Breitt, folkeleg, profesjonelt og utfordrande. Bladet Folkemusikk skal spegle folkemusikkmiljøet i 2014.

LEIAR: Med nye kostar kjem også nye tider, og for den faste lesar av bladet Folkemusikk kan det kanskje vera litt travaleg å finne fram att til dei vande delane denne gongen. Ja, det er ikkje eingong alle dei vande delane som er der lenger, eller dei har kanskje fått nye namn og nytt uttrykk. Eg vonar likevel at det nye tilskotet til folkemusikkfamilien etter kvart bidreg til at dei mange romma i huset blir fylte, at ein får gode knaggar å henge frå seg på, og at bladet framleis skal slå opp dører og opne vindaugo.

For kva skal bladet Folkemusikk vera? For meg er det eit vel så interessant spørsmål kva bladet Folkemusikk kan vera. Det gir eit langt større rom på den redaksjonelle sida til å eksperimentere og leike seg – men ikkje minst gir ei «kan»-tilnærming langt større rom for å invitere dykk lesarar med på å forme eit blad for folkemusikken og -dansen i Noreg enn «skal»-tilnærminga. Kva oppnår ein så med det? Forhåpentlegvis kjem ein til å oppleva at lesarane i større grad vil vera med og bidra, både når det gjeld tipstilfang og gode idear, men ikkje minst gjennom det å sjølve stille opp i spaltene i bladet. Folkemusikkmiljøet er etter mi meining ikkje prega av høge tersklar. Eg vonar heller ikkje at det er eit bilete ein ønskjer å teikne av seg sjølv. Skal bladet vera sannferdig som spegelbilete av miljøet, må dette også gjelde mellom permane våre. Låg terskel, breie dører.

Eg har lyst til å trekkje fram Sigurd Johan Heides kronikk, som kan lesast annan stad her i bladet, om den deltakande scenekunsten. Eg minnest eit av mine eigne møte med dette fenomenet, da Nationaltheatret for nokre år sidan sette opp «Markens grøde» i regi av tyske Sebastian Hartmann. Her vart publikum invitert inn – i alle fall til ein viss grad – i ei vill, rå og autentisk utgåve av Hamsuns epos. Skiljet mellom sal og scene skulle viskast bort. På same måte ønskjer eg å viske ut skiljet mellom dei som forfattar og dei som les bladet Folkemusikk.

Det er nok mange som har brukt jula på å sitja godt, eta godt, drikke godt og låte godt. Og det er greitt. Men jula varar ikkje heilt til påske. Kanskje er det komfortabelt å sitja der, men ein veit med seg sjølv at til lenger ein blir sitjande, til verre blir det å koma seg opp att. «Dei søv skikkeleg, somme», seier ein av dei intervjua i dette bladet. Han snakkar om folkemusikkmiljøet. Det er nok sett på spissen, jo da, men frasen «dei søv skikkeleg, somme», veit vi kan nyttast om mange samfunnsområde og fenomen, ikkje berre om folkemusikken. Men det gjeld også oss. Øverland brukte litt andre ord, men meinte det same. Erlend Viken snakkar om å ikkje køyre seg fast i eitt spor. Og når vi er inne på trafikale omgrep: Ein annan sentral person i det norske folkemusikkmiljøet sa til meg at folkemusikkmiljøet i Noreg er prega av treig reaksjonsevne og altfor lang bremselengde. For det etablerte vil ei tilnærming til folkedansen slik Sigurd Johan Heide tek til orde for, bli som høgrekøyring i Storbritannia. Det er dømt til å oppstå kollisjonar. Men kanskje er det vegen å gå. For bladet Folkemusikk er det å få fleire til å tenkje kollektivt – og å dra i same retning – definitivt eit viktig mål.

Eg sette meg føre å laga eit blad som kan famne det meste – helst på ein gong. Det veit eg er vanskeleg, for ikkje å seie umogleg. Men det som skal vera mogleg, er å snikre saman eit blad som er relevant for flest mogleg, mesteparten av tida. Eg vonar og trur at de som lesarar ser konturane av dette reisverket allereie. God lesnad!

Bjørn Kjellsson Sletten, redaktør i bladet Folkemusikk. Foto: Anne M. Steine

«Det som skal vera mogleg, er å snikre saman eit blad som er relevant for flest mogleg, mesteparten av tida»