-
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10 -
Hallingdans på elefantryggen
fredag 18.05 - 10:23
Lie, Jo Asgeir
Han har dei siste 11 åra turnert i inn- og utland med folkemusikkgruppa Kvarts, bl.a. to turnéar i USA. To gonger har han også fått Spelmannsprisen saman med Kvarts. Han har samarbeida med ei rekkje norske musikere, bl.a. Kringkastingsorkestret (KORK), Jonas Fjeld, Stein Torleif Bjella, Berit Opheim Versto, Sondre Braland, Hemsing-systrene og Birger Mistereggen. I tillegg til folkemusikk beherskar han også ei rekkje andre musikalske sjangrar. Mellom anna spelar han i vise-/jazzgruppa Ekko, saman med Tone Elisabeth Braathen og Steen-Vidar Larsen, Stig Hvalryg og Frøydis Grorud.
Jo Asgeir Lie har også ein omfattande produksjon som komponist og arrangør, og har skrive både teatermusikk, kammermusikk og solostykke. Saman med KVARTS har han vore med å skrive fem tingingsverk, Gneistar (til Den Norske Folkemusikkveka, Ål), Skal, skal ikkje (Rikskonsertane/ Førde Internasjonale Folkemusikkfestival), Messe for tvil (Tvilsdagene, Hamar), Musikalske vossastubbar (Osafestivalen/ Voss Spelemannslag 2007), og Tonar til hjarta (Den Norske Folkemusikkveka/ Jørn Hilme Stemnet 2009).
Etter studia ved Noregs musikkhøgskole, der han m.a. tok hovudfag i folkemusikk, har han arbeidd som rektor i Ål kulturskule. Han har også vore ein del nytta som kurshaldar ved Ole Bull Akademiet, i tillegg til å vere mykje brukt som instruktør og kurshaldar.
CD-utgjevingar
Folkemusikk i symfoni (2009)
Olav Luksengård Mjelva, fele og hardingfele (2009)
Heidersmenn (2009)
Ekte døl (2008)
Steinsprang (2006)
Skal, skal ikkje (2004)
Tonar frå mitt ringe strengespel (2002)
Filigran (2001)
Vossingen (2000)
KVARTS (1999)
Folkedanser frå Finnmark (1998)
Slørblå junikveld (1998)
I svevet (1992)
Cd-utgjevingar som komponist/produsent: Tre Begrædelige Piger: Til deg (2004)
Konsertreferansar:
Rikskonsertane, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Den Norske Folkemusikkveka, Osafestivalen, ei rekkje radio- og Tv-program, International Grüne Woche, Berlin, Folk Alliance Conference, Jacksonwille, Florida Millennium Stage, Kennedy Center, Washington DC









