-
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51 -
Osterøy Spel- og Dansarlag – Eit plateaktuelt og særs aktivt lokallag
fredag 18.05 - 08:10 -
Hallingdans på elefantryggen
fredag 18.05 - 10:23
M. B. Landstad; konsert- og kåseritilbod
M.B. Landstad var ein føregangsmann. Han sto bak dei to viktigaste bøkene på 1800-talet, Landstads salmebok og Norske Folkeviser. Landstad gjennomførde eit svært arbeid ved å redigere, omsetje og skrive salmar til den fyrste norske salmeboka og han gjekk inn for å redde den nasjonale folkeviseskatten ved å samle inn og utgje Norske Folkeviser. 200-årsjubiléet for hans fødsel gjev derfor høve til å rette fokus på eit menneske som har satt vesentleg preg på kulturhistoria vår, og som klarte å knyte folkekulturen saman med det kyrkjelege.
Dei som tolkar desse perlene er telemarkskunstnaren Agnes Buen Garnås (sjå eige oppslag i katalogen), spelemannen Per Anders Buen Garnås (sjå eige oppslag i katalogen) og organist, improvisasjonsmusikar og musikkforskar Sigbjørn Apeland.
I tillegg til konserten tilbyr dei også eit kåseri om M.B. Landstad. Kåseriet er ved Landstad sitt tippoldebarn, Jon M.Landstad. Innfallsvinkelen kan variere alt etter ynskje frå konsertarrangøren.









