Siste nytt > Artikkel

Årsmøtet

Maria Høgetveit Berg vald til leiar

Styreleiar Maria Høgetveit Berg -

Styreleiar Maria Høgetveit Berg - Foto - Eivind Kaasin

Maria Høgetveit Berg frå Ål i Hallingdal vart på årsmøtet sundag vald til den første styreleiaren i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen.

Maria Høgetveit Berg er tidlegare kultursjef i Ål , og har også vore leiar i Noregs mållag. Ho har tidlegare vore aktiv i NFD, og har vore mykje brukt som dommar på Landskappleikar.

Avtroppande leiarar Nils Øyvind Bergset og Åshild Vetrhus i LfS og NFD vart vald til nestleiarar. Med seg i styret har dei Aslak O. Brimi, Sigurd J. Heide, Solbjørg Tveiten og Tor Stallvik. Varamenn er Torunn Raftevold Rue, Marte Frihetsli og Dag Hovde Sture.
 

STYRET:

Maria Høgetveit Berg – styreleiar
Nils Øyvind Bergset – nestleiar
Åshild Vetrhus – nestleiar
Solbjørg Tveiten – styremedlem
Sigurd Johan Heide – styremedlem
(Alle seks valde for eitt år)

Aslak O. Brimi – styremedlem
Tor Stallvik – styremedlem
(båe to er valde for to år)

Torunn Raftevold Rue – 1. vara
Marte Frihetsli – 2. vara
Dag Hovda Sture – 3. vara
(valde for eitt år)

 

VALKOMITÉ:

Trond Ole Haug – for eitt år
Terje Foshaug – for to år
Synnøve S. Bjørset – for tre år


 

  • Kloke ord frå Maria
    Høyrde intervju med henne på nettet. Trur det har gjenge på NRK radio. Kloke ord. Ynskjer ho og dei hine lukke til i arbeidet i det nye styret.


  • Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen i Norge
    Eg sluttar meg til alle dei som stussar på namnet til den nye organisasjonen. Namnet er ikkje berre usedvanleg lite sprekt, men også direkte misvisande. Det finst flust av folkemusikk- og dansorganisasjonar i Noreg, og resultatet av samanslåinga mellom Lfs og Nfd er sanneleg ikkje den einaste.

    Eg er einig i at "folkedans" på ein eller annan måte lyt inn i ordlyden, og meiner det finst fleire alternativ som er vel så bra som det framlagte (vedtekne?). Eg tek meg fridomen til å kaste fram nokre forslag: "Landslaget for folkemusikk og folkedans", "Noregs folkemusikk- og folkedanslag", "Landsorganisasjonen for folkemusikk og folkedans".

    Hovudpoenget er at det lyt finnast eit betre alternativ enn "Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen i Norge", noko eg meiner eg har illustrert med fleire døme. Eg syns det er unødvendig at det er ei brei misnøye over lagstittelen når me på ny skal sameine oss i éin organisasjon.



    • Uklinkende navn
      Gratulerer med ny organisasjon.
      Men jeg må si meg enig med Kjellbjørn i at det må da finnes bedre alternativer til navn. Håper virkelig at dette kun er noe midlertidig!



    • Umusikalsk namn!
      Fyrst: Gratulerer med ny organsisasjon, og ny styreleiar!

      Eg seier meg nig med alle som har stussa på namnet på organisasjonen. Det er rett og slett umusikalsk! Kva med eitt hovudnamn, med ein undertittel, slik f.eks Riksscenen har.

      Og kvifor må ein ha med \"folkedans\" i namnet? Eg har nå aldri reagert på at det ikkje står noko om kveding eller dans i namnet \"Landslaget for Spelemenn\".



      • Einig
        Skrevet av Knut [2009-11-24]
        Einig med deg, Kim André. Og kvifor må det heite organisasjon? Kvifor ikkje lag?

        Namnet er så diffust. Som eit vissent salatblad. Og alle veit jo korleis det smakar?!



  • Topp!
    Skrevet av Håvard Ims [2009-11-23]
    Gratulerer så mye med ny organisasjon.

