Landskappleiken i bergstaden Røros er over. Som vanleg har mange lokalaviser vore til stades og rapportert frå tevlingane, ikkje minst den gode lokale pressa.

Her er nokre høgdepunkt frå dekninga av Landskappleiken. Følg også med på Folkemusikktimen på NRK P2 i juli månad, kvar søndag klokka 18 – der kjem det mykje kappleiksstoff. Riksavisene var som vanleg ikkje til stades, men vi har funne fram til nokre kappleiksglimt frå riksarkiva. Tru om arrangørane av Landskappleiken 2018, Trysil-Knut Dans- og Spelmannslag i samarbeid med FolkOrg, klarar å få litt meir av riksmedia til å dekke storhendinga i Folkemusikk- og Folkedans-Noreg til neste års kappleik?

Dans

Dansa seg til kongepokal – NRK Telemark 10.7.17

Telemarkingane stakk av med fleire premiar under Landskappleiken på Røros i helga. Aller gladast blei nok Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud som sikra seg kongepokalen. Knut Boksasp Berge vann halling klasse C, og telemarkingar tok tre av dei fire øvste plassane i spel hardingfele A.

Løtensokningar tok gull på Landskappleiken – Østlendingen 9.7.17

Kari og Stig Nilssen frå Løten tok laurdag gull i dans klasse A fele under Landskappleiken 2017. Sonen Ole Nilssen tok andreplassen med sin dansepartnar Solveig Brekke Hauknes, og sytte dermed for eit skikkeleg «familie-hat-trick» i konkurransen.

To førsteplassar til Røros – Nea Radio 6.7.17

Dansarar frå arrangørklubben Røros Folkedanslag tok to førsteplassar under Landskappleiken torsdag. I dans fele B blei det førsteplass til Stein Vidar Kommandantvold og Linda Loktu, medan Iver Kolstad og Marie Skogsås tok førsteplassen i klassa dans fele C.

Telemarkingane Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud vann klassa dans hardingfele A og blei dermed kongepokalvinnarar. (Foto: Runhild Heggem)
Mari Midtli vann vokal klasse B, og er frå neste år A-klassing. (Foto: Ingrid Ytre-Arne)
Åsmund Fauske Jøtun blei vinnar av B-klassa i spel hardingfele. (Foto: Thomas Westling)
Øyonn Groven Myhren, som sist deltok i vokal klasse A på ein landskappleik for 18 år sidan, blei vinnar av klassa. (Foto: Thor Hauknes)

Spel og song

Andreas Bjørkås til topps – Opdalingen 8.7.17

Andreas Bjørkås har fleire topp-plasseringar i tidlegare landskappleikar å sjå tilbake på, og laurdag tok han ein ny triumf i klassa fele A. Her gjekk oppdalingen til topps med heile 89 poeng.

Tufskrøkjun og Mari Midtli vann gruppespel og song – Gudbrandsdølen Dagningen 7.7.17 (krev pålogging)

Mari Midtli frå Sel vann vokal klasse B for andre året på rad, og er dermed A-klassing frå neste år. Tufskrøkjun       vann att trona i gruppespel.

Nok ein durspel-siger – Opp 7.7.17

Øyvind Sandum spelte seg til topps i klassa durspel senior. Folkemusikaren er kjend for mange som del av oppdalsgruppa Sol i Skuggeskog og før det i Nordafjells. Han budde fleire i bygda før han flytta til Oslo, der han no jobbar i landskappleiksarrangør FolkOrg.

Lom vann lagspelet på Landskappleiken – Gudbrandsdølen Dagningen 8.7.17 (krev pålogging)

Lom spelmannslag vann lagspelet på landskappleiken på Røros. Mukampen vart nummer tre og Vågå nummer fire.

Hallingane gjer det bra på Røros – Hallingdølen 8.7.17 (krev pålogging)

Hallingane har drege i land fleire gode plasseringar under Landskappleiken på Røros så langt. Torsdag spelte Åsmund Jøtun Fauske frå Gol Spel- og dansarlag seg til fyrsteplass i hardingfele klasse B. Også i C-klassen i dans hardingfele var det hallingar som hevda seg i toppen.

Åsnes vokaltriumf – Laagendalsposten 8.7.17

Ingen har gjort meir for vokaltradisjonen i Numedal enn Åsne Bergset frå Veggli. Laurdag vann ho klasse D på Landskappleiken i konkurranse med fire andre. Ho har vore med på kappleik mange gonger, men har aldri vunne ei slik stormønstring.

Litt av kvart

Landskappleiken er i gang – Nea Radio 5.7.17

Røros er velsigna med ein svært god lokalradiostasjon, Nea Radio. Dei er sjølvsagt til stades på Verket under Landskappleiken. Her intervjuar dei festivalsjef Ståle Lund på opningskvelden onsdagen. For å sjå alle Nea Radio sine nyheitssaker frå Landskappleiken, både lyd og tekst – klikk her.

Kva slags gjødsel treng folkemusikken? – Nationen 6.7.17

5.-9. juli er det Landskappleik på Røros. Tevlinga har vore med på å halde folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Noreg levande. Men kva skal til for at vi framleis skal ha ein levande tradisjon og både profesjonelle og amatørutøvarar også om 20–30 år?

