folkemusikk__logo_sort

Bladet Folkemusikk

Bladet Folkemusikk er landets største fagtidsskrift for folkemusikk og -dans. Bladet er eigd av FolkOrg, men er frittståande med eigen, uavhengig redaktør. Bladet kjem ut 5 gonger i året.
nrk

NRK

NRK P2 har eit breitt folkemusikktilbod: Folkemusikktimen er landets eldste radioprogram og sjølve flaggskipet i presentasjon av folkemusikk i radio. Kvar sundag kl. 18.03-19.00, reprise tysdag 20.30 NRK Folkemusikk. Internettradio som sender døgnet rundt, og sendes også på DAB fra kl. 20.00 til 09.00 dagen etter, og 24 timer på parabol og i det digitale bakkenettet. Jungeltelegrafen Onsdag og laurdag kl. 14.03 Transit Torsdag 23.30 og sundag kl. 13.03.
untitled

Norsk folkemusikklags skriftserie

Norsk folkemusikklags skriftserie formidlar og set fokus på forskning på norsk tradisjonsmusikk og –dans. Serien blir gjeven ut kvart år, og tel til saman 22 utgjevingar. Norsk folkemusikklags skrifter
Aarbok_for_norsk_folkemusikk_2009__forside

Årbok for norsk folkemusikk

Årbok for norsk folkemusikk er ei årleg artikkelsamling som går grundig inn i den genuine norske folkemusikken: Utøvarane, instrumenta og deira makarar, tradisjon og kultur, pluss ein fyldig oppslagsdel med adresser, diskografi og bibliografi for kvart år. Norsk Folkemusikk- og Danselag gir ut boka.