Hjem > Verktøykasse > Lokallag > Artikkel

KONTINGENT

Medlemsgiroane er sendt ut

Medlemsgiro

Organisasjonen arbeider med å få på plass eit nytt medlemssystem, difor har medlemsgiroen i år kome seinare enn vanleg. Då ein må vere medlem i FolkOrg for å delta på Landskappleiken og Landsfestivalen er det viktig at kontingent er betalt før ein skal delta. Me oppmodar difor alle lokallag om oppmode medlemmene til å betale kontingenten før desse arrangementa.

Etter konverteringa til det nye systemet kan det ha vorte nokre feil i opplysningane på medlemmane. Om det vert oppdaga feil på medlemsgiroen – meld i frå til jorun@folkemusikk.no tlf: 22 00 56 22

OPPMODING OM Å MELDE INN KONTAKTINFORMASJON!

I samband med etablering av nytt medlemssystem  ønskjer me å oppdatere kontaktinformasjonen på kvart medlem. I medlemsgiroen til alle medlemane vert alle oppmoda om gje melding om oppdaterte opplysningar:

Dei som er knytt opp til eit lokallag
Desse melder inn e-postadresse, mobil.nr, fødselsdato og fødselsår til kontaktpersonen i laget dei er knytt til.
 
Dei som er  direktemedlem i FolkOrg?
Desse melder inn e-postadresse, mobil-tlf, fødselsdato og fødselsår til jorun@folkemusikk.no. 

 

Informasjon om det nye medlemssystemet kjem i lagssendinga neste veke.


| Tips en venn | Skriv ut |