Vi treng eit krafttak for rekrutteringa i folkemusikken!

LEIAR: Folkemusikklina på Vinstra har to søkjarar til neste år. Det er same talet på søkjarar som dei hadde det aller fyrste året – for 17 år sidan. Skal ein tru rykta, er situasjonen den same hos fleire av dei andre utdanningsinstitusjonane også. Folkemusikklina på Vinstra har dei siste åra produsert nokre av dei beste unge spelemennene Noreg har å by på. Det burde vera det beste salsargumentet ein skule kan ha. Men nei. Med berre to søkjarar til det einaste heilskaplege vidaregåande tilbodet innanfor folkemusikk er det berre eit tidsspørsmål før det er kroken på døra på Vinstra, slik det i si tid var det i Valle og på Fagernes. Her trengst handling, og det må skje raskt. Dersom folkemusikkmiljøet i Noreg framleis vil ha eit slikt vidaregåande tilbod, må ein leggje felles strategiar for ei revitalisering, slik ein i si tid gjekk saman om kravet om ei felemakarutdanning.

Men kva er så søknadssvikten eit signal om? Er det rekrutteringsarbeidet som har svikta?

Ein kan undre seg over om det dei siste åra har vore ei for stor vektlegging av dei utøvande musikarane, og for lite vekt på grasrota. For mens FolkOrgs mest synlege arbeid utan tvil er retta mot yrkesutøvarane, kanskje fyrst og fremst gjennom bransjetreffet Folkelarm, er søkelyset på rekruttering langt mindre synleg. Ja, det er ute i spelemannslaga at rekrutteringsarbeidet må gå føre seg, kvar dag. Og ja, det kviler også eit stort ansvar på kulturskulane, på politikarar og på eldsjeler der ute. Likeins: Familien som rekrutteringsarena er like viktig nå som tidlegare. Men samtidig kan ikkje FolkOrg, som den største landsorganisasjonen for folkemusikk og fokedans, krype unna eit større ansvar enn dei fleste når det gjeld ansvar for rekruttering. Ein medlemsorganisasjon si aller viktigaste oppgåve er å sørgje for ettervekst. Og kanskje burde ein snart leggje meir vekt på breidde og seia høgt at breidde er eit mål i seg sjølv? For kva ville til dømes Noregs Fotballforbund vore utan breiddefotballen?

I 2013 gjekk Folkelarm med ein halv million kroner i underskot. Det kunne ein forsvart dersom det var slik at effekten var ubetaleleg. Slik er det dessverre ikkje, etterveksten uteblir, og dermed kjem også reaksjonane. Når gjekk FolkOrg sist på ein økonomisk smell på ein halv million kroner til rekrutteringsarbeid? Ein slik budsjettsmell ville sannsynlegvis bli møtt med – om ikkje applaus – så atskilleg forståing. Desse pengane kunne vore brukt av berebjelkane i rekrutteringsarbeidet – eldsjelene ute i lokallaga – til mange gode aktivitetar for å sikre større ettervekst.

FolkOrg skal ikkje skuldast for å ha trødd i graset. Så dei spede spirene har fått stå. Men utan ettersyn og pleie veks det vilt, forutan retning. Og alle veit at i ein forsømt plen kjem det mykje uønskte vekstar. Men dette handlar ikkje berre om organisasjonane. Vi har alle eit ansvar. Dei fleste registrerer nok at områdelaga sine kappleikar etter kvart har vorte meir rekruttmønstring enn reell kappleik. Kvifor er det slik at dei vaksne spelemennene ikkje stiller på dei små kappleikane? Ja, det er ikkje fordi dei ikkje finst. For dei stiller opp når det kjem til Landskappleiken. Den har nemleg status. Men for dei yngre er det like gjævt å vera med på dei små kappleikane. Pulsen er like høg – hjartet rasar like fort. Status er for dei yngre eit ikkje-omgrep. Heldigvis. Men kva skjer på sikt med områdekappleiken når ein stadig ser at dei eldre spelemennene ikkje prioriterer det? Kva skjer når ein har færre og færre å sjå opp til? Og ikkje minst: Får ein ikkje prøvd seg på heimebane fyrst, blir steget opp på større kappleiksscener enda større.

«Her blir nok storskog enno her, berre ein fèr fint med ungskogen», heiter det avslutningsvis i Sven Morens forteljing Storskogen. Vi har eit særskilt ansvar for å passe på ungskogen.

Bjørn Kjellsson Sletten, redaktør i bladet Folkemusikk. Foto: Anne M. Steine

«Når gjekk FolkOrg sist på ein økonomisk smell på ein halv million kroner til rekrutteringsarbeid?»