Medlemsfordelar

Medlemsfordelar i FolkOrg



 

Forsikring: FolkOrg har ei gunstig avtale med IF skadeforsikring, der medlemmer kan forsikre instrument og bunadar. Les meir om forsikringsordninga her

Ole Bull-akademiet:
Gjev medlemmer i FolkOrg 10% rabatt på kjøp av strenger
   
Nordic Strings:
Alle medlemmer i FolkOrg får 15% rabatt på alle varer i nettbutikken til Nordic Strings. http://www.nordic-strings.no/
   


Folkemusikksenteret i Buskerud
Alle medlemmer i FolkOrg får 10% avslag på CD-ar og 16% avslag på anna rekvisita i nettbutikken  www.folkemusikksenteret.no
   


Etnisk musikklubb
Alle medlemmer i FolkOrg får 10 % rabatt på kjøp av CD-ar. (Gjeld ikkje allereie rabatterte plater) Alle medlemslag får 25 % rabatt ved kjøp av minimum 25 stk av ei utgjeving til premiar o.l. Alle medlemslag får 40% rabatt ved kjøp av fleire plater av ein tittel gjeve ut av Etnisk musikklubb. FolkOrg og medlemslag får 30% rabatt på annonse i medlemsbladet til Etnisk musikklubb "Toner på tvers", og rabatt på innstikk.
www.etniskmusikklubb.no
   
  Tono: FolkOrg har ei avtale med Tono om framføring av tradisjonsmusikk. Tono-avgifta blir betalt av FolkOrg ein gong i året, og medlemslag i FolkOrg treng difor ikkje betale TONO-avgift for arrangementa sine. Tono-skjema skal likevel sendast inn.    
 
Landskappleiken
Noregs største folkemusikkfestival blir kvart år arrangert av FolkOrg og ein lokal arrangør i slutten av juni på ulike plassar i landet. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettar, og du får delta i konkurransane.
   

 


Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Noregs største festival for gammaldansmusikk blir arrangert kvart år av FolkOrg og ein lokal arrangør i midten av juli. Som medlem i FolkOrg får du rabatt på billettane.
   
 
Rådgjeving:

FolkOrg gjev råd og veiledning om konkrete søknadar og generell informasjon om dei ulike ordningane både til lokallag og enkeltmedlemmer.
   
 

 

 
 
Folkemusikk.no
Folkemusikk.no er nettsidene til FolkOrg. Her finn du du aktualitetar på folkemusikkfeltet, informasjon om stønadsordningar, søknadsskjema, terminliste, nyhendeklipp, oversikt over søknadsfristar m.m. FolkOrg har også avtale med datafirma som gjev lag og medlemmer billege nettsider.
   
 


Bladet Folkemusikk

FolkOrg eig bladet Folkemusikk, eit frittståande tidsskrift for heile folkemusikk-Noreg.
Medlemslag får 25% rabatt på annonsar. Medlemmer får årsabonnement for kr. 310,- (normal pris 360,-)

   
 
Frifond
:
Etter nærare definerte kriterier kan lokallag i FolkOrg få tildelt Frifond-midlar.
   
 
Stønad til rekruttering

 FolkOrg delar kvart år ut pengar til rekrutteringsarbeid og andre viktige tiltak for folkemusikken. Pengane kjem frå drifta av FolkOrg
   
 
Administrative støttefunksjonar
FolkOrg gjev støttefunksjonar til medlemslaga, slik som medlemsregister med fleksibel utkøyring av medlemslister, kontingentinnkrevjing, moglegheit for eigne nettsider og vi gjev støtte og råd i kulturpolitiske spørsmål. Vi har også ein oppdatert aktivitetskalendar på folkemusikk.no
   
 
Vaksenopplæringsmidlar
FolkOrg er tilslutta Musikkens studieforbund. Alle medlemslag kan søkje om vaksenopplæringsmidlar her.
   

 


| Tips en venn | Skriv ut |