    Men stusser på navnet "Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen i Norge". Håper det bare er et midlertidig navn. Ikke spesielt sprekt, og også direkte misvisende sett i lys av at den desidert største folkedansorganisasjonen i Norge er Noregs Ungdomslag.



    • Størst?
      Skrevet av Sigurd Heide [2009-11-23]
      På hvilken måte er Noregs Ungdomslag den største?
      I antall dansere, antall danseprosjekt, opplæring på grunnplan, flest lag eller de som setter dagsorden for dansen?
      Bare lurer...

      Håper uansett at det snart settes igang en utredning om folkedansen sin situasjon i Norge, på samme vis som Arnestad-rapporten var det for folkemusikken.



      • NFD vedtekter?
        OMFRAMTMØTE I NFD 21/11-09.

        I 1987 ble NFD stiftet. I intensjonserklæringen står det skrvet. :

        Sakset sitat; "Gammaldansmusikken treng ikkje hegnast særleg om for å bløma. Samstundes er slåttespelet,
        kvedinga og bygdedansen - dei eldste lokale folkemusikk - og dansetradisjonane- mellom dei mest utsette
        kulturformene i Noreg. Enno står denne kulturen sterkt some stader , men den moderne massekulturen trugar
        livsgrunnlaget. Denne kulturen treng no vesentlig auka innsats skal han overleva og bløma ut frå eigen
        kvalitet, særpreg og tradisjon."

        "Difor vil det no bli skipa ein organisasjon utanfor LFS som konkret skal arbeide for å fremja den tradisjonelle
        slåttemusikken, kvedinga og bygdedansen.Denne folkekulturen er rotfest i ein kulturepoke som gav vokster-
        vilkår og bløming. I kraft av sin eigenverdi og kvalitet har denne folkekulturen overlevd og vunne respekt i
        inn- og utland.

        Formål:

        Styret i NFD fremmer nå som flagsak at ”mangfaldet skal styrkjast ”
        Dette må sies å være i strid med NFD sitt primære formål og kvalifisere
        til mistillitserklæring .

        I vedtektene kommer det fram følgende.:

        Vetektsbrigde (vedtektsendring ): Krever 4/5 flertall.

        Oppløsning av laget krever 4/5 flertall ved 2 ordinære årsmøter.

        Om 5 medlemmer vil fortsette laget i henhold til formålet kan ikke laget oppløses.

        Styrets intensjon om sammenslåing av NFD /LFS , med sannsynlig oppløsning
        av laget på sikt, hadde ikke kvalifisert flertall på det ordinære årsmøtet
        i 2009.

        Omframtmøtet 21/11 har ikke gyldig mandat til å inngå sammenslåing av
        NFD og LFS som organisasjoner. Det kreves 4/5 flertall ved to ordinære
        årsmøter til å inngå en slik fusjon, som betinger oppløsning av begge lagene
        ved stifting av en ny organisasjon. Stiftingsmøtet 22/11 er dermed ugyldiig etter normal
        organisasjonspraksis.

        Det er bevilget offentlige øremerkede midler på kr.500.000,- til sammenslåiing av lagene.
        Pr. definisjon er en sammenslåing en fusjon hvor partene oppløser egne organisasjoner
        for å inngå i en felles organisasjon med nytt formål og nye vedtekter.
        Derfor lar det seg ikke gjøre å gjennomføre en sammenslåing ifølge vedtektenes § 9.
        om 5 medlemmer motsetter seg sammenslåing med påfølgnde oppløsning av NFD,og de vil
        fortsette laget i henhold til formålet.

        ---------------------------------------------------------------------------------------------------
        Ragnar Nordgreen sier det slik:

        "Eg minner NFD-leiinga om noko det synest uråd å få dykk til å seia eitt ord
        om – at ihopslåing av NFD og LfS, også om det skjer i fleire etappar – er
        einstydande med nedlegging av NFD. Nedlegging av laget må sjølvsagt skje i
        samsvar med dei krava vedtektene set. I og med at vedtektene krev vedtak i
        to påfylgjande vanlege årsmøte, kan eit omframt årsmøte som det som no skal
        haldast i Drammen ikkje gå inn som eitt av dei to obligatoriske årsmøta."

