolkOrg også gjekk med eit – i forhold – relativt lite underskott. Stemnelyden kikkar på kvarandre. 500.000 kroner er ein del pengar, tenkjer dei. Eit par stykk dristar seg til å stille nokre spørsmål om kva FolkOrg har tenkt å gjera for kanskje å prøve å redusere dette underskottet litt, iallfall. FolkOrg har mange tiltak på lista, kostnadsreduksjon blir nemnt, og mellom andre tiltak skal ein på sikt prøve å skilje ut Folkelarm frå organisasjonen. Bra, seier folk, også klappar dei ivrig mens dei tenkjer fram mot Fagernes hotells kulinariske rettar – som trass alt berre kostar ein tusendel av Folkelarm-underskottet.

Dette er sjølvsagt ei overdriving. Men det er kanskje ei forteljing som kan vinne ein viss gjenklang i dei delane av folkemusikkmiljøet som populært blir kalla grasrota. Der nede ser ein få frukter av FolkOrg-arbeidet, fordi dei stort sett sjølve står for den aktiviteten dei deltek på. Det kan og bør sjølvsagt innvendast at FolkOrg arrangerer mange flotte seminar og kurs, dessutan er dei ein flott ambassadør for folkemusikken i stortingskorridorane. Dette gjer dei samtidig som dei varetek ulike særinteresser ved både å jobbe aktivt for yrkesfolkemusikarane og ved å gjera ein kjempejobb som rettleiarar for Landskappleiken og Landsfestivalen.

Kjellbjørn Karsrud, spelemann og lektor. (Foto: Arne Moslåtten)

Fotnote

  1. Folkelarm 2013 tente 400.000 kroner mindre enn budsjettert. I tillegg var lønnsutgiftene 150.000 kroner høgare enn budsjettert. Andre utgifter kom på 70.000 kroner over budsjettert. For Folkelarm 2014 vart det 148.000 kroner mindre i inntekter enn budsjettert. I tillegg kom eit meirforbruk på løn på 120.000 kroner.

Kjelder

(klikk for å lese)

Les også

Førestillinga om ein topptung organisasjon, med lite anna enn tåkeprat og luftslott på agendaen, står likevel sterkt. I sakspapira for Landsmøtet i FolkOrg 2015 står det å lesa at Folkelarm 2014 gjekk med nesten 268.000 kroner i underskott, trass i dei tiltaka som vart sette i verk i førevegen. Det kan også nemnast at Folkelarm vart grundig vurdert og evaluert i ein kostbar rapport frå 2012. På to år har ein dermed brukt rundt ein ¾ million på eit arrangement med langt mindre oppslutning enn dei tradisjonelle FolkOrg-arrangementa1.

Dei to største arrangementa i regi av FolkOrg er Landskappleiken og Landsfestivalen. Desse to arrangementa er stort sett økonomiske suksessar, noko som også kjem FolkOrg til gode (lokal arrangør betalar ein kompensasjon på 100.000 kr). I motsetnad til Folkelarm er det då ein lokal arrangør som må dekke underskota om arrangementa går i minus. For å samanlikne, blir Landskappleiken på Beitostølen og Landsfestivalen på Melhus, som båe gjekk av stabelen i 2006, stadig trekt fram som økonomiske fiaskoar – sjølv om det samla underskottet til desse to arrangementa ikkje kjem i nærleiken av dei summane FolkOrg har brukt på Folkelarm. Løysinga på desse sviande underskota er å auke medlemskontingenten ytterlegare. Arrangementet Folkelarm, som i utgangspunktet burde vera eit positivt tiltak som fleire tok seg bryet med å vitje, blir dermed ståande som eit vitnemål om prioriteringane til FolkOrg.

Som aktiv medlem i tre lokallag (Vårflaumen spel- og dansarlag, Ål spel- og dansarlag og Team GløsTøs), betalar eg med glede rundt 650 kroner i medlemspengar, og det er som sikkert mange vil peike på, berre 250 av desse kronene som går direkte til FolkOrg. Spørsmålet er om dei 2,5 millionar kronene me til saman betalar i medlemskontingent blir forvalta på ein slik måte at folk synest det er verdt det. Særleg når middels interesserte lokallagssympatisørar, «kappleikksstuntarar» eller berre ein vanleg småbarnsfamilie (til dømes) skal vege FolkOrg-fakturaen opp mot utgifter til andre lag og organisasjonar.

Det har vore høg grad av konsensus i det organiserte folkemusikkmiljøet dei siste åra, og mykje av den retorikken frå 1980- og 1990-talet, som i dag i beste fall kan karakteriserast som livleg, er knapt å spore i dei foruma me no har for formell debattutveksling. I meir uformelle samanhengar kan ein likevel finne andre røyster. Det er flott at me no for det meste dreg i felles retning, men det er ingen grunn til å slutte å stille kritiske spørsmål til korleis me forvaltar støttekroner og medlemspengar.