Landskappleiken og Jørn Hilme-stemnet på Fagernes er over. Folkemusikk.no har samla eit knippe artiklar og andre ressursar frå verdsveven, med nokre bilete frå tevlingane, for deg som vil minnast den fullspekka og storslegne Valdres-helga.

Klikk på tittelen til artikkelen for å gå til kjelda og lese eller høyre heile artikkelen eller innslaget.

Hardingfele

Folkemusikktimen 2. august – NRK

Heile Folkemusikktimen 2. august blei vigd til tevlinga i hardingfele klasse A på Fagernes. Høyr spel og intervju med fleire av deltakarane.

Ottar gjorde reint bord – Varden (Halvor Ulvenes, 27. juli)

Ottar Kåsa innkasserte tre fyrsteplassar på Landskappleiken. I tillegg til topplasseringa i hardingfele klasse A, blei han også kåra til beste dansespelemann for utøvarane både i halling og dei som svinga seg i hardingfele-klassa.

Lars Ingar spilte skjorta av de beste – Sandefjords Blad (Flemming Hofmann Tveitan, 27. juli)

Felespiller Lars Ingar Meyer Fjeld overrasket både seg selv og andre under 2015-versjonen av Landskappleiken med en oppsiktsvekkende tredjeplass i eliteklassen.

Ottar Kåsa vann A-klassa nok ein gong – Telemarksavisa (Kjell Bitustøyl, 26. juli)

Konkurransen i spel hardingfele klasse A var kan hende hardare enn nokon gong. 20 stilte opp. Dommarane hadde ei krevjande oppgåve, og for tredje gong i historia gjekk telemarkingen Ottar Kåsa av med sigeren i denne klassa.

Ottar Kåsa heilt til topps på landskappleiken – Varden (Halvor Ulvenes, 25. juli)

Ottar Kåsa gjekk heilt til topps i hardingfele klasse A på Landskappleiken på Fagernes. Kometen Lars-Ingar Meyer Fjeld frå Porsgrunn sørga for tredjeplass til Telemark.

 

Ottar Kåsa, vinnar av spel hardingfele klasse A. (Foto: Runhild Heggem)

Unge og eldre deltakarar i vokaltevlingane på Landskappleiken: Anlaug Nørstebø, Helle Luraas Lilleland (vinnar av vokal klasse A), Unni Boksasp, Malin Røysland Skårberg og Guro Gunleiksrud. (Foto: Kjell Bitustøyl)

Vokal

Folkemusikktimen 26. juli – NRK

Heile Folkemusikktimen 26. juli blei vigd til Landskappleiken på Fagernes. Du får fleire bidrag frå tevlinga i vokal klasse A og mykje anna.

Her kan du høyre den vakraste vokalen i landet – NRK (Halvor Farsund Storvik og Silje Kristin Guddal, 27. juli)

Unni Løvlid frå Hornindal stakk av med den gjævaste vokalprisen under årets Landskappleik på Fagernes. Her kan du høyre vinnarbidraget.

Ingebjørg kopierte suksessen – Varden (Halvor Ulvenes, 24. juli)

Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord gjekk til topps på Landskappleiken framfor Inger Lien frå Møsttrond. Telemarkskvinnene kopierte såleis suksessen i vokal klasse B frå Landskappleiken på Geilo i fjor.

Full pott til Telemark – Telemarksavisa (Kjell Bitustøyl, 23. juli)

Ingebjørg Lognvik Reinholt frå Seljord vann klasse B vokal folkemusikk under Landskappleiken, i år som i fjor. Og på ein god andreplass kom Inger Lien frå Møsstrond. Neste år er dei båe A-klassingar.

Tok trippel på Landskappleiken – Varden (Halvor Ulvenes, 24. juli)

Kvedarane Helle Luraas Lilleland og Guro Gunleiksrud delte fyrsteplassen i vokal klasse C på Landskappleiken fredag. På tredjeplass kom sambygdingen Malin Røysland Skårberg, også Tinn. 

Dans

Kongepokalen til Hansegård – NRK (Knut Røsrud, 26. juli)

Hallgrim Hansegård fra Øystre Slidre Spel- og dansarlag vant kongepokalen under Landskappleiken på Fagernes. – Fantastisk å få dette til etter en meniskskade som satte karrieren i fare, sier han.

Vossasiger på Landskappleiken – Hordaland (Knut Ådne Røen, 25. Juli)

Seint laurdag kveld kom det ei gledeleg melding frå Landskappleiken på Fagernes. I den gjeve A-klassen i «Dans hardingfele» gjekk Håkon og Ami Dregelid frå Voss Spelmannslag heilt til topps med 101 poeng. – Me fekk litt hakeslepp i går, seier Ami Dregelid.

Danset seg til topps – Tønsbergs blad (Kirvil Håberg Allum, 30. juli)

– At dansen gir folk så mye følelser er stas, sier en glad Anbjørg Myhra Bergwitz fra Tønsberg. Hun og kjæresten Audun Grüner-Hegge debuterte og tok 1.-plassen i eliteklassen for pardans «Dans fele» med en polsdans fra Finnskogen.