        Den moderne massekulturen.

        Den nye genersjon som nå sitter i som tilitsvatillitsvalgte i styret i NFD, later til ikke å ha forstått
        hva deres oppgave primært består i. Nemlig å arbeide for det formål som laget har, og å sørge
        for at vedtektene blir fulgt. Det er ikke vanlig folkeskikk å melde seg inn i et lag for at det skal nedlegges
        Det er tydelig at styret har arbeidet for å knytte NFD til den eksisterende moderne kommersielle
        massekultur som dominerer innenfor det utvidete folkemusikkbegrep i vår tid. Det tjener trolig
        deres egne interesse med henblikk på å oppnå en lønnet stilling innen et framitidig offentlig kultur-
        byråkrti.

        For de som vil arbeide for vern og vidfereføring av vår nasjonale kulturarv rundt hardingfela og slåttespelet
        i ubrudt levende lokal tradisjon, er ikke ett slikt framtidig utvidet miljø et sted hvor vil finne respekt og forståelse.

        Den enkleste løsning var om disse som arbeider for denne sammenslåingen, melder seg ut av NFD
        og melder eg inn i LFS og den nye organisasjonen. Vi som stiftet NFD i 1987 ønsker å ha laget som
        det var.
        .



      • Utredning om folkedansen
        Skrevet av Kamilla Danielsen [2009-11-25]
        Helt enig med Sigurd at det er på tide folkedansen også får sin utredning!


      • Samarbeid
        Skrevet av Håvard Ims [2009-11-25]
        Hei Sigurd. Noregs Ungdomslag har 16.000 medl og ca 10.000 av dei er dansarar i ein eller annan form. Men det var ikkje poenget mitt.
        Eg syns bare at det nye namnet tilsa at det bare fantes ein folkedansorganisasjon i Noreg. Og det håpar eg ikkje er meiniga at ein skal tru. NU og den nye folkemusikk/dans organisasjonen har to heilt ulike profilar og kompetanse på ulike felt. Eg syns dei komplimenterar kvarandre godt.
        Betre samordning og utgreiing av folkedansfeltet vil nok alltid vera positivt. Men eg trur ofte det dreier seg mest om vilje i organisasjonane sjølv...
        Eg vonar denne nye organisasjonen og NU kan vidareutvikla det samarbeidet som alt finns og at ein kan gjera kverandre sterkare gjennom det. Derfor er eg medlem i begge organisasjonane. Slik som NFD og Lfs har lik historie, så har Lfs og NU også lik historie - bare litt lengre tilbake i tid.



    • FOFN?
      Skrevet av Tuva Livsdatter Syvertsen [2009-11-23]
      "Folkemusikk og Folkedansorganisasjonen i Norge"
      Det klinger omtrent like bra som en langeleik med to strenger.Men jeg sier ikke at dette med navn er enkelt!



  • Gratulerer
    Skrevet av Anonym [2009-11-22]
    Gratulerer med ny organisasjon! Dette blir spennende!


  • Landslaget
    Skrevet av Anonym [2009-11-25]
    Trasig å miste omgrepet "Landslaget". Det er så godt innarbeidd - voner det kan kome opp eit godt alternativ til den lange og ubrukelege tittelen som vert brukt nå. For den er rett og slett ikkje brukandes!
    Voner og at den nye leiaren evnar å samle dei to tidlegare sidene - sjølv om eg må seie meg skeptisk...



  • Namn
    Skrevet av anonym [2009-11-26]
    Det å nytte nemninga "Landslaget" kan for enkelte utan for miljøet dra assosiasjonar til f.eks. Landslaget i forball, altså dei beste. Trur landsorganisasjonen er meir dekkjande. Og ordet folk bør vera med for å fortelja kva sjanger det dreiar seg om. Jfr. platecover der du tilslutt må spela plata for å finne ut kva musikk som er på.



(16) | Tips en venn | Skriv ut |