Hjem > Artikkel

BRIMIBLOGGEN

Kva skal barnet heite?

Illustrasjon_fele

Det er ein ting eg har tenkt på i det siste, nemleg korleis vi spelemenn presenterer slåttane våre. Omgrepa går innimellom i surr: ”etter”, ”i form etter”, ”lært av”, ”lært av opptak med”, ”av”, ”i tradisjon etter” osb, skriv Aslak O. Brimi i bloggen.

La oss ta ”av” fyrst, det er liksom lettast. Dette er jo det einaste omgrepet der vi kan si at folk nyttar det ”rett” og ”gale”. Veit vi at ein slått er laga av nokon, SKAL vi nytte ”av”. Sjølvsagt. Likevel, eg har sett spelemannsprisvinnarar, høyrt Folkemusikktimen, A-klassevinnarar og proffe musikarar bruke dette feil. Det overraskar meg kvar gong. Det handlar om dårleg research. Men, dei om det.

Dei andre omgrepa er ikkje like lett å si at er brukt rett eller gale. Men, eg trur kanskje ein del ikkje er så medvetne om korleis dei nyttar omgrepa. Og, eg innrømmer lett at opp i gjennom mine år som spelemann har eg brukt omgrepa om kvarandre. Men målet mitt er at folk skal vere medvitne og tydelege på omgrepsbruken.
 
Det mest brukte, og som ikkje alltid er intuitivt å skjøne kva folk legg i, er omgrepet ”etter”. Springar etter Myllarguten, Gangar etter Knut Heddi, Laus etter Jan B. Granli, Springleik etter Bjørn Odde, pols etter Peder Nyhus, er alle døme på dette. Eg vil bruke eit døme til å illustrere kva eg tenkjer omgrepet ”etter” inneheld.

Article image
Illustrasjon - Theo Persen Strømsted

Ærast den som ærast bør!

Bjørn Odde er ein av mine læremeistrar. Av han har eg mange valsar, springleikar og hallingar, eksempelvis  ”Vals etter Hans Brimi”, ”Springleik etter Erling Kjøk” og ”Halling etter Johannes  Langøygard”. Erling, Hans og Johannes er alle døme på folk Bjørn har lært av. Spørsmålet mitt er kva skal eg kalle desse slåttane, korleis skal eg presentere dei? For meg er det naturleg å bruke ”etter Bjørn Odde” i alle tilfella. Eg har lært av han, og ikkje av dei tre kjeldane til Bjørn. Her ligg det altså i korta at eg legg ”lært av” i ”etter”. Poenget er: Ærast den som ærast bør! Eg ynskjer å ære dei eg har lært av - som dei æra dei dei lærte av.

Kva med døma ”springleik etter Fel-Jakup” og ”Vals etter Per Spelemann”? For meg er dette ein måte å bruke ”etter” på som ikkje er så god. Eg har jo ikkje slåttane etter dei. Dei er namn i tradisjonen min, men ikkje har eg møtt dei og ikkje har eg opptak av dei. Det eg derimot kan finne på å si er ”Fel-Jakup-springleik etter Bjørn Odde”. Det vil si at akkurat denne springleiken seiast det kan knyttast attende til Fel-Jakup. Kanskje er det i desse tilfella mange nytter ”i tradisjon etter”. Eg tykkjer dette er litt vanskeleg omgrep å tolke. Akkurat som ”i form etter”, eit omgrep eg tykkjer er enda meir vanskeleg. Kva er ”ei form”? Kva som ligg i dette vil variere frå spelemann til spelemann, og frå tilhøyrar til tilhøyrar. Men som sagt, desse omgrepa kan andre diskutere – eller så kjem eg attende seinare.

Eg meiner at fleire er for lite flinke til å bruke ”lært av”, og ikkje minst ”lært av opptak med”.  Når eg får tenkt meg om, så bytter eg ut ”etter” med eit av desse. Så ofte eg kan. ”Lært av” og ”Lært av opptak med” gjev liksom så mykje meir informasjon enn det litesigande og tvitydige ”etter”. Men, same kva du gjer, ver medviten om kva du nyttar. Ver så ueinig med meg som du vil når du nyttar omgrepet ”etter”, men så lenge du er medviten på kva du legg i det: Flott! 
Eg vil avslutte med Per Spelemann sine eigne ord, og eit poeng som er verdt å ta med seg når vi nå på kappleiken sikkert i fleire høve får høyre om slåttar ”etter” folk som har vore daude over 150 år.

Per var ein dyktig spelemann og damesjarmør. For dei som ikkje veit det heitte han Per Kringelhaugen, og var frå Bøverdalen i Lom. Han var ein mykje brukt dansespelemann, og ein gong han sat og spelte på ein ball, var det ein gut som vart ståande å sjå på han. I ei pause gjekk guten bort til Per og ville skjenke han ein dram (Merk det i desse kappleikstider: Det var skikk og bruk å skjenke spelemannen).  ”Sjå her nå bestefar ska’ du få ein dram hjå me’”, sa guten. Per snudde seg mot han, såg han djupt i augo, og sa: ”Neimen, æ du ein ette’ me du au?”


Aslak 0. Brimi

 

 


 


(1) | Tips en venn | Skriv ut |