-
Historia til Hilme-stemnet
fredag 30.07 - 17:17 -
50-årsjubilant i gang
mandag 26.07 - 11:59 -
Eckbo Legaters Folkemusikkpris til Helga Myhr
fredag 23.07 - 18:54 -
Svermere i sommervarmen
fredag 23.07 - 14:28 -
Telemarkfestivalen er i gang
torsdag 22.07 - 16:14
Stillingsutlysing
Ledig vikariat som rådgjevar
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen vart skipa 21. november 2009 som ei samanslutning av Norsk Folkemusikk- og danselag og Landslaget for Spelemenn. Organisasjonen har som sitt fremste føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Som kulturpolitisk interesseorganisasjon har han eitt breitt arbeidsfelt som spenner frå aktive lokale spel- og danselag, til fremjing av norsk folkemusikk på høgt nivå både heime og ute.
Organisasjonen lyser ut vikariat i 100% t.o.m. 31.12.2010 som:
RÅDGJEVAR - folkemusikkformidling
Rådgjevaren arbeider med formidlingsaktiviteten i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen, særleg dei store prosjekta retta mot utland. Dette inneber prosjektutvikling, nettverksbygging, søknadskriving og budsjettarbeid. I stillinga ligg òg redaksjonelt arbeid på folkmusic.no og folkemusikk.no.
Vi søkjer etter ein omgjengeleg og initiativrik person med interesse for folkemusikkformidling i Noreg og internasjonalt.
Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:
- Gode kontaktskapande eigenskapar, evne til nettverksbygging og samarbeid i inn- og utland
- Sjølvgåande, initiativrik og strukturert
- Relevant kontaktnett og erfaring
- Erfaring med prosjektleiing og internasjonalt arbeid
- Utdanning på høgre nivå
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk blir vektlagt. Eit tredje språk er ein fordel.
Arbeidsstad er Oslo. Ein del reiseverksemd må påreknast. Løn etter avtale. Tiltreding så snart som mogleg. Stillinga kan eventuelt delast på fleire.
For meir informasjon om organisasjonen sjå www.folkemusikk.no.
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med konstituert dagleg leiar Lene Furuli, tel 991 60 741/ lene@folkemusikk.no eller rådgjevar formidling Silje Førland Erdal, tel 95 882 062, silje@folkemusikk.no.
Send søknad med CV til: Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen, PB 4613 Sofienberg, 0506 Oslo eller på e-post post@folkemusikk.no .