Sara og Eivind dansa seg til topps – Varden (Halvor Ulvenes, 25. juli)

Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka vann dans i hardingfele klasse B på Landskappleiken. Eva Lundberg og Arvid Sperrud toppa same dansen i klasse D.

Gull på Landskappleiken – Aura Avis (Tommy Rustad, 25. juli)

Under landskappleiken på Fagernes vant Rune Hanem og Silje Osnes sin klasse med polsdans fra Nordmøre i Todalstradisjon. De vant i klasse B for andre år på rad, noe som kvalifiserer til opprykk til klasse A fra neste år.

Ami og Håkon Dregelid, vinnarar av dans hardingfele klasse A. (Foto Anbjørg Myhra Bergwitz)

Tor Hoslemo, vinnar av Fureprisen 2015. Prisen blei delt ut under Landskappleiken. (Foto Runhild Heggem)

Litt av kvart

Til topps i landskappleiken – Opdalingen (Katrine Silseth Naas, 25. juli)

Andreas Bjørkås vant sin fjerde tittel i fele klasse A. Oppdalingen har tidligere vunnet den tre ganger før.

Debuterte og vant på Landskappleiken – Østlendingen (Mari Nyberget, 26. juli)

Dorthe Nilssen (12) fra Løten og dansepartner Trygve Liehagen (14) fra Ottestad var med på lagdans senior for første gang under Landskappleiken i helga.

Amalie Kinsarvik Tvilde fekk 3. plass under Landskappleiken – Hardanger Folkeblad (Eirin Tjoflot, 28. juli)

At Amalie Kinsarvik Tvilde har eit stort talent når det gjeld toradarspeling, er det ingen tvil om. Det fekk ho igjen bevisa under Landskappleiken på Fagernes denne helga. 

Landskappleiken lørdag – Varden

Fotoserie av Halvor Ulvenes frå Landskappleiken laurdag 24. juli.

Dømming på kappleik: På tide å fjerne tradisjonsrubrikken – Folkemusikk.no (Kjell Bitustøyl, 29. juli)

Til tider har det vore debatt om tradisjonsrubrikken på domarskjemaet i samband med dømming på kappleik. Under den nyleg avslutta Landskappleiken på Fagernes fekk me nok ein gong demonstrert at denne rubrikken stundom fører til underlege utslag i høve til resultatlistene. 

Frå oppvarminga

Bruksanvisning for Landskappleiken – Valdres (Helge Gudheim, 21. juli)

Onsdag 22. juli brakar Landskappleiken laus på Fagernes, og felespelet blir å høyre til sundag ettermiddag. Men kva er eigentleg ein landskappleik? Redaktør Ivar Brynildsen utfordra underteikna til å skrive ei bruksansvisning på kva ein landskappleik er for noko – ein infoartikkel for «dummies».

– Vi vil oppleve norsk folkemusikk – NRK (Helle Therese Kongsrud, 22. juli)

Landskappleiken er mer populær enn noen gang. I år arrangeres den sammen med Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko og over 3000 besøkende ventes til Fagernes. – Vi har aldri hatt flere påmeldte enn dette, sier Eli Marit Fuglesteg.

Til Landskappleiken med soge og musikk – Hordaland (Knut Ådne Røen, 22. juli)

I dag startar Landskappleiken på Fagernes. Astri Sudmann frå Voss stiller til leik med musikk frå Hemsedal.

Klar for rundom – Østlendingen (Liv Simensen, 22. juli)

Hedmarkinger stiller som vanlig kvinne- og mannsterke til Landskappleiken. Landets lengstlevende musikkfestival åpner på Fagernes onsdag 22. juli. Det er både superveteraner og unge talenter med fra Hedmark.

 

Hallingdal vann tevlinga i lagdans junior i Valdres – med ein hallingspringar. (Foto Runhild Heggem)

Ingebjørg Lognvik Reinholdt, vinnar av vokal klasse A. Reinholdt vann klassa for andre året på rad, og tevlar i A-klassa neste år. (Foto: Runhild Heggem)

Andre ressursar

Landskappleiken 2015 – FolkOrg.no

FolkOrg har samla alle saker frå Landskappleiken på ei eige side. Her finn du nyhende, praktisk info og nyttige lenkjer.

Landskappleiken – Facebook

På FolkOrgs side for Landskappleiken på Facebook kan du sjå mange videoar, bilete og nyhende frå kappleikshelga.

Knut Utler foto – Facebook

Fotografen Knut Utler er høgt og lågt på det meste som skjer i norsk folkemusikk – sjølvsagt òg Landskappleiken. Sjå Facebook-sida hans for ei rekkje blinkskot frå helga på Fagernes.

Runhild Heggem foto – Facebook

Spelledame, dansar, hardingfelemakar og fotograf Runhild Heggem var hyra inn som festivalfotograf under Landskappleiken, og på Facebook-sida si har ho lagt ut favorittbileta sine frå helga.