Nyhus & Nyhus trollbann i polsens Mekka – Nea Radio 8.7.17

Sven Nyhus og dottera Åshild Breie Nyhus heldt to fantastiske konsertar fredag kveld. «Vintervollen var polsens Mekka. Hit kom spelemenn som Sulhusgubben og Smed-Jens,» forklarte Sven Nyhus.

Johannes Sundsvalen nytt heidersmedlem i FolkOrg – FolkOrg 9.7.17

Sundsvalen har, i tillegg til i heimkommunen Sauherad, drive opplæring i Bø, Seljord, Nome, Notodden og Porsgrunn. Han har ein stor del av æra for at rekrutteringa av hardingfelespelarar i Telemark har teke seg opp. Sidan 2001 har han vore musikalsk leiar i spelemannslaget Bøheringen, og i 1990 gjekk han til topps i A-klassa på Landskappleiken.

Kappleik i alle aldrar – Østlendingen 10.7.17

Landskappleiken er over for i år, med eit stort aldersspenn mellom deltakarane. Østlendingen har intervjua bukkehornspelar Bendik Smedåsgjelten Qvam (21) frå Tynset og polsdansar Iver Kolstad (15) frå Røros.

Gir ut si siste plate: «Allting har ein slutt» – NRK Hedmark og Oppland 10.7.17

Dalakopa hadde sitt 14. og siste plateslepp under Landskappleiken på Røros. Dei underheldt med konsert i Kaffestuggu, som etter kvart har blitt stamplassen deira. Deira siste plate har fått tittelen «Hyllest til spellemannen».

Fureprisen til Hans P. Kjorstad – Dølen 10.7.17 (krev pålogging)

I finala laurdag kveld spela Hans P. Kjorstad frå Harpefoss spel- og dansarlag fletta av dei andre finalistane, og vann den gjeve Fureprisen for 2017.

Folkemusikktimen 9.7.17 – NRK P2

I denne første av fire folkemusikktimar frå Landskappleiken 2017, får du høyre eit intervju med Sven Nyhus, vinnarbidraga i fleire klassar og store delar av ein av dei lokale paradegreinene: spel fele klasse A. Programleiarar er Guri Skeie og John Ole Morken.

Furestipendvinnarane i 2017 flankert av FolkOrgs styreleiar. F.v. Hilde Reitan, Knut Boksasp Berge, Olav Kvåle Myksvoll, Mari Resset Møllerplass, Eivind Tanche-Larsen Knudsen, Cecilie Skrindo, Marius Westling, Amalie Kinsarvik Tvilde, Marie Skogås og Iver Kolstad. (Foto: Thomas Westling)
Kari og Stig Nilssen, vinnarar av klassa dans fele A, dansar under meisterkonserten. Sonen deira Ole Nilssen kom på andreplass saman med sin dansepartnar Solveig Brekke Hauknes. (Foto: Thomas Westling)
Lom Spelmannslag gjekk nok ein gong til topps i klassa lagspel senior. (Foto: Thor Hauknes)
Johannes Sundsvalen blei utnemnd til nytt heidersmedlem under meisterkonserten på Landskappeiken 2017. (Foto: Thomas Westling)
Cecilie Skrindo frå Ål spel- og dansarlag vann klassa spel hardingfele C. Ho mottok også eit Furestipend på 10 000 kr. (Foto: Thomas Westling)

Tilbakeblikk

Omkring ein landskappleik – NRK TV 4.10.1970

Også i 1970 var Landskappleiken på Røros, og i NRKs program frå junidagane står dansen og det sosiale kappleikslivet i sentrum. Du får mellom anna sjå polsdans til Glåmos spelemannslag, hallingspringar og laus til Jens Myro og telespringar til Kristiane Lund – som fortel at ho er på Røros for første gong. Sven Nyhus får du sjølvsagt sjå både med mikrofon og fele i handa.

Under Tronfjell – NRK TV 16.8.1974

Sven Nyhus og Lise Foss vitjar Røros-området og Nord-Østerdalen, og møter mellom andre Ingjald Hoel frå Alvdal, Marius Nytrøen frå Vingelen og Borghild Streitlien frå Folldal.

Kappleikstreff – NRK TV 11.7.1984

I 1984 var det Odda som arrangerte landskappleik. Programleiar for denne kappleikstreffen er Wigdis Espeland. Vi får høyre mykje musikk av Hardanger spelemannslag – både slåttespel, gammaldans og nyare populærmusikalske tonar. Johannes Kvestad fortel historia om hardingfela, og hardingfelemusikken frå Hordaland blir grundig presentert.

Ein kappleik med tida – Klassekampen 2.7.11

Landskappleiken balanserer hårfint mellom tradisjon og nyskaping. Folkemusikken utviklar seg sakte og organisk, mener Aslak Brimi, ikkje berre gjennom musikalske månelandingar. Og i denne utviklingen spiller også tradisjonsstoffet en viktig rolle. Klassekampen vitjar Landskappleiken i Seljord 2011.

2. juli 1992: Sturla (17) sigra i landskappleiken – Avisa Sør-Trøndelag 30.6.17

«Vakse spel av krevjande slåttar. Variert og rik bogeføring. Sikkert og nyansert spel. Meistrar presisjonsspelinga godt.» Det var attesten orkdalingen Sturla Eide fekk med seg då han vann C-klassa i hardingfele på Landskappleiken på Fagernes i 1992.