Saman med fleire organisasjonar inviterer Hilmarfestivalen folkemusikkungdom frå heile landet til Hilmar:UNG i november.

Hoven Droven - Foto - Runhild Heggem.

Hilmar:UNG er eit samarbeid mellom Stiftinga Hilmar Alexandersen, Bygda Dansar, FolkOrg og Noregs Ungdomslag. Saman trør dei til for å lage ei tettpakka folkemusikkhelg i byrjinga av november.

Kurshelga er retta mot ungdom mellom 14 og 26 år, som driv med folkemusikk eller folkedans.

– Med Hilmar:UNG lagar vi ein møteplass for ungdomar på tvers av organisasjonar og geografi. Her blir du kjend med folk gjennom kurs med supre instruktørar, eller på med festivalopplevingar på Hilmarfestivalen på kveldstid, fortel Ina Cyrus i Stiftinga Hilmar Alexandersen.

Marit Vestrum i FolkOrg er glad for at samarbeidet organisasjonane i mellom.

– Me arbeider alle med mykje av det same, samstundes som at ein har ein ganske delt medlemsmasse. Denne kurshelga er ein flott sjanse for oss å samarbeide.

 

«Det er vel ingen ting som er betre enn å vera saman med vener på festival. Kombinert med kurs på dagtid, vert dette eit høgdepunkt. »


På kurset blir det både gruppeundervisning og fellesundervisning med røynde musikarar og dansarar.

Instruktørane på dans er Torkjell Lunde Børsheim og Ådne Kolbjørnhus. Dei har begge dansa i Frikar og dansar både halling og pardans. Nina Fjeldet, Øyvind Sandum og Rikke van Ommeren er instruktørar på spelkurset.

– Det er ikkje kvar dag ein får moglegheit til å få undervisning av dei som står på scena same kveld, seier Inga Myhr, prosjektmedarbeidar for Bygda dansar i Hedmark. Ho er oppteken av høg kvalitet i undervisinga og det meiner ho at ein får med desse instruktørane.

 

«Det er ikkje kvar dag ein får moglegheit til å få undervisning av dei som står på scena same kveld»

God kombinasjon

Hilmarfestivalen er ein festival som vert arrangert på seinhausten, ei tid det ikkje er mange andre festivalar rundt om i landet. Dette vert dermed eit godt høve til å få med seg festivalstemning i haustmørket.

– Det er fint at det dukkar opp møteplassar opp andre stader i landet, seier Halldis Folkedal i Noregs Ungdomslag.

–Det er vel ingen ting som er betre enn å vera saman med vener på festival. Kombinert med kurs på dagtid, vert dette eit høgdepunkt.

Påmeldingsfristen til årets kurs er sett til 20.oktober. Utøvarar som melder seg på får i tillegg til kurset høve til å oppleve programmet på Hilmarfestivalen.

HILMAR:UNG
  • Kva: Helgekurs for ungdom i musikk og dans
  • Kvar: Hilmarfestivalen på Steinkjer
  • Når: 7.-9. november 2014
  • Instruktørar i dans: Torkjell Lunde Børsheim og Ådne Kolbjørnshus
  • Instruktørar i spel: Nina Fjeldet, Øyvind Sandum og Rikke van Ommeren
  • Påmeldingsfrist 20. oktober
  • http://www.hilmarfestivalen.no