10 nye felespelarar startar i desse dagar opp med speletimar i Granvin Bygdetun med meisteren Knut Hamre på hardingfele.

– Endeleg er me i gang igjen, fortel prosjektleiar Frank Rolland.

– Etter det vellukka opplegget i fjor der 10 hardingfelespelarar fekk plass på historias fyrste Master Class Hardanger er me glade for å kunne starta oppatt denne hausten òg, fortel Frank Rolland som er ansvarleg for gjennomføringa av programmet.

I Master Class-studiet får studentane enkelttimar med spelemannen og pedagogen Knut Hamre. I tillegg vert det samlingar med andre lærarkrefter som Åse Teigland, Arne Jordan, Frank Rolland  og Knut Buen på Utne.

Det er andre gong Hardanger og Voss museum gjennomfører undervisningsopplegget. I fjor hadde studiet ei avgrensing til å ta opp søkarar frå Hordaland fylke. I år er det opna for søkarar frå heile landet. Arrangørane fortel at det også er ein Internasjonal Master Class under planlegging.

Unge og vaksne

Kriteria for å vera med er at ein er hardingfelespelar på 16 år eller meir. Programmet er også eit tilbod til vaksne som ynskjer påfyll og inspirasjon som utøvarar. Utveljing av deltakarar skjer etter at dei har sendt inn slåttar på lydspor.

– Inntil ti heldige utvalde får tilbod om ti individuelle enkelttimar med hovudlærar Knut Hamre, i tillegg til deltaking på to inspirerande helgesamlingar der det vert konsertar, føredrag og workshop, fortel Rolland.

Spelemann Knut Hamre frå Granvin er det pedagogiske midtpunktet i opplegget. Enkeltundervisinga med Knut Hamre går føre seg i Kjerlandsstova i Granvin bygdetun, og tek til i desse dagar. Heile opplegget, inkludert helgesamlingane, er fordelt på tre bolkar i løpet av september, oktober og november. I enden av programmet vil det verta ein storslått avslutningskonsert i Trudvang, Granvin.

Master Class Hardanger

  • Undervisningsopplegg som starta opp hausten 2013. Opplegget er for alle som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupe seg meir i spelet og tradisjonen.
  • Kriteria for å vera med er at ein er hardingfelespelar på 16 år eller meir. Utveljing av deltakarar basert på innsendte slåttar på lydspor.
  • Master Class Hardanger er no opent for felespelarar i heile landet. 10 felespelarar får tilbod om å delta i undervisninga.
  • Spelemannen Knut Hamre er det pedagogiske midtpunktet.

> SJÅ HEIMESIDENE